Meny

Årsmøte 2022

Publisert: 21 01 2022

Årsmøte i Hjelmeland Sp, i kantina på Kommunehuset, 27. januar 2022 kl. 19.30.

Innkalling. Årsmøte i Hjelmeland SP

Styret vil med dette kalla alle medlemmer inn til årsmøte i Hjelmeland SP i kantina på Kommunehuset 27. januar 2022 kl 1930

Saker som skal handsamast i årsmøte må sendast styret ved leiar innan 24. januar.

Sakliste:
1: Godkjenning av innkalling og sakliste
2: Val av møteleiar
3: Val av referent og to til å skriva under protokollen
4: Val av teljekorps
4: Årsmelding
5: Rekneskap
6: Val:
     Leiar
     Eit styremedlem
     Tre varamedlemmer i nummerorden
     Utsendingar til fylkesårsmøte 12-13 mars i Haugesund, tre utsendingar.
     Revisor
     Eit/ to medlemmer til valnemda
7: Val av nominasjonskomite kommune- og fylkestingsval.
8: Innkomne saker
    -Oppretta turkomite for medlemstur i juni
    -Arbeidsplan for 2022

Smaken av Ryfylke servere middag til oss så me ynskjer ei melding om at du kjem på tlf 90940307 (Per Inge)

Årsmelding Hjelmeland SP 2021
Styret har i meldingsåret vore:
Leiar og kasserar        Per Inge Egeland*               
Nestleiar                     Dagfinn Svadberg Hatløy     
Sekretær                     Margrete Tytlandsvik*         
Styremedlem              Svein Carlos Nilsen Gjil
1. vara                         Arne Kleppa*
2. vara                         Anne-Tove Gundersen*
3. vara                        Sonja Laugaland*
Revisor                       Endre Gjil
Valnemnd                   Tårn Sigve Schmidt og Joar Hauge*
Dei som er merka med * er på val i 2022

Aktivitetar i laget i 2021:
Laget har pr. d.d. 53 innmelde medlemmer.
Det har vore 3 styremøte samt ein del på messenger og telefon. Årsmøte vart halde i kantina på kommunehuset og der var det 5 frammøtte. Årsmøte var og på teams der nokre medlemmer var kobla på. Morten Helliesen hadde innleg om SoMe.
Medlemstur til Joar Hauge og Ryfylke gardsysteri.
Styret har vore valkampkomite for Stortingsvalet i haust. Det vart arrangert valkampstand på Hjelmeland, Fister og Årdal.
Me har delteke på nokre teamsmøter der fylkes- og stortingsmedlemmer har informert om ulike saker. Laget var og vertskap for eit fylkesstyremøte i haust. Der var det tynt frammøte, men bra informasjon til oss som var der.
Fylkesårsmøtet var digitalt.

Melding frå kommunestyregruppa
Trass i at korona også i 2021 har medført eit litt annleis år enn kva som er normalen, har vi etter forholda hatt eit godt politisk år, med eit godt samarbeid med våre samarbeidsparti SV og MDG. Vi er samde om ei felles retning for kommunen og har ein god tone oss imellom.

Rekneskapen for 2020 viste eit positivt netto driftsresultat på kr 28 mill. Ca fem mill av desse sette vi av til eit vedlikehaldsfond for kommunale bygg, i tillegg til at vi også øyremerkte midlar til fiberutbygging og til ungdomsrådet. Etter fem/seks år med positivt driftsresultat kan vi skryte på oss stødig leiarskap både politisk og sjølvsagt også frå administrasjonen si side. Dette gir oss det handlingsrommet vi treng for å kunne føre god politikk vidare for innbyggjarane våre.

Elles har vi handsama detaljreguleringsplanar for fleire bustadfelt, vi har innført kaileige på kommunale kaier, vedtatt handlingsplan mot vald i nære relasjonar, inngått ny avtale med Helse Stavanger om vidare drift av felles ambulansebåt og fått på plass tilstandsrapportar på kommunale bygg. For å nemne nokre saker.

Av dei større sakene vi jobbar med for tida så er planlegging av ny ungdomsskule øverst på lista. Formannskapet har her vore på to synfaringar og sett på til saman sju ulike skular rundt om i fylket. Vi har her fått gode innspel på kva som er lurt å tenke på i dette arbeidet. Det skal også byggjast nytt basseng i samband med ungdomsskulen. Per i dag er det sett av pengar til prosjektering, men endeleg vedtak om bygging vil kome på eit seinare tidspunkt.

Så fekk vi i budsjetthandsaminga for 2022 kryssa av fleire punkt ifrå programmet vårt. Til dømes sette vi av reisepengar til skulane slik at dei får høve til å nytta ein større del av kommunen som læringsarena. Den saka som likevel fekk størst fart i media var saka om gratis barnehage. Dette er resultatet av ein lenger prosess der vi har latt vere å sette opp gebyra på barnehage i fleire år. No såg vi i handlingsplanen at der er rom for dette grepet dei komande fire åra, og meinte då at det var på tide å fjerne gebyret. Med synkande barnetal og truslar om å måtte nedbemanne innan oppvekst meiner vi at dette er eit naudsynt grep. Så må det også nemnast at tilstandsrapporten frå barnehagane viser at foreldra er godt nøgde med barnehagane i kommunen. I tillegg ligg vi over nasjonale bemanningsnormar. Med det utgangspunktet meiner vi at dette tiltaket ikkje på noko vis er feil bruk av midlar.

Vi har også sett av store summar innan helse og omsorg, med t.d ei ekstra legestilling. Heile budsjettframlegget for 2022 var ei brei semje mellom oss tre partia, der alle følte at dei fekk sett sitt preg på det ferdige resultatet. Med andre ord eit godt utgangspunkt for vidare samarbeid i resten av perioden.

-For kommunestyregruppa, Anita H. Riskedal

Arbeidsplan 2022, forslag:

  • Mars, fylkesårsmøte
  • Mai, styremøte
  • Juni, medlemstur
  • August, styremøte
  • November, styremøte og nominasjonsmøte fylkestinget