Meny

Budsjett og økonomiplan 2021-2024

Fellesforslag frå Senterpartiet og Krf

2020 har vore eit spesielt år, Koronapandemien har gitt kommunen ekstra utgifter og reduserte inntekter. I tillegg har pandemien gjort at arbeid med omstilling og innsparingar vart sett på vent. 2021 vil og bli prega av pandemien, som vil gi kommunen svikt i inntektene. I tillegg er det forventa lågare kraftinntekter. Dette medfører at alle tenesteområde får eit budsjett for neste år med innarbeida reduksjonar.

Senterpartiet og KrF har derfor i budsjettforslaget prioritert å arbeida med budsjettoppfølging og prosjekta «Sauda 2025», samt prosjektet «Omsorg 2030» som skal gi auka antal institusjonsplassar i framtida. Senterpartiet og KrF meiner 2021 ikkje er året for å belasta organisasjonen med nye store tiltak. Den viktigaste jobben for Sauda i framtida er å få fleire til å velja å busetta seg her. Me treng folk til å bemanna skifta på Smelteverket, arbeida i kommunen, starta nye verksemder og betala skatt til å finansiera kommunale tenester. Då må me vera attraktive, ha gode barnehagar, skular, kulturtilbod og eit levande sentrum. Me må satsa på barn og unge, samt næring- og samfunnsutvikling. Eit samfunn i vekst vil styrka heile tenestetilbodet, og våre prioriteringar av rammer til tenestene bygger opp under dette.

 

Vedlegg:

Budsjett og økonomiplan 2021-2024 Sp og KrF.pdf

Budsjett og økonomiplan 2021-2024 Sp og KrF.pdf