Meny

Årsmøtet vert halde i kantina på kommunehuset 01. februar kl 1900

Styret syner til innkalling til årsmøte sendt ut på SMS eller mail og legg ved dette fram årsmelding og rekneskap for laget.
Det er pr dags dato ikkje kome inn nokre saker til handsaming i årsmøte.

Sakliste:
1: Godkjenning av innkalling og sakliste

2: Val av møteleiar

3: Val av referent og to til å skriva under protokollen

4: Val av teljekorps

5: Årsmelding

6: Rekneskap

7: Val:
Leiar
To styremedlemmer
Tre varamedlemmer i nummerorden
Utsendingar til fylkesårsmøte 18.-19. februar i Stavanger, tre utsendingar.
Revisor
Eit medlem til valnemda

8: Godtgjersle til tillitsvalde

9: Innkomne saker; ingen

Arbeidsplan for 2022

Matservering

-----------------------------------------------------------------------

Årsmelding Hjelmeland SP 2022

Styret har i meldingsåret vore:
Leiar og kasserar  Per Inge Egeland*             
Nestleiar  Dagfinn Svadberg Hatløy* 
Sekretær  Margrete Tytlandsvik  
Styremedlem  Svein Carlos Nilsen Gjil*
1. vara Arne Kleppa*
2. vara Anne-Tove Gundersen*
3. vara Sonja Laugaland*

Revisor  Endre Gjil*

Valnemnd  Tårn Sigve Schmidt*, Solfrid Kleppa og Øystein Valheim

Dei som er merka med * er på val i 2023

Aktivitetar i laget i 2021:

Laget har pr. d.d. 50 innmelde medlemmer.

Det har vore 3 styremøte samt ein del på messenger og telefon. Årsmøte vart halde i kantina på kommunehuset og der var det 13 frammøtte. Me hadde med oss Geir Pollestad på teams.

Me var representerte med fulltallig tropp på fylkesårsmøte i hHaugesund i mars.   

Medlemstur til Helgøy i juni og der fekk me omvisning på øya, den siste der dei framleis ikkje hadde fastlandsforbinding.

I haust byrja me på arbeidet med årets valkamp. Det har til dags dato vore tregt å få med folk på lista, men reknar med at lista skal vere komplett før nominasjonsmøte den 23 februar. Arbeid med programmet er og godt i gong.

Slutten av året vart ein trist seanse då vår kjære og hardt arbeidande medlem, ordførar og mangeårig kommunestyrerepresentant Bjørn Laugaland gjekk bort. Ingen er umistelege vert det sagt, men holet og saknet etter Bjørn vil stå i lang tid framover. Me lyser fred over Bjørn sitt minne.

Helsing styret i Hjelmeland SP

--------------------------------------------------------------------------------------

Innstilling frå valnemda:

Leiar: Dagfinn Hatløy Svadberg for eit år (skal vere normalt for to år, veljes i året før valåra)

Nest leiar og nytt styremedlem for to år:  Kristin Kostøl Helgaland

Styremedlem for to år:  Svein C. N.Gjil 

1 vara  (Vara veljes for eit år):  Timothy Laugaland 

2 vara  :    Anne Tove G. Ingvaldstad

3 vara  :                                                                     Sonja Laugaland


Rekneskap 2022