Gå til hovedinnhold

Ordførarkandidat 2027

Jan Idar Haugen og Arne Bergsvåg
Sps ordførarkandidat klar – Jan Idar Haugen, har store ambisjonar på vegne av kommunen

PRESSEMELDING 25.09.26

Han ser både store utfordringar og moglegheiter for Vindafjord dei komande åra. Med to periodar bak seg som gruppeleiar, er Senterpartiets ordførarkandidat ved valet neste år, Jan Idar Haugen, motivert for å overta ordførarklubba.
56 år gamle Haugen er oppteken av å klare omstillinga kommunen skal inn i dei komande åra, etter kvart som gjennomsnittsalderen aukar og tilbodet til eldre må styrkjast.

Med det som utgangspunkt vil han jobbe for å skape ein endå meir attraktiv kommune å bu i, og viser i den samanhengen til gode tomter, barnehagar og skular, spennande arbeidsplassar og bygder som alle har sitt unike særpreg.
– Me må få fram det vi allereie er gode på, seier han.

Kommunen har eit variert næringsliv, der spennet er stort frå primærnæring til teknologibedrifter. Dette er det største fortrinnet til kommunen og noko vi må halde fram med å utvikle, fordi det skaper aktivitet og mange arbeidsplassar.

Ei sak det heller ikkje er mogleg å kome utanom, er kor viktig det er at E134 blir oppgradert. Vegen er ei navlestreng for fleire bedrifter i kommunen, ikkje minst austover, og treng ei lenge etterlengta oppgradering.

Senterpartiets ordførarkandidat er bonde, gift med Kari Synnøve og far til fem. Ved sida av vanleg gardsdrift driv familien eit Inn på tunet-tilbod med skulane i Vindafjord og Etne som målgruppe.
 – Me har eit skuleopplegg på garden kvar veke for elevar som kanskje ikkje heilt finn plassen sin ved pulten i klasserommet, og som treng litt meir luft rundt seg. Eg har lært mykje av å jobbe med elevane og kor viktig det er å oppleve meistring, fortel Haugen, som også har lang fartstid i Bondelaget.

Haugen er også oppteken av frivilligheita sin plass i kommunen.
– Vi klarer ikkje å gi eit godt totaltilbod utan at vi har organisasjonar og lag med oss i arbeidet, seier han.

Leiaren av nominasjonskomiteen i Vindafjord Senterparti, Arne Bergsvåg, har store forventningar til Jan Idar Haugen som partiets ordførarkandidat.
– Etter å ha vore gruppeleiar i to periodar, er han godt kjend med dei politiske realitetane i kommunen.
Jan Idar har gode relasjonar til partia, og har vist at han er flink til å få til kompromiss. Han ser heilskapen, er god til å drive politikk her og no, samtidig som han tenkjer langsiktig, seier Bergsvåg.

Nettopp slike eigenskapar meiner Bergsvåg er viktige i åra som kjem.
– Det er ingen tvil om at vi går inn i ein utfordrande periode no, med kamp om ressursar til ulike viktige føremål. Då treng vi ein ordførar som tenkjer klart og strategisk, seier han.

 Val av ordførarkandidat i Senterpartiet i Vindafjord finn stad 29. september.