Meny
20240923_190139

Haustsamling Ryfylke på Hjelmeland

Ein god gjeng på om lag 20 stk var måndag kveld 23. september samla til haustmøte for Ryfylke. Senterparti folk frå Sauda, Suldal, Hjelmeland og Strand møtte, og folk frå fylket.

Fylkesleiar Birger Wikre Hetland snakka om aktuelle politiske saker og kommande valkamp for Stortingsvalet 2025. Me skal ha to inn på tinget! Geir og Lisa Marie.

Stortingsrepresentant Lisa Marie Ness Klungland ga oss godt innblikk  i viktig politiske saker og prioriteringar framover frå Regjeringa. Her er mykje me må dela og snakke om og opp til veljarane våre. Investeringar og framtidstru var m.a. viktige tema.

Hanne Marte Vatnaland, gruppeleder og fylkestingsrepresentant, tok oss igjennom viktige tema i utkast til nytt Stortingsprogram. Kalle Nilsen jekka oss opp på bruk av sosiale media og korleis me kan få merksemd om våre gode saker og politikk.

20240923_191246.jpg