Meny

Valliste 2023

Sist endret: 25 11 2022

Nominasjonsmøtet i Time Senterparti 24. november 2022 valde følgjande valliste til kommunestyrevalet 2023. Dei to øvste kandidatane er kumulerte.

 Namn Valkrins Fødselsår
1.Tarald Magne Oma Hognestad 1962
2.Ranveig Undheim Undheim/Eikeland 1974
3. Signhild Stave Samuelsen Frøyland 1983
4. Magnus Nedrebø Lye/Vestly 2000
5. Jone FosseHognestad1971
6. Nils Martin Sikveland Undheim/Eikeland 1983
7. Willy Finnbakk Lye/Vestly 1958
8. Beathe Frøyland Grødem Lye/Vestly 2004
9. Betuel Frøyland Frøyland 1972
10. Lodve Haugland Bryne 1971
11. Silje Fosse Hognestad1994
12. Erik Mikal Tjåland Undheim/Eikeland 1991
13.Ann Renate Selbak Undheim/Eikeland 1976
14. Gabriel Lende Lye/Vestly 2001
15. Torill Undheim Stokka Undheim/Eikeland 1985
16. Jan Atle Ree Hognestad 1997
17. Gunn Elen Oma Hognestad 1971
18. Arne Berge Lye/Vestly1969
19.Helen Tjensvoll Vatland Lye/Vestly1981
20. Eivind Nordheim Lye/Vestly1985
21.Dan Magne Hinnaland Lye/Vestly1974
22. Kirsten Tegle Bryne Frøyland 1957
23. Eirik Undheim Lye/Vestly 1999
24. Jonas Dyngeland Lye/Vestly 2004
Time 1-6.jpg

Frå venstre: Signhild Stave Samuelsen (3.), Magnus Nedrebø (4.), Nils Martin Sikveland (6.), Jone Fosse (5.), Tarald Magne Oma (1.) og Ranveig Undheim (2.)

Tarald Magne Oma, 60 år
Tarald Magne har vore bonde på Oma i heile sitt vaksenlivet. Han er skild og har fem vaksne born. Han har Examen artium frå Bryne gymnas og er utdanna agronom frå Øksnevad jordbruksskule. 
Tarald Magne er styremedlem i FKRA på femte året. Han er vidare leiar i Time bondelaget på tredje året og styremedlem Jæren Gardsrekneskapslag og tidlegare Time rekneskapslag på femte året.
Han har også vore leiar  Hognestad Idrettslag; har sitte i styret for samarbeidsutvalet for hest i Rogaland, styret i Norsk Varmblod (avlsorganisasjon for ridehestar), og han har hatt mange  andre verv  i ulike organisasjonar.
Tarald Magne brenn for aktiv utvikling av bygdene, landbruket, næringslivet, barn og unge.  Han har eit særs engasjement for dei unge som ikkje er med i organiserte aktivitetar og dermed fort hamnar i utanforskap.  Elles er Tarald Magne ein sosial person som likar godt folk. 

Ranveig Undheim, 48 år
Ho er gift, bur på Undheim i byggefelt og har fire vaksne barn. Ranveig  er fødd og oppvaksen på garden Myrå på Tunheim.
Ho er  utdanna frisør med Sveinebrev  frå  Gand vidaregåande skule. Frå tidleg ungdom har ho vore involvert i Undheim Idrettslag som trenar og har hatt ulike styreverv i dei ulike gruppene. I dag er ho leiar hovudstyret for UIL. Ho har vidare vore FAU leiar i sju-åtte år, sete i Time idrettsråd sju år. Ho sit framleis i styret for Undheim Handelslag der ho blei vald  inn i 2012.
Hennar politisk engasjement har vore frå 2011 då ho blei spurt om å stå på lista til Time senterparti. Første som først vara til utval for levekår 2015-2019, og andre vara til kommunestyret 2015-2019. Ho vart så vald inn i  kommunestyret 2019-2023 og  utval for levekår 2019-2023. Ho kom også inn i Senior - og brukarråd frå oktober  2022-2023.
Ranveig er  oppteken av «levande» bygder, helse og skule for barn og ungdom, eldreomsorg og jordvern.

Signhild Stave Samuelsen, 39 år
Ho er opprinneleg frå Kristiansand (med dialekt frå Lista), men har budd i Time dei siste ti åra. Ho er tilsett og jobbar som lektor på Bryne ungdomsskule.
Av utdanning har ho Mastergrad i Religion og samfunn frå Universitetet i Oslo (UiO) (2012), og ein Bachelorgrad i Statsvitskap frå same stad (2007) og PPU frå Universitetet i Agder (UiA) (2012).
Av organisasjonserfaring kan det seiast at ho har vore fulltids studentpolitikar ved Studentparlamentet ved UiO, plasstillitsvald i Utdanningsforbundet, sitte i styret til Landsrådet for norske ungdomsorganisasjonar (LNU), vore norsk representant i Nordisk Barne- og ungdomskomite (NORDBUK, Nordisk Ministerråd sin ståande komité for barne- og ungdomsspørsmål) og vore sentralstyremedlem i både Noregs Mållag og Norsk Målungdom.
Politisk erfaring har ho vore aktiv i Senterrørsla sidan 2003, og har mellom anna vore Internasjonal leiar i Senterungdommen i 2010-2011, studieleiar i Vest-Agder 2012-2014, leiar av Rogaland Senterkvinner, 2014-2018. Studieleiar og sentralstyremedlem i Senterkvinnene nasjonalt sidan 2018, og sit i styret i Senterpartiets Studieforbund nasjonalt.
Signhild er oppteken av utjamning, utdanningspolitikk, beredskap og internasjonal solidaritet. Ho vil at Time skal ta jordvern på alvor, og vil at kommunen skal styrka oppvekstsektoren.

Magnus Nedrebø, 22 år
Han er sambuar, ingen barn. Magnus kjem frå Lye og vaks opp på Garpestad.
Han er utdanna frå Tryggheim VGS, og har generell studiekompetanse, Byggteknikk to år, Påbygg eitt år. Han er student og driv med ein bachelorgrad i Økonomi og administrasjon ved Universitetet i Stavanger. Den er planlagt å vera sluttført juni 2024.
Magnus har trass sin unge alder yrkeserfaring både som avløysar og som deltidstilsett ved Felleskjøpet på Bryne og butikkmedarbeidar ved XXL Bryne. Han har også gjennomført førstegongsteneste og spesialisttenesten i Forsvaret.
I dag er han bankmedarbeidar i Jæren sparebank ved sida av fullt studie ved Universitetet i Stavanger.
Når det gjeld politisk røynsle så har Magnus vore styremedlem og er no leiar for Jæren Senterungdom. Han har trass sin unge alder brei organisasjonserfaring. Han har vore leiar for blant anna 4H, Fotland ungdomstreff og Krik Lye.
Elles brenn han for å få til mange treningstilbud slik at unge kan finne den idretten som passer seg best. Han vil byggja på fjell i staden for dyrka og dyrkbar jord. Har er også  opptatt av å prioritere dei eldre slik at dei kan ta vare på seg sjølv. Det er viktig å skapa støtteordningar som kan bidra til at dei får auka livskvalitet.