Meny
Even Skårberg Aarnes politisk rådgjevar for landbruks-og matministeren

Even Skårberg Aarnes politisk rådgjevar i landbruks-og matdepartementet

Even Skårberg Aarnes har i dag mandag tatt over jobben som politisk rådgjevar for landbruks-og matminister Sandra Borch. Han kommer frå stillinga som politisk rådgjevar i Vestfold og Telemark Senterparti.

Publisert: 18.10.2021

32-åringen frå Årnes ved Gvarv i Telemark skal etter planen ta over heimgarden frå nyttår. Etter å ha takka ja til å bli politisk rådgjevar for landets nye landbruks- og matminister, Sandra Borch (Sp), må planane tilpassast.

– Eg og kona mi tar over garden frå nyttår. Så skjøner eg at det blir ein del reising til Oslo i den nye jobben, så eg og min far har gått nokre rundar om gardsdrifta, seier Aarnes, som reknar med at faren vil ta ein god del av gardsdrifta også framover.

Aarnes, som har gått på journalisthøgskulen i Oslo, fortel at han har jobba som journalist i NRK i rundt sju år. Ei tid sat han også i landsstyret til Norsk Journalistlag.

For halvtanna år sidan blei han rådgjevar for Senterpartiet i Telemark og Vestfold. Basen har vore i Bø i Telemark. Aarnes fortel at han har jobba mykje opp mot fylkestinget og med valkampen.