Gå til hovedinnhold

Fyrstekandidat til kommunevalet 2027

Bjarne Vierdal
Tysvær Senterparti har 18. juni 2026 valt sin fyrstekandidat til kommunevalet 2027.

Nominasjonsnemda si einstemmige innstilling til fyrstekandidat, Bjarne Vierdal frå Årek vart valt. 

Vierdal ser fram mot vidare arbeid for lista. Han ser fram til godt teamarbeid med resten av gruppa gjennom valgkamp og kommande kommunestyreperiode.

- Me skal jobba for å utvikla heile kommunen - og bevare Tysvær sin eigenart, med levande bygder der det er godt å bu og driva næring, seier ein spent og entusiastisk Vierdal. 

Leiar i nominasjonsnemda, Åse-Berit Apeland Rolland ser fram til vidare arbeid med lista, som vil bli endeleg godkjent i januar 2027.