PROGRAM 2023-2027 VESTLAND SENTERPARTI
Vestland er hav, fjord, fjell og dyktige menneske. Folk som gjennom årtusen har levd med og av ressursane som landsdelen og naturen gir oss. Folk som set seg mål saman, og som ikkje gir seg før jobben er gjort. Folk som tek vare på kvarandre og miljøet rundt oss. Folk som tek ansvar for
arbeid, kunnskapsutvikling, verdiskaping og inkludering. Folk som trivst i ein region som er eit av dei fremste turistmåla i verda.
Senterpartiet set forpliktande framtidsmål for fylket.
Me vil at fylket gjennom Grøn Region Vestland skal skape nye arbeidsplassar og auke verdiskaping innan ambisiøse klimamål, og slik vidareutvikle fylket som den leiande verdiskapingsregionen i landet. Eit sterkt arbeidsliv er den viktigaste faktoren for alle lokalsamfunna.
Derfor vil me satse på vidaregåande opplæring, tett samarbeid med næringslivet, betre fylkesvegane, ha eit veltilpassa kollektivtilbod og ha gode ordningar for kultur, idrett og frivillig sektor. Slik vil me bidra til attraktive lokalsamfunn for menneska i heile fylket.
Senterpartiet meiner at vekst i fylket handlar om samarbeid og samspel, og me vil vere folkevalde med kunnskap og kultur for å ta avgjerder som sikrar gode løysingar for oss alle.
Fylket som utviklingsaktør og medspelar.
Vestland fylke har trass ei dårleg regionreform lukkast i å verte ein vellukka utviklingsaktør, som brukar ressursane til beste for menneska i lokalsamfunna i heile fylket.
Senterpartiet vil bruke fylkeskommunen som samlande aktør og i størst mogleg grad vere Vestlandet si stemme for å kjempe for Vestland sine interesser i stort og smått.
Senterpartiet vil at Vestland fylke skal spele kommunane, arbeidslivet og frivillig sektor gode, og på den måten kjempe for vekst og utvikling i heile fylket.
Fylket har dei 43 vidaregåande skulane i fylket som hovudkontor, og fylkesbygga i Bergen og Leikanger er servicebygg for lokalsamfunna. Vestlandshuset i Bergen er også hovudkontor for Vestland når det gjeld å tale Vestland og Vestlandet si sak. Slik vil me ha det framover, fylket skal definere seg som ein utviklingsaktør som tenkjer på lokalsamfunna sitt beste i eitt og alt.
OPPLÆRING
Vidaregåande opplæring er det største og viktigaste tenesteområdet til fylkeskommunen. Her møter elevar og lærlingar i alle lokalsamfunna fylkeskommunen kvar einaste dag. Dei vidaregåande skulane våre er ikkje berre kompetansesenter, men ein arm for fylkeskommunen ut i regionen. På denne måten er dei vidaregåande skulane i seg sjølv sentrale utviklingsaktørar over heile fylket.
Senterpartiet meiner ei av dei beste investeringane fylket kan gjere er å gi ungdom ei god utdanning der dei bur. Me må ha ein skulestruktur som legg til rette for tett samarbeid med lokalt næringsliv og nærmiljø. Dette er viktig for at fleire skal gjennomføre vidaregåande opplæring og vere godt rusta for arbeidslivet. Elevane og lærlingane må oppleve skulekvardagen og læretida meiningsfull og relevant. For oss er det viktig at elevane får ei utdanning som gjer dei attraktive i arbeidslivet.
Senterpartiet har i perioden ein har vore i posisjon klart å behalde ein desentralisert skulestruktur. Dette vil me ha som mål vidare også, samstundes som me sikrar eit utdanningstilbod som er relevant for arbeidslivet. Ein sterk offentlege skule er hovudregelen, men private alternativ som utfyller den offentlege skulestrukturen kan vere gode supplement.
Pandemien har vist at det ligg store moglegheiter innan digitale verktøy. Dette må me unytte potensialet i og bruke der det er føremålstenleg. Digitale plattformer opnar for auka bruk av desentralisert utdanning og gir fleire moglegheiter til å kombinere jobb og utdanning.
Senterpartiet vil jobbe for ei god breidde i utdanningstilbodet regionalt, slik at det samla tilbodet ved skulane i ein region vert tilpassa arbeidslivet sin behov og elevane sine ønske.
Eit liv utanfor fellesskapet har store konsekvensar for einskildmennesket og samfunnet. Skulen har eit særskilt ansvar for å hindre utanforskap. Den vidaregåande opplæringa i Vestland skal gi elevar og lærlingar eit godt grunnlag for læring og å meistre livet. Skulane skal òg vere med å løyse dei to viktigaste utfordringane me har i samfunnet: grøn omstilling i næringssektorane og rekruttere til rett kompetanse i regionen vår.
Me meiner det er viktig å leggje til rette for gode tilbod for flyktningane som kjem. Opplæring skal vere ein viktig arena for å leggje til rette for ei god inkludering og integrering av flyktningar - både dei som er her no, samt framtidige. Dette skal gjerast gjennom tett samarbeid med kommunane.
Eleven i fokus
Elevane står i sentrum for utdanningspolitikken til Senterpartiet. Skal ein lukkast med gjennomføring i den vidaregåande skulen, er det viktig å vere tett på elevane. I ei tid der dei sosiale skilnadane veks, har skulen ei sentral rolle i å utjamne desse og knyte folk tettare saman. Elevar er ulike, og skulane må ha nok ressursar til å organisere tiltak ut frå den einskilde eleven sine behov. Valet kring utdanning er eit stort val. Difor er det viktig med ei god rådgjevingsteneste som hjelper elevane med å finne den rette vegen for dei. Me ønskjer også eit sterkt mobbeombod og elev- og lærlingombod for å sikre eit godt skule- og læringsmiljø for elevar og lærlingar.
Senterpartiet vil:
- at Vestland sine vidaregåande skular skal vere best i landet og ha eleven i fokus. Høg fullføring og god psykisk helse er begge sentrale hovudmål i dette.
- at nærskule-prinsippet skal gjelde ved inntak til vidaregåande skular i Vestland fylke. Ein vil ha eit unntak for dei fylkesdekkande studieprogramma, som t.d. toppidrett.
- sikre ei sterk rådgjevingsteneste på skulane og sørge for eit godt samarbeid med grunnskulane.
- styrke skulehelsetenesta gjennom nært og forpliktande samarbeid mellom fylkeskommunen og kommunane og utviding av tilbod med helsesjukepleiar og psykolog. Den vidaregåande opplæringa i Vestland skal gi elevar og lærlingar eit godt grunnlag for læring og å meistre livet. Skulane skal òg vere med å løyse dei.
- alle skular får disponere ein fri pott med midlar som skal nyttast til skulehelse- og miljøfremjande tiltak. Dette kan til dømes vere skulefrukost, miljøkoordinatorar eller gratis sanitetsprodukt for kvinner. Denne potten er det skulane sjølv som avgjer korleis vert fordelt gjennom forpliktande samspel mellom rektor og elevråd.
- stimulere til eit tett samarbeid mellom dei vidaregåande skulane og vertskommunane for oppfølging av hybelbuarar, gjennom til dømes open skule og miljøkoordinatorar ved skulane.
- sikre tett oppfølging av elevar med trong for særskild tilrettelegging gjennom å styrke oppfølgingstenesta (OT) og pedagogisk-psykologisk teneste (PPT).
- leggje til rette for eit godt kollektivtilbod som gjer at tilbodet om å gå på næraste skule er reelt og samsvarer med skuletimane på dei vidaregåande skulane.
- sikre at alle elevar får læremiddel på eige skriftspråk og motivere til å halde fram med nynorsk som skriftspråk.
- ha ein skule med fleksible utdanningsløp som treffer den einskilde eleven.
- at elevar så langt som råd får moglegheita til å fullføre utdanningsløp på den skulen dei har starta dette på.
- at elevar som har sin næraste skule i eit anna fylke må sikrast same rettar som andre.
- satse på e-sport og programmering, og vidareutvikle dei digitale dugleikane til elevane.
- arbeide for å auke utstyrsstipendet og bortebuarstipendet.
- lytte til eventuelle innspel om endringar av inntaksområde for å gjere næreskulemodellen endå betre.
- vere ein pådrivar for at læremiddel på nynorsk er klare til skulestart.
- ha ei mindre rigid fråværsgrense som gir lærarane tillit til å avgjere om ein har tilstrekkeleg vurderingsgrunnlag for å setje karakterar på elevar eller ikkje.
- sikre eit godt apparat rundt alle elevar. Alle vidaregåande skular skal som minstekrav ha tilsett miljøkoordinator, helsesjukepleiar og rådgjevar.
- vere pådrivar for at all køyreopplæring skal vera gyldig fråvær.
- la fleire ungdomsskuleelevar få delar av opplæringa si i faget arbeidslivsfag ved ein vidaregåande skule for å auke rekrutteringa til yrkesfag og hindre feilval.
- prioritere oppdaterte læremiddel og redusere etterslepet på innkjøp av læremiddel til dei vidaregåande skulane.
Tillit og moglegheiter for lærarane og skuleleiing
Lærarane er dei viktigaste ressursane i skulen. Vestland fylkeskommune må gi lærarane høve til å utvikle seg fagleg og ha nok tid og moglegheiter til å følgje opp elevane. Den enkelte skule veit best kva utfordringar den står over og korleis den skal løyse desse. Skuleorganisasjonen rommar eit mangfald av roller og har stadig fleire oppgåver som skal løysast. Senterpartiet ser utfordringa med dette og ønskjer at ein nyttar rett kompetanse på rett stad til det beste for både elev og skule.
Senterpartiet vil:
- ha gode etter- og vidareutdanningstilbod for lærarar i den vidaregåande skulen, fagskulen og vaksenopplæringa gjennom samarbeid med høgare utdanning i regionen om både fysisk og digital vidareutdanning, samt deling av digitale forskingsressursar.
- prioritere rekrutteringsstrategiar i lønsoppgjeret i KS.
- ha gode hospiteringsordningar for yrkesfaglærarar.
- ha fleire miljøkoordinatorar i skulen for å avlaste lærarane og skape trivsel.
Tett på fagopplæring og lærlingar
Vestland er eit fylke med særskild behov for kompetent yrkesfagleg arbeidskraft. For at flest mogleg skal ha høve til å gjennomføre vidaregåande opplæring er det viktig med god tilgang på læreplassar, fleksibel opplæring og god kvalitet på opplæring i bedrift. Vestland skal bli fylke nr. 1 på læreplassar. For å klare dette er det viktig å vise moglegheitene som ligg i ei yrkesfagleg utdanning, slik at statusen vert auka. Me ønskjer å gjere tilgangen på læreplassar lettare gjennom bruk av nye og fleksible lærlingmodellar.
Senterpartiet vil:
- arbeide for at alle elevar som ønskjer det får tilbod om læreplass og praksisplass.
- auke delen elevar på yrkesretta opplæringsløp som går ut i lære.
- sikre godt samarbeid mellom skulane, næringslivet og kommunane for å auke tilgangen på læreplassar. Dette kan til dømes gjerast ved hjelp av lærlingkoordinatorar eller andre modellar.
- styrke fagopplæringa og samarbeidet med opplæringskontora, kommunane og private verksemder for å auke kvalitet på opplæringa i bedrift, t.d. ved god opplæring av instruktørar.
- satse meir på vekslingsmodellen, og andre fleksible opplæringsmodellar, som gjer at ein i større grad kan veksle mellom skule og bedrift gjennom opplæringsløpet. Ulike dømer på dette er modell frå Bømlo, Årdal og Nordfjord.
- at Vestland fylkeskommune skal auke talet på lærlingar i eigen organisasjon.
- arbeide for at det nasjonale tilskotet til lærebedrifter vert auka.
- samarbeide tett med elev- og lærlingombodet i oppfølginga av lærlingane.
- styrke samarbeidet med arbeidslivet gjennom meir hospitering, meir opplæring i bedrifter, både private og offentlege, og fellesprosjekt for å utvikle nye opplæringstilbod.
- vidareutvikle nettskulen i Vestland og tilby endå fleire nettbaserte fagopplæringar.
- satse offensivt på entreprenørskap, fagopplæring og vilkår for lærlingar med sikte på å bli best i landet på å utdanne fagarbeidarar.
Ungdom og næring
Senterpartiet vil ha ein vidaregåande skule som både utdannar gründerar og arbeidstakarar. Den vidaregåande skulen spelar ei nøkkelrolle i å motivere og byggje kunnskap om å drive eiga verksemd.
Senterpartiet vil:
- satse på entreprenørskap i skulen.
- bruke ungdoms- og elevbedrifter aktivt som undervisningsform i den vidaregåande skulen.
- vidareføre samarbeidet med Ungt Entreprenørskap.
- ha eigna ordningar for ungdom som ønskjer å etablere eiga næring, med vekt på kapitaltilgang og kompetansebygging.
- styrke samarbeidet mellom den vidaregåande skulen og næringslivet.
Eit lokalt fokus – skulane som samfunnsutviklar
Kvar av dei 43 vidaregåande skulane skal vere fylket sitt lokale hovudkontor i distrikta, og er ein sentral utviklingsaktør i møtet med lokalsamfunna og dei unge og arbeidslivet si trong for kompetanse. For å halde på denne utviklingskrafta og det samspelet som er skapt mellom kommunane, næringslivet og skulane, ønskjer Senterpartiet å oppretthalde skulestrukturen.
Senterpartiet vil:
- vidareføre ein desentralisert skulestruktur.
- sikre skulesenter til elevane i fleksible utdanningsløp der det vert drive digital undervisning.
- sikre toppidrettssatsing gjennom eigne skular og i samarbeid med Olympiatoppen Vest.
- at fylkeskommunen skal ha samsfinansiering som prinsipp, og at dette skal skje i samspel med frivillige organisasjonar og private aktørar for å få i hamn investeringsprosjekt i heile fylket til glede for lokalsamfunna.
- ha særleg fokus på innhaldet i skulen og vidareutvikle tilbodet i tråd med næringslivet og samfunnet sine behov.
- gi entreprenørskap og elevverksemder gode levekår ved dei vidaregåande skulane.
- støtte opp om landslinjene i fylket.
- arbeide for gode IKT-løysingar i skulen, og auke undervisningspersonell sin kompetanse innan e-læring.
- oppretthalde eit breitt mangfald av utdanningslinjer, som naturbruk (grøn og blå) og linjer med yrkes- og studiekompetanse (YSK-linjer).
- arbeide for auka rekruttering til restaurant- og matfag for å vidareutvikle det regionale reiselivet.
Vestland sine vidaregåande skular - eit godt grunnlag for framtida!
Senterpartiet ønskjer ein vidaregåande skule som tek vare på mangfaldet hjå elevar og lærlingar slik at dei opplever meistring, motivasjon og lærelyst. For Senterpartiet inneber mangfald i opplæringa å sikre opplæringstilbod i tilrettelagde grupper, vidaregåande opplæring for minoritetsspråklege og moglegheiter for opplæring i utlandet.
Senterpartiet vil:
- sikre eit godt opplæringstilbod for elevar med behov for tilrettelagde grupper.
- vidareutvikle opplæringstilbod retta mot minoritetsspråklege elevar.
- sikre ein desentralisert struktur for kombinasjonsklassar.
- leggje forholda til rette slik at flest mogleg får høve til utveksling i utlandet.
- oppretthalde dei internasjonale klassane og sjå på moglegheitene for nye utanlandsklassar.
- samarbeide med NAV om kompetansegivande kurs som alternativ til vidaregåande opplæring for dei ungdomane som treng det.
Produksjonsskular - vegen tilbake
Produksjonsskule er eit tilbakeføringstiltak for ungdomar som har droppa ut av den vidaregåande opplæringa. Ideen bak tilbodet er å gi ungdomane eit praktisk læringsgrunnlag for å gi dei lyst, moglegheit og kompetanse til å gjennomføre vidaregåande opplæring eller klare seg på arbeidsmarknaden. Hovudregelen må vere førebygging. Derfor må det vere lettare å setje i gang avbøtande tiltak for å hindre fråfall. Fleksible opplæringsløp gjer at fleire finn seg til rette i skulen.
Senterpartiet vil:
- oppretthalde og vidareutvikle alle dei eksisterande produksjonsskulane og andre tilbakeføringstiltak for elevar som har droppa ut av den vidaregåande skulen.
- avpasse opplæringsløpa lokalt for elevar som står i fare for å falle utfor.
- arbeide opp mot sentrale styresmakter for å auke satsinga på produksjonsskular.
- at produksjonsskular og andre tilbakeføringstiltak også skal kunne tildelast gjennom ei søknadsbasert ordning.
Fagskuleutdanning – yrkesfagleg høgare utdanning
Det skal vere gode rammer for fagskulane i Vestland fylkeskommune slik at dei kan bidra til utvikling. Senterpartiet ønskjer å styrke fagskuleutdanninga. Næringsliv, kommunar og helseinstitusjonar har stor trong for fagarbeidarar med høg og relevant fagkompetanse. I åra som kjem vil denne trongen verte større, og derfor vert det viktig med fleire utdanningstilbod som gir fagarbeidarar denne kompetansen.
Senterpartiet vil:
- oppretthalde og vidareutvikle det desentraliserte fagskuletilbodet i fylket i nært samarbeid med næringsliv og kommunane.
- sikre at fagskuleutdanningane har moderne utstyr og undervisningslokale og kan tilby digital undervisning.
- sikre gode overgangar mellom fagskuleutdanninga og universitets- og høgskulesektoren.
- arbeide for nytt undersvisningsfartøy ved Fagskulen Vestland studiestad Bergen.
- arbeide for at Fagskulen Vestland skal vere den føretrekte tilbydaren av kompetanse for arbeidslivet i Vestland.
Vaksenopplæring - eit viktig steg vidare
Senterpartiet ønskjer å leggje til rette for at alle innbyggjarar har høve til livslang læring, nye karrieremoglegheiter og kunne ta del i eit arbeidslivet som stiller stadig større krav til formell kompetanse.
Senterpartiet vil:
- sikre desentraliserte og varierte vaksenopplæringstilbod og leggje til rette for meir nettbasert opplæring.
- sikre gratis karriererettleiing for vaksne over 19 år.
- ha gode samarbeidsrutinar med studieforbund og NAV når det gjeld arbeidsmarknadstiltak.
- at innvandrarar med utdanning frå heimlandet raskt får denne vurdert og eventuelt tilbod om tilleggsutdanning for å kunne jobbe innan same yrkesfelt i Noreg.
- opprette fleire yrkesretta utdanningsløp for innvandrarar, med stor vekt på språktrening og arbeidspraksis under utdanninga, etter Gloppenmodellen.
- etablere feire modulbaserte og fleksible vaksenopplæringstilbod retta mot personar som er i jobb.
Høgare utdanning og forsking – eit samarbeid for regionen
Høgare utdanning er ikkje ei fylkeskommunal oppgåve, men tilboda innan høgare utdanning er viktige for den framtidige arbeidsmarknaden og næringslivet. Ein sterkt universitets- og høgskulesektor i fylket vil etterlate seg kompetanse som regionen haustar goda av i framtida. Vidare har desentraliserte utdanningstilbod eit stort potensiale for å auke kompetansen i befolkninga, samstundes som dei er i jobb. Senterpartiet meiner derfor at fylkeskommunen må vere ein aktiv part i å styrke og spele på lag med universitets- og høgskulemiljøet i fylket.
Senterpartiet vil:
- vidareføre dagens samarbeid med universitets- og høgskulemiljøa gjennom Kompetanseforum Vestland, samt styrke miljøa i Vestland fylke og arbeide for fleire studieplassar ved dei ulike studiestadane.
- arbeide for eit godt og framtidsretta tilbod innan høgare utdanning tilpassa fylket sine behov.
- arbeide for fleire studentbustadar og betre sosiale tenester og kultur- og velferdstenester for studentane.
- arbeide for gode samarbeidsavtalar mellom dei vidaregåande skulane og universitets- og høgskulemiljøa.
- arbeide for at dei regionale forskingsfonda vert nytta aktivt til forsking og utvikling (FoU) i fylket m.a. innan landbruk, reiseliv, marin sektor, energi, klima og teknologi.
- medverke til å byggje opp gode campusmiljø og desentraliserte høgskule- og universitetstilbod.
- vidareføre undervisningstilbodet for innsette i samarbeid med kriminalomsorga.
- følgje opp den desentraliserte legeutdanninga i Vestlandslegen.
- leggje til rette for praksisplassar og internship frå høgare utdanningsinstitusjonar andre stader i landet som har fagområde som næringslivet i fylket har bruk for.
KULTUR OG IDRETT
Kultur skapar gode lokalsamfunn
Tittel på vedteken kulturplan er “Kultur bygger samfunn”. Kultur og idrett byggjer identitet og fremjar gode fellesskap. Å oppleve og å uttrykke seg gjennom ulike kunstnarlege uttrykk skapar meiningsfulle liv. Gjennom idrett og kulturaktivitetar møtest menneske på tvers av geografiske skiljelinjer, alder og etnisitet. Senterpartiet vil arbeide for at det skal vere gode og inkluderande fellesskap i alle delar av fylket som bidreg til å redusere sosiale skiljelinjer.
Vestland har kulturinstitusjonar på høgt nasjonalt og internasjonalt nivå. Desse institusjonane er viktige, og i samspel med kulturarenaer i heile fylket kan desse bidra til kulturopplevingar av høg kvalitet for innbyggjarar i alle delar av Vestland. Senterpartiet vil arbeide for å sikre ei føreseieleg finansiering, og særleg at staten tek ein større del av ansvaret.
Fylkeskommunane har fått auka ansvar for busetjing av flyktningar. Kommunane i fylket gjer ein viktig innsats på dette feltet, og fylkeskommunen skal vere ein god samarbeidspart og støttespelar for lokalsamfunna i inkluderingsarbeidet.
Det lokale engasjementet og den frivillige innsatsen er avgjerande for å skape gode opplevingar og tilbod i alle delar av Vestland. Fylkeskommunen har mange tilskotsordningar for å utvikle og løyse ut dette engasjementet.
Idrett og friluftsliv – aktiv kvar dag
Fylket vårt har “eit hav” av moglegheiter for fysisk aktivitet og fantastiske opplevingar i friluft.
Utgangspunktet for å leve eit aktivt liv er godt, men det er viktig at det finst gode arenaer for ulike former for idrettsaktivitetar i heile fylket, frå dei mindre lokale idretts- og nærmiljøanlegga til dei store arenaene der ein kan gjennomføre internasjonale meisterskap.
Gode turstiar og tilrettelagte turområde bidreg til at ein kan nytte naturen med varsemd. Eit tett samarbeid mellom organisasjonar som Den Norske Turistforeining (DNT), friluftsråd, reiselivsaktørar m.fl er viktig.
Senterpartiet vil:
- arbeide for at alle barn og unge skal ha tilgjenge til idrettsaktivitetar
- ha eit tett samarbeid med idrettskrinsen for å leggje til rette for aktivitetar og anlegg for ulike grupper.
- støtte tiltak som bidreg til at terskelen for å delta i idrettsaktivitetar vert lågare.
- samarbeide tett med kommunane for å kunne nytte spelemiddelordninga godt, og bidra til samarbeid over kommunegrensene der dette er tenleg for å få realisert større anlegg.
- sjå til at det vert arbeidd for å få realisert ulike typar anlegg, m a nyskapande aktivitetsarenaer, som kan leggje til rette for mellom anna meir eigenstyrte aktivitetar for ulike aldrar og grupper.
- arbeide for å utvikle friluftsråda og skjærgardstenesta, og ha ein tett dialog med desse.
- arbeide for at godt tilgjenge av turstiar og fleire friluftsområde med universell utforming.
- få realisert innandørs skøytehall i fylket.
- at fylkeskommunen skal vere ein god støttespelar for arrangørar av internasjonale meisterskap.
- støtte opp om nye satsingar som t.d. e-sport, og bidra til gode arenaer for utøving av nye idrettsgreiner.
- støtte opp om Førdehuset som nasjonal arena for vektløfting.
Frivillig arbeid - det lokale “gullet”
Det frivillige arbeidet er ein vesentleg del av fundamentet i lokalsamfunna. God tilgang til arenaer for idretts- og kulturarenaer kan vere viktig for å kunne løyse ut slik innsats. Samarbeid med profesjonelle kulturaktørar vil også kunne bidra til auka lokal kompetanse og til at profesjonelle aktørar kan få nye arenaer å syne seg fram på.
Senterpartiet vil:
- arbeide for gode møtepunkt mellom det profesjonelle og frivillige kulturlivet.
- stimulere til meir bruk av skulebygga til Vestland kommune. Lokalsamfunna skal kunne dra nytte av spesialrom på ettermiddagane.
- støtte tiltak som bidreg til at fleire grupper kan ta del i og inkluderast i frivillig arbeid.
- Vidareføre ordninga med tilskot til lokale kulturbygg.
Kulturarv – basis for framtida
Kunnskap om kulturverdiane våre set oss betre i stand til å forvalte natur og bygge samfunn på berekraftig vis i framtida. Senterpartiet ønskjer levande landskap der viktig kunnskap vert teken vare på og formidla til nye generasjonar. Vestland har mange kulturminne og kulturlandskap av høg nasjonal og internasjonal verdi, og Senterpartiet vil arbeide for at desse vert sikre for framtida og nytta aktivt i formidlingsarbeid, gjennom tett samarbeid med musea, kommunar og andre aktuelle aktørar. Det vil også vere viktig med føreseielege statlege ordningar for finansiering av slike. Mattradisjonar er òg ein viktig del av kulturarven, og det er viktig at denne også vert løfta fram som ein del av kulturen vår.
Senterpartiet vil:
- sikre berekraftig og utviklingsretta forvaltning og formidling med vekt på kulturminne og kulturlandskap sin eigenverdi.
- løfte fram, utvikle og løyve meir pengar til verdsarvområda, og særleg dei kulturhistoriske verdiane.
- støtte arbeidet med regionalparkar, geoparkar, biosfæreområde og verdsarvparken og bidra til å utvikle dette som ein modell for lokalt samfunnsutviklingsarbeid.
- at fylkeskommunen skal vere ein god samarbeidsaktør og bidra til kompetansebygging i kommunane, mellom anna på kulturminnefeltet.
- nytte kulturarven aktivt i næringssamanheng.
- styrke kunnskapen om tradisjonshandverk og mattradisjonar.
- støtte lokale og regionale initiativ for bevaring av kulturarv/kulturminne gjennom eksisterande tilskotsordningar og fagleg støtte.
Museum
Vestland har ei stor mengd museumsavdelingar med høg kvalitet og ulike særpreg. KODE tek vare på store nasjonale kunstskattar og burde i enda større grad vorte løfta fram som ein nasjonal kunstinstitusjon. Fleire av musea har utfordringar med bygningsmasse, og fylkeskommunen har dei siste åra prioritert midlar til medfinansiering for at musea kan få gjort naudsynt rehabilitering og oppgraderingar.
Senterpartiet vil:
- at musea utviklar seg som dagsaktuelle, relevante og samfunnsengasjerte institusjonar.
- at musea utviklar gode tilbod til born og unge med vekt på kulturopplevingar og kunnskapsformidling.
- at musea utviklar seg som inkluderande møteplassar med gode opplevingar.
- at musea har gode lokale for formidling og samlingar, og arbeide for realisering av fellesmagasin.
- arbeide for at etableringa av besøkssenter på Tusenårsstaden Gulatinget vert realisert.
- støtte opp om arbeidet med å realisere besøkssenter ved Astruptunet.
- arbeide vidare med å auke statleg støtte til kulturinstutisjonar med nasjonal status.
Biblioteka – hjartet i lokalsamfunna
Biblioteka skal spele ei viktig rolle som møteplass og arena for debatt og formidling. Biblioteka er sentrale i arbeidet med å fremje nynorsk språk og sikre tilgangen på nynorsk litteratur til born og ungdom. Digitale løysingar opnar nye moglegheiter for tilgang til ulike bibliotektenester og gjer at ein kan nå nye brukarar på ein annan måte enn tidlegare. Biblioteka er ein viktig arena der alle har tilgang uavhengig av sosiale føresetnader. Dei kan såleis spele ei viktig rolle i arbeidet med å jamne ut sosiale skilnader.
Senterpartiet vil:
- styrke biblioteket som møteplass og arena for inkludering, læring og debatt.
- støtte tiltak som utviklar folkebiblioteket som ressurs i lokalsamfunnet, til dømes gjennom tiltak som meirope bibliotek og mobile tenester.
- løfte fram formidling av nynorsk litteratur, spesielt til barn og unge.
- arbeide vidare for å styrke og utvikle digital formidling og infrastruktur.
- arbeide for meir systematisk samarbeid mellom folkebiblioteka og skular, barnehagar, institusjonar og organisasjonar i kommunane.
- vidareutvikle samarbeidet mellom bibliotek og andre aktørar på litteraturfeltet.
- vidareutvikle samarbeidet mellom fylkesbiblioteket, opplæringsavdelinga og skulane om fagleg støtte til bibliotek i vidaregåande opplæring.
- styrke fylkesbiblioteket og samarbeidet deira med kommunen.
Festivalfylket Vestland
Vestland er festivalfylket! Festivalane i fylket representerer ei stor breidde av sjangrar, og festivalane held høg fagleg kvalitet, fleire av internasjonal standard. I tillegg til formidling av musikk, drama og andre kunstuttrykk, skapar dei verdiar i lokalsamfunn og for opplevingsnæringane i fylket. Mange festivalar mobiliserer heile bygdesamfunn til felles løft.
Senterpartiet vil
- støtte opp om festivalane som viktige aktørar, og særleg vil ein løfte fram festivalar som formidlar kunst- og kulturuttrykk som sikrar eit mangfald i det samla tilbodet i fylket.
Den kulturelle skulesekken og spaserstokken – opplevingar som når alle
Den kulturelle skulesekken (DKS) har ei sentral rolle som formidlar av profesjonelle kunst- og kulturuttrykk. Gjennom DKS-programma når me ut til alle elevar i grunnskulen og vidaregåande opplæring med opplevingar og kunnskap. Dette er viktig for å gi alle barn og unge kunnskap og forståing av kunst. Den kulturelle spaserstokken gir gode opplevingar til eldre, og for mange er dette gjerne ei av få kunstnarlege opplevingar ein får delta i.
Senterpartiet vil:
- sikre Den kulturelle skulesekken og Den kulturelle spaserstokken og sjå til at framsyningane held høg kvalitet og representerer eit breitt utval kultur og kunstuttrykk.
- leggje til rette for at elevane i større grad vert engasjerte i samband med DKS-produksjonane.
- at DKS-produksjonar som er på turné i fylket kan nyttast i lokale arrangement utanom skuletida.
- at Vestland tek ein nasjonal posisjon når det gjeld å få fram nye, gode nynorskproduksjonar til bruk i formidlinga til barn og unge.
- greie ut om det er grunnlag for ei utvida satsing på eit kulturtilbod i barnehagane.
- at Vestland fylkeskommune blir medlem i Kulturskulerådet, og kompetansen i kulturskulane vert nytta som ein ressurs i fylkeskommunen sitt arbeid med folkehelse og inkludering.
- arbeide for å vidareutvikle det profesjonelle kunst- og kulturlivet/institusjonane i fylket
Musikk, scene og film
Dei mange små og store scenene er viktige for musikk , teater og anna scenekunst.
Fleire av dei store konsertarenaene og teaterscenene har nasjonale funksjonar og vert finansierte i eit samspel mellom stat, fylke og kommune. Særleg bør ein arbeide for at staten tek ein større del av finansieringa av desse institusjonane.
Senterpartiet vil:
- vere ein god støttespelar for Bergen Filharmoniske Orkester (BFO) ung.
- arbeide for at distriktsmusikarane vert nytta aktivt i heile fylket og at ein særleg tek vare på og formidlar musikk frå folkemusikktradisjonen.
- leggje til rette for jamlege besøk av større profesjonelle orkester og utøvarar rundt om i fylket.
- stimulere til nynorske tekstar i fleire musikksjangrar.
- sikre tilskotsordningar for skaparar og utøvarar av musikk, arrangement og festivalar.
- utvikle samarbeidet mellom kulturskulane og dei fylkesdekkande opplæringstilboda innan musikk, dans og drama og styrke desse.
- vidareføre og støtte UKM (Ung Kultur Møtes) som ein viktig arena der ungdommen får syne fram ulike kunst- og kulturuttrykk og møte andre med felles interesser.
- støtte arbeidet med å løfte fram Vestland som filmdestinasjon.
Senterpartiet vil (scenekunst):
- sikre gode rammevilkår for Teater Vestland og Det Vestnorske teateret som nynorskproduserande teater.
- stimulere til utvikling av frie teatergrupper og festivalar.
- stimulere til utvikling av varierte teater- og dansetilbod for barn og unge.
- leggje til rette for godt samspel mellom profesjonelle og amatørar.
- oppretthalde eit godt utdanningstilbod innan musikk, dans og drama.
- stimulere til samarbeid mellom kulturskular, kulturaktørar og vidaregåande opplæring.
- arbeide for å realisere Griegkvartalet som eit statleg prosjekt og kulturhus for heile Vestlandet.
Språkpolitikk.
Vestland er kjerneområdet for nynorsk skriftspråk. Det gir Vestland fylkeskommune eit særskilt ansvar for å føre ein aktiv språkpolitikk som tek vare på og utviklar nynorsk som fullverdig språk på alle samfunnsområde. Språkpolitikken til Vestland fylkeskommune skal bidra til trygge og stolte nynorskbrukarar og skal difor vere eit høgt prioritert satsingsområde.
Senterpartiet vil:
- framleis vere eit føregangsfylke når det gjeld å nytte godt nynorsk språk i offentleg forvaltning.
- sikre klart språk i den fylkeskommunale drifta.
- arbeide for at alt trykt og digitalt opplæringsmateriell ligg føre på både nynorsk og bokmål ved skulestart.
- sikre produksjon og formidling av nynorsk litteratur gjennom mellom anna Teater Vestland, Det Vestnorske teateret, biblioteka, den kulturelle skulesekken og den kulturelle spaserstokken.
- støtte arbeidet med å fremje nynorske arenaer som til dømes utvikling av nynorskhus i Førde og Bergen.
- at Olav H. Hauge-senteret og andre kultursenter vert nytta til å formidle den nynorske skriftkulturen til elevar og studentar.
- sørge for god fleirspråkleg informasjon til ulike grupper innbyggjarar.
- arbeide for at elevar og tilsette i fylkeskommunen har tilgang på programvare og kontorstøttesystem på nynorsk.
SAMFERDSLE.
Gode kommunikasjonar og godt utbygd infrastruktur – høghastighets breiband, veg, bane, båt, ferje, buss og kortbanenettet – er avgjerande for å sikre ei positiv utvikling i heile fylket. Ved å redusere avstandane og trygge vegane vil me gjere heile Vestland til ein meir attraktiv stad å bu, arbeide og drive næring i.
Samferdselspolitikken skal byggje på nullvisjonen, null drepne og null skadde i trafikken. Senterpartiet vil prioritere trafikktryggingstiltak høgt.
Våre hovedprioriteringar er:
Meir pengar, og meir igjen for pengane.
Vestland har 5600 km fylkesveg, 2083 bruer, 287 tunnelløp og 76 ferjekaiar. Me skal kjempa for at Vestland får ein større del av samferdselmidlane frå staten. Me skal forsetja å prioritera meir fylkeskommunale pengar til effektive og trygge kommunikasjonar. Og me skal få meir igjen for pengane ved t.d. å bruka ulike kontraktsformer og utfordre vegnormalane ved å byggje godt nok. Me støttar regjeringa si prioritering av meir nøkternheit i store samferdselprosjekt, og vil leggje det same til grunn for fylkeskommunal planlegging og bygging. Ferjeavløysingsmidlar skal brukast aktivt for å realisere viktige prosjekt.
Liv og helse først.
Vestland er fylket med flest raspunkt. Senterpartiet vil prioritere veg, trafikk og rassikringsprosjekt som tryggjer kvardagen til folk, næringsliv og yrkessjåførar.
Trygge skulevegar er avgjerande for at barn og unge skal kunne gå og sykle til skulen. Det skal og vere trygt å reise med skuleskyss til og frå skule. Skulevegen er ofte også vegen borna våre brukar til og frå fritidsaktivitetar, noko som ytterlegare understrekar viktigheita av prioritera trygge vegar.
Eit praktisk vegvedlikehald.
Fylkesvegane er kvardagsvegane for folk og næringsliv. Senterpartiet meiner det er viktig å ivareta dei vegane me har. Mange stader har diverre ein altfor dårleg standard. Etter fire år i leiinga har me gjort viktige grep for å snu situasjonen, og me skal vidare. Punktutbetring, flaskehalsar og trygging, kombinert med nytt dekke skal ha prioritet også framover.
Grøne fleksible kollektivtilbod
Utfordringane og behova knytt til kollektivtransport er ulike i det langstrakte fylket vårt. Målet er at flest mogeleg av innbyggjarane våre skal kunne nytte seg av kollektivtilbod i kvardagen. Med Senterpartiet i leiinga har ein redusert prisen på buss og bane. Framover må det også prioriterast meir fleksible tilbod, som bestillartransport, særleg i distriktet. Kollektivtilboda må hengje saman, og korrespondanse må vere mogeleg. Vestland fylke skal framleis vere i front med null- og lågutsleppsløysingar på buss, bane, ferje og båt. For å kunne nå måla om utsleppsreduksjon er dette ein viktig del av løysinga.
Veg.
Vestland er verdiskapingsfylket og ein betre infrastruktur er heilt avgjerande for å betene og styrke næringslivet her i landets største eksportfylke. Standardheving og trygging av fylkesvegane er Senterpartiet si høgaste prioritering. Det er kvardagsvegane til folk og næringsliv.
Senterpartiet vil:
- auke løyvingar til fylkesvegane i Vestland
- auke midlar til rassikring av fylkes- og riksvegar i Vestland. Skulevegar og vegar som ikkje har omkøyringsmoglegheit skal prioriterast.
- at vegar fylket har ansvar for skal sikrast med utgangspunkt i at vegen skal vere trygg. Skulevegar skal prioriterast, dette inkludert gang- og sykkelvegar og busstopp
- at staten tredoblar løyvingane til rassikring langs fylkesvegar.
- fullføre miljøløftet i tråd med reguleringsplanar og samarbeidspartnarane.
- arbeide aktivt for å løyse dei trafikale utfordringane i Bergensområdet.
- styrkje trafikksikringsarbeidet, både fysiske og haldningsskapande tiltak, med mål om null drepne og null skadde.
- støtte aktivt opp om realiserbare ferjeavløysingsprosjekt og arbeide for å betre ordninga med ferjeavløysing.
- at staten må ta større ansvar der fylkesveg fungerer som omkøyringsveg for riksvegar.
- arbeide for ei brei fordeling av investeringsmidlar i heile Vestland, både geografisk, og blant vegar med både høg og låg ÅDT.
- at liv og helse skal prioriterast øvst i samferdslespørsmål.
- arbeide for å fjerne flaskehalsar på fylkesvegane for å sikre betre framkomst for næringslivet.
- i størst mogleg grad verne om dyrka mark ved vegutbyggingar.
- at nye stamvegar bør byggast etter maks 90 km/t.
- at prosjekt som er vedtekne i Nasjonal Transportplan må gjennomførast.
- at dei viktige vegane E39, E16, E134 vert oppgradert til stamvegstandar i løpet av ein tiårsperiode og at kritiske strekningar på RV5, RV7, RV13 og RV15 vert opprusta snarast råd.
- arbeide for ein akseptabel standard med gul stripe og rassikker veg på alle Europa- og riksvegar i fylket, og at Vestland kjem betre ut i fordelinga av vegmidlar nasjonalt.
- at tryggleiken til mjuke trafikantar sikrast der riks- og europavegar er skuleveg.
I Vestland er det og mange store Europa og riksvegprosjekt. Senterpartiet vil arbeide for at desse vert innarbeidde i Nasjonal Transportplan og prioritert med løyvingar snarast mogeleg.
Sjø.
Senterpartiet vil:
- arbeide for å få høgast mogleg utbytte av Stad skipstunnel.
- halde fram arbeidet med å etablere venterom med nødvendige fasilitetar ved kollektive knutepunkt.
- styrkje Bergen Havn for gods og passasjertrafikk.
- få meir av transporten over til sjø og jernbane der dette er eit reelt alternativ.
- arbeide for å overføre meir gods frå bil til båt.
- sikre eksisterande lokalbåt-, ekspressbåt- og ferjeruter minst same regularitet som i dag. På ruter med aukande trafikk må kapasiteten aukast.
- hurtigbåt og ferjer skal ha nullutsleppsteknologi så langt det er økonomisk forsvarleg, og utan at dette går utover rutetilbodet, tryggleik og reisetid.
- vere pådrivar i låg- og nullutsleppsteknologi i marin sektor.
- aktivt støtte arbeidet med å etablere landstraum i hamner.
- bidra til oppskalering av fartøy driven av fleire null- og lågutsleppskjelder.
- arbeide for at Osterøyferja kjem inn under offentleg støtteordning.
- vidareutvikle hurtigbåttilbodet i fylket tilpassa endringar i infrastruktur og økonomiske realitetar.
- halde fram med å arbeide for gratis ferje og reduserte takstar.
- innlemme ferjesambandet Nordeide – Måren – Ortnevik i gratisferjeordninga.
- arbeide for fysiske og haldningsskapande tiltak med mål om null skadde og omkomne i drukningsulukker.
Bane.
Senterpartiet vil:
- bygge ut Bergensbana mellom Arna og Voss etter K5 alternativet og arbeide for at heile Bergensbana vert utbygd til å kunne ha tog med høgare hastigheit.
- arbeide for å få meir gods over frå veg til bane.
Kollektivtransport og mobilitet.
Utfordringane og behova knytt til kollektivtransport er ulike i det langstrakte fylket vårt. Målet er at flest mogeleg av innbyggjarane våre skal kunne nytte seg av kollektivtilbod i kvardagen. For å kunne nå måla om utsleppsreduksjon er dette ein viktig del av løysinga. Vestland fylke skal vere i front med berekraftige løysingar både med teknologi og anlegg.
Senterpartiet vil:
- arbeide for høgast mogeleg kollektivtilbod generelt, med lågast mogeleg billett-takstar.
- arbeide for takstharmonisering båt-buss og sikre gode saumlause billettordningar.
- utvida ordninga med fleksible kollektivløysingar, som til dømes hentmeg-ordninga for unge og serviceskyss for eldre/funksjonsnedsette.
- sikre ungdomskortordninga, og utvide den ned til 13 år.
- at studentar skal, i kombinasjon med studentbevis, kunne nytte ungdomskort til fylte 30 år.
- arbeide for eit rutetilbod med gode korrespondansar, også med fylkeskryssande ruter og med ruter i kommersielle selskap.
- stimulere til overgang frå bil til kollektive reisemåtar gjennom å ha innfartsparkeringar utanfor bomsnitta.
- at å byggje bybane til Åsane føresett at staten sikrar medfinansiering som ikkje aukar bompengenivået i Bergen.
- sikre universell utforming på all kollektivtransport.
- få utarbeidd framlegg til ein sonestruktur for båt (jfr. ordninga som er på buss)
- sikre gode arbeidstilhøve for bussjåførar og jobbe med rekruttering av bussjåførar.
- arbeide for gode pendlarlinjer mellom tettstadane i fylket slik at desse kan nyttast til og frå arbeid og skule.
- arbeide for eit godt gjennomgåande rutetilbod Bergen-Førde-Trondheim.
- arbeide for at det blir gitt gode rabattordningar, særleg honnør og ungdomsrabatt, på kommersielle ruter der Skyss ikkje har eigne tilbod.
- arbeide for at nullutsleppsbussar vert nytta fleire plassar i fylket.
Luftfart.
Gode og tenlege lufthamner er viktig. Senterpartiet legg til grunn at det framleis skal vere seks flyplassar i fylket, med Flesland som hovudflyplass og dei andre som viktige regionale lufthamner. Flytransport vil framleis vere eit viktig kollektivtilbod for næringsliv og fastbuande i fylket.
Senterpartiet vil:
- arbeide for at flytilbodet på dei regionale flyplassane har god nok kapasitet og eventuelt innføre fleire avgangar dersom naudsynt.
- arbeide for at billettprisane på kortbanenettet vert halvert.
- vidareutvikle dei fire kortbanelufthamnene Sandane, Florø, Førde og Sogndal.
- arbeide for at rutetilbodet på Stord Lufthamn vert ein del av statleg flyrutekjøp.
- arbeide for eit betra flytilbod internt i Vestland.
- arbeide for at Bergen lufthamn Flesland vert styrka som knutepunktslufthamn.
- at Vestland skal vere pilotfylke for rutenett med elektriske fly.
- arbeide vidare for å få etablert elflyrute mellom Førde og Bergen.
Digital infrastruktur.
I eit moderne og konkurransedyktig samfunn er tilgang på mobildekning, internett og andre digitale tenester viktig for næringsliv og busetnad i heile fylket.
Senterpartiet vil:
- arbeide for å nå 100 % mobildekning + mobildekning i tunnelar.
- arbeide for utbygging av høghastigheitsbreiband i heile fylket.
- at 5G-nettet må ha 100% dekning overalt.
- at breibanddekninga må fullførast med teknologinøytrale løysingar der fiber ikkje er mogeleg.
- prioritere stadar som ikkje har dekning fyrst.
- gje tilbod om hjelp til innbyggjarar utan digital kompetanse.
VESTLAND – EIN GRØN REGION FOR FRAMTIDA.
Senterpartiet er som næringsparti tydeleg på å vidareføre arbeidet for vekst og utvikling i heile fylket gjennom satsing på sysselsetjing og verdiskaping. Vestland er det leiande verdiskapingsfylket i landet, og er også det største vareeksporterande fylket. Fylket er også det leiande fylket innan grøn, berekraftig omstilling. Dette har utgangspunkt i våre rike naturressursar og handlekraftige menneske,- Vestlendingen! Senterpartiet vil i politikkutforminga stimulere til at me forsterkar innsatsen på berekraftig, lønsamt næringsliv. Senterpartiet har derfor alt lagt ned ein stor innsats i å forma Vestland fylkeskommune sine viktige planar som t.d. nærings- og innovasjonsplan, temaplan landbruk, temaplan reiseliv, fornybarplan, klimaplan, plaststrategi og ikkje minst partnarskapen Grøn region Vestland. Desse «verktøya» ligg til grunn for kampen vår for vekst og utvikling i heile fylket i den komande perioden. Det vil vera målkonfliktar i næringspolitikken. For senterpartiet er grunnlaget å leggja forvaltarsynet til grunn. Dei store klimaendringane påverkar miljø og natur, og er den største utfordringa i vår tid. Me legg klimautfordringane til grunn for all vår samfunnsplanlegging, og i forvaltarsynet vårt byggjer me på det menneskelege ansvaret. Me vil stimulera til meir sirkulærøkonomi og mindre forbruk. Vekst er ikkje å forbruke meir, men å forvalte betre. Då vil dei fleste ressursane vare lengre. Med dette i botn, vil me føre ein politikk der me omset ord til handling, og tek dei globale utfordringane ned til lokale løysingar. Dette skal gjerast slik at me gir rom for utvikling i heile fylket. Senterpartiet vil stå fremst i kampen for gode rammevilkår for næringslivet i vest.
Senterparti vil:
- at fylkeskommunen skal stille strenge krav til miljø- og klimavennlege løysingar ved innkjøp m.v., og brukar innkjøpskrafta i offentlege anbod til å fremje det grøne skiftet og lokal verdiskaping.
- fullføre innføringa av null- og lågutsleppsteknologi i bussar, ferjer og båtar i dei komande anboda i fylkeskommunal regi.
- støtte opp om auka produksjon av fornybare energiberarar som kan styrke næringslivet og sysselsetjinga i fylket inn i det grøne skiftet.
- vere pådrivar for utbygginga av el-ladestasjonar i heile fylket, samtidig som ein prioriterer oppgradering av dei etablerte el-ladestasjonar og jobbe for sams betalingsplattform for desse.
- arbeide for midlar til utbygging av ladestasjonar for taxinæringa i dei største byane og tettstadane i regionen.
- leggje til rette for innfartsparkering slik at fleire kan ta kollektivtransport inn til bysentrum.
- bruke fylkeskommunen som ein pådrivar og samlande utviklingsaktør for berekraftig vekst i næringslivet i fylket.
- vere pådrivar for at Northern Lights (i Øygarden) lukkast, og få ringverknader av dette.
Rein natur.
Senterpartiet vil:
- arbeide for at nasjonale og lokale myndigheiter samarbeider med lokale hamner om ei berekraftig utvikling av cruisetrafikken.
- vidareutvikle ordningar som bidreg til opprydding og kunnskap rundt plastavfall.
- målrette saltbruken langs vegane, samstundes som trafikktrygginga vert oppretthalden.
- at menneska skal ha ansvar for naturen
- arbeide for at me tek ansvar for å redusera forsøpling, utslepp og sikrar leveområda for dyr, fuglar og plantar
- fremje god skjøtsel av natur, sikre artsmangfaldet og sikre naturen i klimatilpassinga vår.
- ha strengt jordvern. Dersom matjord vert bygd ned, skal jorda gjenbrukast slik at alternativt areal av same kvalitet opparbeidast. Bruk av jordtippar skal ikkje nyttast.
- bidra til at idretten sikrar kunstgrasbaner mot utslepp, og jobbar for meir naturvenlege løysingar.
- støtte plastryddeaksjonar og liknande.
- redusere fylkeskommunale bruk av plast og anna avfall som kan skade eller gje uheldige utslag på naturen.
- opprette returpunkt i skjærgarden for å kunne levere plast/avfall frå båter/øybrukarar (i samarbeid med BOF).
Berekraftig utvikling.
Senterpartiet ønskjer ei utvikling og forvaltning av landets naturresursar som sikrar ein berekraftig vekst. Me vil leggje FN sine berekraftsmål til grunn for vårt politiske arbeid. Den auka ekstremnedbøren viser dei store utfordringane med flaum som kan gjere skade og me ønskjer ei heilskapleg vurdering av flaumdempande- og sikringstiltak.
Senterpartiet vil arbeide for at NVE får auka statlege tilskot til førebyggande tiltak. Førebygging er langt rimelegare enn å utbetre etter skade.
Senterparti vil:
- stille strenge krav til jordvern. Dersom ein likevel må bygge ned matjord bør alternativt areal av same kvalitet opparbeidast.
- styrke naturturismen i regionen.
- vurdere å støtte innføring av lokal turistskatt for å finansiere servicetilbod.
- at fylkeskommunen tek aktivt i bruk framtidsretta berekraftige teknologiløysingar.
- halde fram bruken av tre som byggemateriale ved bygging av nye fylkeskommunale bygg, auka gjenbruk av byggemateriale, og elles nytta løysingar som reduserer karbonavtrykket.
- ha fokus på beredskap i møte med effektane av klimaendringane.
- sikre villaksstamma og sjøauren for framtida, gjennom samarbeid mellom, fylke, stat og kommune.
- opne for bygging av flaumtunellar der det å ta vatn ut av vassdrag er einaste utveg for å sikre infrastruktur og samfunn nedstraums.
- leggje til rette for ein energipolitikk som gjev industri og næringsliv føreseielege og låge energikostnadar.
- leggje til rette for energiøkonomisering på alle områder gjennom insentiv som ENØK-ordningar.
- Sikre villreinstammene våre gode levekår i framtida og tilpasse menneskeleg aktivitet i villreinområda slik at villreinen sine arealbehov vert godt tekne vare på.
Fornybar energi.
Senterpartiet vil:
- satse på framtidsretta energiproduksjon som vasskraft, vind og solenergi, bioenergi og hydrogenproduksjon på norske hender.
- støtte søknader om utbygging av fornybar energi der dette er eit ynskje frå lokale myndigheiter.
- at all energiproduksjon basert på naturressursar skal vere basert på lokal/nasjonal offentleg eigarskap
- at mest mogleg av krafta skal nyttast lokalt.
- greie ut kjernekraft som eit mogleg tilskot til kraftproduksjon i framtida.
- arbeide for at Stortinget opnar for skånsom utbygging av verna vassdrag, der dette ikkje kjem i konflikt med vernemåla.
NÆRING.
Eit sterkt næringsliv er den viktigaste føresetnaden for auka folketal, velferds- og samfunnsutvikling. Senterpartiet vil stimulere til initiativ og skaparlyst. Gode idear og initiativ skal møte ei open dør og velvilje i Vestland fylke sitt næringsarbeid.
Senterpartiet si grunnhaldning er å bygge eit desentralisert samfunn der me opprettheld busetnad, tenester og forvaltar ressursane med tanke på framtida. Me er opptekne av lokal eigarskap og lokal forvaltning, og me vil jobbe for å forvalte ressursane slik at dei kjem folk som bur i områda våre til gode, gjennom arbeidsplassar og verdiskaping.
Vestlandet har fleire sterke næringsklynger som må kunne vidareutvikle seg og ta leiande posisjonar både lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Me vil leggje til rette for etablering av nye klynger i tråd med politikk for dette.
Ressursforvaltning og arealdisponering.
For Senterpartiet er det eit mål at det skal bu folk i heile landet og i heile Vestland fylke. Ei berekraftig utnytting av alle ressursane våre er avgjerande for framtida. Vestlandet er rikt på naturressursar og velstanden me opplever i landet vårt no har me mellom anna fordi me har desse ressursane. Me haustar av havet, me produserer aluminium av rein fornybar energi, me forsyner oljeindustrien, me tek i mot store mengder med turistar og produserer mat og tømmer.
Vestland kan bidra til å løyse klimautfordringane ved å realisere mykje av potensialet for utbygging av fornybare energikjelder. Det er eit mål for Senterpartiet at dei store energiressursane i neste omgang vert nytta til å skape ny industri og arbeidsplassar lokalt, til dømes hydrogenproduksjon og utvikling av batteriteknologi. Utbygging av desse ressursane må ta omsyn til naturen.
Næringsutvikling.
Senterpartiet vil:
- arbeide for at Stortinget set av meir midlar til Innovasjon Noreg, regionale utviklingsmidlar og kommunale næringsfond.
- arbeide for å styrke partnarskapen mellom næringslivet, høgare utdanningsinstitusjonar og forskingsmiljøa gjennom å bruke regionalt forskingsfond.
- at Vestland framleis er ein sterk gass- og oljeleverandør til Europa i lys av den nye globale situasjonen.
- utvikle både digital og fysisk infrastruktur som legg eit godt grunnlag for næringsutvikling i heile fylket.
- ta ansvar for å sikre gode og relevante utdanningstilbod med god kvalitet som dekkjer næringslivet sitt behov.
- arbeide for etablering av nye næringsklynger og vidare oppbygging av dei eksisterande, slik at ein i større grad får dekka behovet i fylket.
- arbeide for desentralisering av statlege arbeidsplassar til fleire delar av fylket.
- arbeide for lik nettleige i heile landet.
- utvikle og marknadsføre verdsarvområda og turistvegane i fylket.
- at krafta me produserer i Vestland vidareforedlast i fylket.
- tilpasse eksisterande miljøfyrtårnordninga for små bedrifter.
- arbeide for at Vestland skal kunne ha eit konkurransefortrinn når det kjem til kraftkrevjande industri.
- arbeide for nok energi til rimeleg pris for å sikre næringslivet i fylket. Den store kampen er i tillegg å sikre nok og rett arbeidskraft til heile arbeidslivet. Dette må løysast med breitt samansette tiltak.
- stimulere til «kontorhotell» i alle kommunar.
- arbeide for utvikling av nettleige i fylket.
- leggje til rette for etter og vidareutdanning i distrikta slik at folk kan kombinere utdanning med arbeid og familieliv.
Matproduksjon i vest.
I Vestland produserer me trygg, rein mat, som er viktig for den norske verdiproduksjonen og verdiskapinga i fylket vårt. Me definerer matproduksjon til lands og i sjøen, inkludert fiske. Hausting av dei ville ressursane i naturen, både plantar og jakt er også viktig matauk. Matproduksjon er ein viktig del av den eigne beredskapen vår. Me vil leite etter rom for auka matproduksjon, både direkte og gjennom produktutvikling. Råvarene, vestlandsklima, topografi og store sesongvariasjonar er utgangspunktet for matkulturen vår og produksjonen av trygg mat i Vestland. Senterpartiet vil også støtta utviklinga av matkultur og gastronomi i fylket.
Fiskeri og havbruk.
Fiskeri og havbruk står for stor verdiskaping og sysselsetting i Vestland fylke. Næringa er den viktigaste premissen for busetnad og sysselsetting langs kysten i Vestland. Senterpartiet vil leggje til rette for berekraftig vekst og auka verdiskaping, leggje til rette for auka vidareforedling i fiskeindustrien og byggje god infrastruktur i og rundt fiskerihamner.
Senterpartiet vil:
- sikre rekruttering og kompetanse til fiskeri og havbruksnæringa ved å tilby gode utdanningsløp.
- utvikle havbruksnæringa ved å finne gode lokalitetar gjennom god arealplanlegging både på havet og på land.
- at kommunane vert kompensert økonomisk for tilretteleggjing av areal til havbruk.
- leggje til rette for utvikling av lokal fiskeindustri samt leverandørindustrien.
- følgje opp statlege mynde, slik at planlagde fiskerihamner som er prioriterte i nasjonal transportplan (NTP) vert bygde.
- arbeide for at område som har fått redusert produksjon etter trafikklysmodellen, beheld kapasiteten til nøytral havbruksteknologi(lukka anlegg/nedsenkbar merd o.l.).
- støtte berekraftig produksjon og hausting av matressursar i havet utover fisk.
Landbruk.
Landbruket i Vestland er ein stor produsent av mjølk, kjøt, frukt, grønt og bær. Fylket har store utmarks- og grovfôrressursar som må nyttast betre for å auke norsk matproduksjon og beredskap. Landbruket bidreg i tillegg med velstelt kulturlandskap, busetnad og arbeidsplassar. Senterpartiet vil jobbe for at landbruket i Vestland fylke skal vidareutvikle og styrke sin del av den samla matproduksjonen i Noreg, og gje levedyktig inntekt til bøndene. Landbruket, saman med næringsmiddelindustrien, representerer mange arbeidsplassar i Vestland og er ei av dei store næringane me har. Skogbruket er ein del av landbruket. Vestlandsskogane er inne i ei stor haustetid, og me vil leggje til rette for dette. Skogen er også ein del av klimaløysinga, og me vil føre ein aktiv skogbrukspolitikk ut frå dette perspektivet.
Senterpartiet vil:
- utvikle Vestlandslandbruket, med rom for både store og små bruk, til å ta i bruk dei lokale ressursane i produksjonen og auke produksjonen av etterspurde varer.
- støtte og prioritere foredling- og næringsetablering som nyttar lokale råvarer, samt utvikling av nye produkt og lokal foredling av produkta.
- sikre ei betre rovdyrforvaltning for å unngå tap av beitedyr. Uttak av skadedyr skal skje raskt.
- auke tilgangen på tilskots- og investeringsmidlar til bygdeutvikling og næringsutvikling i landbruket. Investeringsmidlane må ha ei innretting slik at det skal vere mogeleg å fornye driftsapparatet for dei typiske vestlandsbruka.
- sikre god rekruttering og kompetanse til næringa ved å tilby gode utdanningsløp.
- leggje til rette for eit aktivt skogbruk, samt følgje opp kystskogmeldinga 2022. Vegane må utbetrast for å kunne hente ut tømmeret.
- arbeide for at alle område som kan nyttast til matproduksjon vert halde i hevd og nytta til matproduksjon.
- trekke aktivt inn landbruksskulane i fylket i utviklinga av Vestlandslandbruket.
- ha gjennomført reversering av domstolreforma. Jordskifterettane i Indre Sogn og Nordfjord og tingretten i Hardanger skal gjenopprettast.
- ha aktiv skogplanting på eigna område for å sikre Co2-fangst og klimamål.
- arbeide for moglegheitene som ligg i landbruket for å nå klimamåla. Landbruket er ein del av løysinga.
- ha ei aktiv forvalting av verneområda, både for å sikre naturmangfald, men også matproduksjon og beredskap.
- arbeide for å ta vare på meieriet i Vik, for framhald og vidareutvikling av produksjonen av den norske kulturarven gamalost og lokal foredling av bær.
- sikre økonomien i vestlandslandbruket og i mjølkeproduksjonen, ved å auke investeringsstøtte og tilskotsordningane, slik at ombygging til lausdriftsfjøs skal vere økonomisk forsvarleg
- jobbe for at små bruk som ikkje har økonomi eller driftsgrunnlag for å byggje om til lausdriftsfjøs skal kunne drive med dispensasjon til bygningsmassen er utdatert og det må gjerast store endringar eller nybygg for å kunne halde fram.
- støtte omlegginga frå båsfjøs til lausdriftsfjøs gjennom auka investeringsstøtte og auka tilskotsrammer.
- gje støtte til ny teknologi som gjer det mogleg å nytte områder utan inngjering, t.d. Nofence
Industri.
Vestland er eit industrifylke, med mange sysselsette. Dei store industristadene våre er tett knytt til energi- og berekraftig politikk. Senterpartiet vil arbeide for at industrien i Vestland skal ha konkurransedyktige rammevilkår både nasjonalt og internasjonalt. Norsk rein kraft til låg pris skal vera eit konkurransefortrinn for industrien.
Senterpartiet vil:
- arbeide for ei berekraftig industriutvikling med særleg fokus på reduksjon i klimagassar.
- leggje til rette for utdanningstilbod som sikrar at industrien har tilgang på kompetent arbeidskraft.
- arbeide for vidare utvikling av ny og framtidsretta industri basert på naturgitte ressursar.
- leggje til rette for kraftkrevjande verftsindustri, leverandørindustri, maritime næringar på dei tradisjonelle industristadane og stimulere til knoppskyting ut frå eksisterande bedrifter.
- støtte arbeidet for fleire arbeidsplassar i fylket knytt til petroleumsnæringa.
- leggje til rette for større aktivitet i skogbruksindustrien.
Forsking og utvikling.
Senterpartiet vil:
- styrkje forskings-, universitets og høgskulemiljøa i fylket og samspelet med fylkeskommunen.
- arbeide for at ein større del av midlane til Forskningsrådet og dei regionale forskingsfonda kjem næringslivet i Vestland til gode og auke kunnskapen om korleis næringslivet kan kvalifisere seg til å delta i forskingsprosjekta.
- utvikle "Havbyen Bergen", som med basis i ressursane i fylket tek ei leiande rolle i berekraftutfordringane knytt til havet.
- ha tatt dialog med utdannings- og kompetansemiljøa i Vestland for å styrkje og utvikle dei til det beste for utviklingskrafta i fylket.
Reiseliv.
Reiseliv er ei av det sterkast veksande næringane i landet, og reiselivet på Vestlandet står i ei særstilling når det gjeld natur- og kulturbasert reiseliv. Fleire millionar menneske besøker landsdelen vår årleg. For Senterpartiet er det viktig å vidareutvikle næringa slik at den er rusta til å møte framtida. Det er mellom anna avgjerande for reiselivet at me får til ein god infrastruktur og god forvaltning av kulturlandskap, kulturminne og kulturmiljø. Utviklinga må skje i eit nært samarbeid mellom lokale styresmakter og lokalbefolkninga.
Senterpartiet vil:
- leggje til rette for ei berekraftig utvikling av reiselivsnæringa der ein utviklar eksisterande reisemål samtidig som ein bygger opp nye.
- leggje til rette for eit natur- og kulturbasert reiseliv med stor lokal verdiskaping.
- arbeide for at reiselivsnæringa skal utvikle seg for å kunne drive meir heilårsturisme.
- leggje til rette i nært samarbeid med kommunar og næringa
- at kollektivtilboda også er tilpassa reiselivet sine behov.
- at lokale mattradisjonar vert ein viktig del av reiselivssatsinga.
- leggje til rette for berekraftig turisme, der målet er å auke gjennomsnittleg tal på overnattingsdøgn pr. gjest, og å satse mest på turistar med kort reiseveg.
HELSE.
Folkehelse og inkludering.
Folkehelseperspektivet skal vere ein del av all fylkeskommunal planlegging, uavhengig av sektor. Senterpartiet sitt mål er ei samfunnsutvikling som fremjar folkehelse og motverkar sosiale helseskilnader.
Kultur, idrett og friluftsliv er med alle sine aktivitetar og møtearenaer viktig for det einskilde menneske si oppleving av eit godt liv. Det er viktig at einskildmenneske, uavhengig av føresetnader, har tilgang til aktivitetar og fellesskap som gjev meining og moglegheiter til medverknad.
Uavhengig av kvar ein bur eller kva ein tener skal ein ha lik tilgang til grunnleggande helsetenester. Å få fleire i aktivitet er eit viktig førebyggingstiltak som må prioriterast høgt.
Dei fleste lokalsamfunn har dei siste åra tatt imot flyktningar og gjer eit godt arbeid med inkludering.
Fylkeskommunen skal vere ein god rettleiar i busetjingsarbeidet og støtte tiltak som styrkar inkluderingsarbeidet lokalt.
Senterpartiet vil:
- at folkehelseperspektivet skal vurderast i alle fylkeskommunale planar.
- leggje til rette for fleire turstiar og friluftsliv.
- ha eit tett samarbeid med frivillige lag og organisasjonar i det førebyggande helsearbeidet.
- ha tilgang på, og stille krav om, sunn mat i kantinene på skulane.
- at vidaregåande skular skal drive aktivt førebyggande arbeid i form av kampanjar som omhandlar rus, dop, mobbing, diskriminering, nettvett og psykisk helse.
- arbeide for at innbyggjarane i fylket har tilgang på gode helsetilbod som gir rask, sikker og god hjelp når dette trengst. Alle skal ha lik rett til likeverdige helsetenester uansett kvar dei bur.
- arbeide for å oppretthalde dagens sjukehusstruktur.
- vere pådrivar for desentralisering av spesialisthelsetenester og oppretting av lokalmedisinske senter i bydelar, kommunar eller samarbeidande kommunar.
- arbeide for å få fleire medisinske spesialisttenester i distrikta.
- leggje til rette for å inkludere arbeidssøkjarar som elles ville hatt problem med å kome i arbeid, gjennom samarbeid med kommunane og NAV.
- vidareutvikle Idrettsklynge Vest.
- støtte ordningar som legg til rette for at eldre kan delta i ulike aktivitetar.
- at folkehelseperspektivet skal vurderast i alle fylkeskommunale planar.
- leggje til rette for fleire turstiar og friluftsliv.
- at alle har tilgang til aktivitetar og fellesskap som gir meining og moglegheiter til medverknad.
- at fylkeskommunen skal vere ein god rettleiar i busetjingsarbeidet og støtte tiltak som styrkjer inkluderingsarbeidet lokalt.
Tannhelse.
God tannhelse for alle er eit viktig mål for folkehelse- og helsepolitikken til Senterpartiet.
Senterpartiet vil:
- at innbyggjarane skal ha tilgang på ei god desentralisert offentleg tannhelseteneste med lokal akuttberedskap i heile fylket.
- ha eit aktivt førebyggande tannhelsearbeid.
- ha ei aktiv rekruttering av tannlegar og anna tannhelsepersonell.
- at fylkeskommunale tannklinikkar som står ubrukte enkelte dagar skal kunne leigast ut til andre.
- ha gode samarbeidsrutinar med kommunane for å sikre tannhelsetilbodet til personar under tilsyn av heimesjukepleia.
- etablere avdeling for Tannklinikk Vest i Førde og etablere tett samarbeid med UiB om tannhelse.
- arbeide for å få tannhelse inn I eigenandels-ordninga.
- at samarbeid med private tannklinikkar også kan vere eit alternativ for å sikre tenester nær folk.
- gi hybelbuarar tilgang på tannhelsetilbod der dei går på skule/studerer.
DESENTRALISERING AV MAKT OG OPPGÅVER TIL FYLKA.
Senterpartiet vil ta heile fylket i bruk. Fylkeskommunen skal vera ein aktiv og sterk utviklingsaktør for kommunane og lokalsamfunna som slår ring om og bruker ressursane i å utvikla kommunane og lokalsamfunna.
Fylkeskommunen er viktig for desentralisering, utvikling og tenester nær folk. Alternativet er at viktige oppgåver innan vidaregåande opplæring, veg og kollektiv, kultur, ressursforvaltning og næring vert lagt til endå større kommunar eller ein sterkare stat, lenger vekk frå folk. Ei slik utvikling ønskjer ikkje Senterpartiet. Me vil forsetje arbeidet med å nytte både menneska og naturressursane til utvikling av gode lokalsamfunn i heile Vestland. Dette skjer best i tett samarbeid med kommunar, næringsliv og frivillig sektor.
Vestland har starta godt, og Senterpartiet vil arbeide for eit sterkt og velfungerande regionalt nivå. Det er til beste for kommunane, framfor ei to-nivåløysing. Den vil alltid gi for stor makt til det statlege nivået.
Staten må derfor sikre at fylkeskommunane får økonomiske rammer til å gjennomføre dei oppgåvene som vert forventa av fylka.
Senterpartiet vil:
- at Vestland fylke både er ein effektiv og desentralisert organisasjon, som er lokalt til stades og har lokalt perspektiv på samfunnsutviklarrolla.
- at Vestland er offensiv som talerøyr for Vestlandet sine interesser, og bidreg til den positive forteljinga om moglegheitene i heile fylket.
- at nye oppgåver som vert overført frå staten skal føre til nye arbeidsplassar i heile fylket.
- at naturressursane skal nyttast på ein berekraftig måte til matberedskap, arbeidsplassar, energiproduksjon og utvikling i heile Vestland.
ARBEIDSGJEVARPOLITIKK.
Fylkeskommunen er med ca. 6000 tilsette ein viktig arbeidsgjevar, og skal vere kjenneteikna av god leiing og tillitsfulle forhold på arbeidsplassane. Godt arbeidsmiljø, ryddige forhold i tråd med arbeidsmiljølova og avtaleverk, kombinert med god leiing, gir trygge tilsette som bruker evnene sine i jobbutføringa.
Senterpartiet vil:
- at fylket skal ha kollektive avtalar, heiltidstilsette som hovudregel og eit trygt og inkluderande arbeidsmiljø.
- at fylket aktivt skal leggje til rette for karriererettleiing for dei som vil gå frå trygd til arbeid, jobbe for at fleire nasjonalitetar kjem i jobb, og leggje til rette for at folk kan stå lengst mogleg i arbeidslivet.
Senterpartiet har vore pådrivar i Fair play-prosjektet for gode forhold i konkurranseutsett og anbodsbasert sektor. Dette for at alle skal vere sikra tryggleik for jobb og inntekt. Me skal ikkje ha sosial dumping i Noreg.
BEREDSKAP.
Forsvarets forskingsinstitutt (FFI) erkjenner at Noreg ikkje er i stand til å forsvare seg mot eit angrep frå Russland, samt at me ikkje er i stand til å ta i mot alliert hjelp. Med dette som bakteppe og den usikre situasjonen i Europa i dag har Vestland Senterparti ei forventning at statleg nivå etablerer ein beredskap likt mobiliseringsforsvaret. Dette gjeld på alle nivå: forsvaret, matforsyning, kommunikasjon, samt sikre eiga befolkning fysisk med tilstrekkeleg oppdaterte tilfluktsrom. Senterpartiet går inn for at beredskap og forsvar generelt vert styrkt i tida framover.
Målet skal vere å vere i stand til å ta i mot alliert bistand, ha eigenforsyning tilsvarande tre månader, ha heilt sikker og trygg kommunikasjon, samt kunne huse heile befolkninga i trygge tilfluktsrom.