Nær folk i heile Gjesdal
Gjesdal skal vere ein stad der det er godt å leve, bu og arbeide. Kvart menneske er unikt og uerstatteleg, og menneskeverdet er ukrenkeleg og overordna andre verdiar. Vi tek heile Gjesdal i bruk!
Senterpartiet vil byggja samfunnet nedanfrå. Me vil arbeida for eit samfunn der menneske kan utvikla seg fritt. Samfunnskontrakta skal oppfyllast av myndige menneske som tar ansvar for eige liv, for fellesskapet og for naturen. Senterpartiets verdigrunnlag er den kristne og humanistiske kulturarven. Kvart menneske er unikt og uerstatteleg, og menneskeverdet er ukrenkeleg og overordna andre verdiar.
Senterpartiet meiner at respekten for menneskeverdet og det einskilde mennesket sin rett til å ikkje verta krenka, må være grunnleggjande for alt politisk arbeid. For Senterpartiet er kort avstand til dei som fattar avgjerslene, openheit om dei slutningane som blir tekne og nærheit til dei tenestene ein skal tilby innbyggjarane, grunnleggande for at samfunnet skal fungere på ein god måte.
Gjesdal Senterparti meiner at det er kort avstand frå innbyggar til politikar i Gjesdal. Det er ein verdi det er viktig å ta vare på.
Gjesdal kommune gir tenester med gjennomgåande høg kvalitet. Gjesdal Senterparti vil utvikle dei kommunale tenestene i Gjesdal i takt med dei behova som oppstår i kommunen. Gjesdal kommune strekk seg langt - både for lokalsamfunnet, innbyggjarane og dei tilsette.
Menneskeskapte klimaendringar skapar allereie store utfordringar på ulike samfunnsområde. Utfordringane vil høgst sannsynleg bli større i tida som kjem. Klimaendringane er summen av mange einskildhandlingar som blir gjort lokalt, og derfor vil også handlingar me gjer lokalt bidra til å bremsa klimaendringane. Gjesdal Sp meiner at alle må ta eit ansvar for å bidra til redusera utsleppa av gassane som påverkar klimaet. Gjesdal Sp meiner og at samfunnet, offentleg og privat, gjennom si planlegging må ta høgde for konsekvensane av eit endra klima. Dette har me løfta i inneverande periode ved å få nye innkjøpsreglar for kommunen der ein legg meir vekt på klima og kortreiste varar.
Gjesdal Senterparti vil:
- ha ein framtidsretta, miljøvennleg energiproduksjon.
- ha levande bygder og grøne tettstader med gode nærmiljø og varierte fritidstilbod.
- at Gjesdal kommune skal etablera fleire ladepunkt for elbil i heile kommunen.
- støtta landbruket og framheva beitedyr sin positive innverknad på landskapet.
- greia ut mogleikane for å byggja biogassanlegg.
- vera restriktive til både nye og utvida vindkraftsøknadar.
- vil vera positive til etablering og oppgradering av kraftproduksjon på velegna areal
- støtta opp om tiltak som kan redusera forbruk i alle former
Gjesdal Senterparti meiner det er viktig at medlemmane av kommunestyret er bevisst rolla si som arbeidsgjevar. I den rolla er kontakten med fagorganisasjonane viktig. Utviklingsarbeid som skjer i takt med fagorganisasjonar og tilsette har best sjanse for å lukkast.
Gjesdal kommune ønskjer å satsa på å utvikla ein heiltidskultur. Det skal forbetre kvaliteten for den einskilde brukaren og skape ein meir framtidsretta og effektiv organisasjon. Men det vil også føre til at ein legg til rette for eit godt arbeidsmiljø og til at den einskilde tilsette får avklarte rammer å forhalda seg til.
Rekruttering av arbeidstakarar med relevant kunnskap er viktig for at Gjesdal kommune skal løysa oppgåvene sine på best mogleg vis. Ei godt fungerande lærlingordning er sentral for å rekruttera framtidige dyktige tilsette til Gjesdal kommune. Gjesdal SP vil prioritere eit framleis høgt inntak av lærlingar i Gjesdal kommune.
Gjesdal Senterparti vil:
- sørga for arbeidstilbod til personar med nedsett funksjonsevne, gjennom prosjektet «Helt med».
- auka grunnbemanninga for å redusera utgifter til sjukefråvær.
- at Gjesdal kommune skal ta imot fleire lærlingar, spesielt frå helsefaget.
- jobba for å redusera uønska deltid gjennom fleire heiltidsstillingar.
- Ikkje gjennomføra privatisering av kommunale tenester.
- gjennomføra tiltak som gjer at arbeidstakarane vel å forsetta i jobb framfor å ta ut AFP.
Senterpartiet ser på familien som grunnsteinen i samfunnet. Senterpartiet meiner ein sterk fellesskule er viktig. I eit stadig meir mangfaldig samfunn er gode, felles møtearenaar viktige, og grunnskulen er kanskje den viktigaste møteplassen.
Barn og unge har rett på ein trygg kvardag - fri for mobbing og vald. Trivsel og tryggleik er grunnleggjande føresetnader for læring. Senterpartiet vil arbeida hardt for å nedkjempa mobbing. Målet er at alle elevar skal trivast i skulen så dei kan utnytta potensialet sitt for læring og utvikling. Eit framtidsretta samfunn er tidleg ute og gir barna innsikt i samfunns- og arbeidsliv. Gjesdal kommune har tidleg innsats og førebyggjande arbeid blant barn og unge som satsingsområde.
Gjesdal Senterparti vil:
- ha fokus på dei første1000 dagane i barnet sitt liv
- styrka ressursane til tidleg innsats i både barnehage og skule
- ha variert barnehagetilbod med store og små barnehagar, og fleksibelt opptak.
- at bemanningsnorma i barnehagar skal gjelda heile dagen
- styrka kvaliteten i skulen, m.a. ved hjelp av fleire lærarar og fagfolk.
- at lærarnormene skal gjelda på klassenivå
- ha utvida samarbeid mellom skule og næringsliv, for meir opplæring i praktiske fag.
- ha god integrering og organisering av tilbodet til framandspråklege elevar
- auka grunnbemanninga for å redusera utgifter til sjukefråvær
- at det blir utarbeida godt regelverk for mobilbruk i skulen
- ha fokus på rehabilitering og ombygging av Dirdal skule.
- ha trygge skulevegar i heile kommunen. Bru over kanalen frå Ålgård skole til Ålgård Bedehus
- ta med innspel frå Ungdomsrådet og Barn og unge sitt kommunestyre i planlegging av kommunen sine aktivitetar
- vera positive til å etablera vidaregåande skule i kommunen
Landbruk, industri og anna næringsliv er sjølve livsgrunnlaget for våre lokalsamfunn. Gjesdal har fleire attraktive næringsområde. Næringslivet i Gjesdal er variert, men felles er at det er langt framme i innovasjon og teknologi, både i landbruket og anna næringsliv. Mange av desse har kome seg så langt ved hjelp av kommunal støtte, og det er viktig for ein kommune å ha jamn kontakt med næringslivet.
Gjesdal Senterparti vil:
- ha utbygging av allsidig næring, og styrka det eksisterande næringslivet i heile kommunen.
- vidareutvikla lokale reiselivsprodukt og lokal matproduksjon.
- ha sterkare vern av matjord, med mål om null-visjon
- tilbakeføring av landbruksareal i planprosessar
- seia nei til sundagsope butikkar.
- Støtta etablering av bubil-parkering i kommunen
Gode helse- og omsorg-tenester er viktige berebjelkar i det gode lokalsamfunnet. Gjesdal Senterparti set livskvalitet og menneskeverd i høgsete.
Psykisk helse er noko alle har og er påverka av. Halvparten av Noregs befolkning vil i løpet av livet koma til å slita med psykiske plager. Dette rammer først og fremst den det gjeld, men også dei pårørande og samfunnet elles. Helsesjukepleiartilbodet er viktig her og må styrkast i kommunen, og aller helst bør alle elevar få tilbod om ein samtale slik at terskelen for å spørja om hjelp vert senka.
Gjesdal Senterparti vil:
- ha fleire sjukeheimsplassar og omsorgsbustader med stor fleksibilitet.
- at det nye ÅBOAS-kvartalet vil ha eit mangfald av tenester, inkl. kjøkken på sjukeheimen.
- styrka tilbodet til dei sjukaste eldre i bygdene, og bygge opp under satsinga på heimebaserte tenester.
- Styrke tilbodet for personar med demens.
- Innføra gode ordningar for avlasting til dei som har hovudomsorg for pleietrengjande heime, slik at pårørande får den støtta dei treng.
- styrka det førebyggande helsearbeidet, m.a. med eit godt friluftstilbod.
- ha vidare satsing på diakon og frivillig innsats.
- oppretthalde helsesjukepleie-tilbodet på barne- og ungdomsskulane.
- styrka den kommunale jordmortenesta.
- styrka arbeidet med psykisk helse i kommunen.
- auka tilbodet om rehabilitering med fysioterapi og ergoterapi.
- auka grunnbemanninga for å redusera utgifter til sjukefråvær.
- ta imot fleire lærlingar frå helsefaget.
- Utvida samarbeidet med Jæren øyeblikkelig hjelp og dei nye helsefellesskapa
- Styrka sansehagen ved ÅBOAS
Gjesdal Senterparti ynskjer lys i stovene rundt om i heile kommunen. Det er viktig for trivsel og helse at det er naboar rundt som ser ein.
Kommunen skal vera ein aktiv bustadbyggjar og tilby attraktive og rimelege alternativ for fyrste- og sistegong-etablerarar, og dei som elles slit med å komma seg inn på marknaden.
Gjesdal Senterparti vil:
- etablera varierte kommunale tomter på uproduktivt areal
- Stimulera til variable bustader i heile kommunen
- leggja til rette for areal til tomter i Oltedal og Dirdal/Gilja
- fortsatt ha ei fleksibel ordning for startlån
Store vegprosjekt er på gang gjennom Gjesdal. E39 Hove-Skurve og tverrsambandet mot Jæren er dei viktigaste. Desse er viktige for Gjesdal, men har blitt forsinka på grunn av lang planlegging og usikkerheit rundt finansieringa. Her må ein få fortgong. E39 sørover frå Skurve er under planlegging, men dette prosjektet har stoppa opp i departementa.
Gjesdal Senterparti vil:
- ha trygge skulevegar i heile kommunen
- ha fullt trykk på arbeidet med utbetring av E39 Hove – Skurve
- komma rask i gang med tverrsamband mot Jæren
- ha betre kollektivtilbod i heile kommunen og heile Gjesdal inn i sone Nord-Jæren
- arbeida for å få skyttelbuss i alle store byggefelt
- auka tilskotet til private vegar, og betra vedlikehaldet av dei kommunale vegane
- ha 100 % mobil- og breibanddekning i heile kommunen
- gang- og sykkelsti langs Sikvalandsvegen frå E39 til Skurvelia
- arbeida for kollektivtilbod til Øksnevadporten og Øksnevad vidaregåande skule frå Ålgård
- arbeida for bru frå sykkelstien over E39 inn til fylkesveg 450 Hunnedalsvegen for å sikra trygg overgang for syklistar
Ved nyttår 2020 flytta kulturskulen inn i nye, flotte lokale i Veveriet. Dette var eit viktig tiltak som Senterpartiet stod bak i sist periode. Her er det og plass til ungdomskafé, storsal og mykje anna. Dette vert eit godt supplement til biblioteket, som er ein av dei viktigaste arenaene i ein kommune, både som møteplass og institusjon. Kulturskolen er viktig for det totale tilbodet for barn og unge, men det er og viktig for meistring, glede og fellesskap for den einskilde. Gjesdal kulturskole står sterkt etter 50 år, og Gjesdal Senterparti vil fortsette styrkinga.
Idretten har ein veldig viktig rolle i kommunen, og bidreg til både fysisk aktivitet og samhald. Senterpartiet er stolt av å levera på løfte om ny idrettshall og fotballhall som nå står ferdig i Gjesdal Idrettspark. Dette gjelder og ny fleirbrukshall i Oltedal som har nyleg har starta bygging. Dette vil vera positivt for både bredde- og toppidretten i kommunen. Gjennom samarbeidet med Gjesdal Idrettsråd har kommunen kome i gong med Folkepulsen, og me håpar at dette kan bidra til at fleire grupper, og spesielt inaktive, kjem i aktivitet.
Gjesdal Senterparti vil:
- styrka ungdomstilbod i heile kommunen, med tiltak der ungdommen sjølv har eigarskapet og ideane.
- ha gode vilkår for frivillig lagsarbeid.
- starta arbeidet med ein ny, sentrumsnær symjehall.
- ha eit mangfaldig fritidstilbod og kulturtilbod for innbyggjarar i alle aldersgrupper.
- arbeide for et godt helgetilbod for ungdom
- innskrenka bruken av fyrverkeri gjennom året.
- utvikla Hammaren som eit sentrumsnært turområde på Ålgård
Stadig fleire er uroa for beredskapen i Noreg etter at det vart krig i Europa.
Med Senterpartiet i regjering har heimevernet blitt styrka, og fokus på matproduksjon er styrka.
Når naudetatane har fått svekka si lokale forankring og skal dekka større område, kjenner mange seg usikre på om dei vil får hjelp og bistand i tide dersom ulykker skjer og dei treng blålystenester.
Gjesdal Senterparti vil:
- ha flaumsikring i heile kommunen.
- ha fokus på rassikring
- gjera det lettare å dyrka mat der det er mogleg, også i urbane område
- styrke beredskapsplanen for skog- og lyngbrann
- arbeide for heiltids bemanning på dagtid på Ålgård brannstasjon
- auke politipatruljar i området
- ha fokus på og styrka sivil beredskap
Gjesdal Senterparti er imot tvangssamanslåing av kommunar.
- Gjesdal kommune skal også i framtida styrast frå Ålgård.
- Eventuelle samanslåingar må skje etter fleirtal i folkeavstemming.
Fylkestingprogram for Rogaland Senterparti 2023-2027, der vidaregåande skular, fylkesvegar og regional utvikling er viktige tema:
Senterpartiet sitt program for 2021-2025, som inneheld partiet sitt verdigrunnlag og vår overordna politikk:
Prinsipp- og handlingsprogram 2021-2024 nynorsk nett.pdf (senterpartiet.no)
Anna vedteke politikk, som uttalar frå landsmøte og fylkesårsmøte:https://www.senterpartiet.no/politikk/vedtatt-politikk