Meny
Rusbilde 2

Avkriminalisering er ikkje svaret

Regjering har fremma sin rusreform til behandling i Stortinget om å avkriminalisere  bruk, besittelse og erverv av narkotika. Reforma vil kunne få store konsekvensar for barn og ungdom. Senterpartiet vil at rusavhengige skal møtast med helsehjelp, ikkje straff. Det er det fullt mulig å få til, utan å avkriminalisere narkotika for alle, skriv Kjersti Toppe.

- av Kjersti Toppe, helsepolitisk talsperson og  stortingsrepresentant i Senterpartiet

Regjeringa hevdar at avkriminalisering ikkje fører til auka bruk. Folkehelseinstituttet påpeiker i sitt høyringssvar at påstanden er tvilsam og ikkje tilstrekkeleg vitskapeleg grunngjeve. Dei skriv at ein slett ikkje kan utelukke at narkotikabruken i befolkninga vil auka som følgje av reforma. Liknande bekymringar kjem frå Senter for rus- og avhengighetsforskning (SERAF), Legeforeninga, Barneombudet og Politidirektoratet.

Regjeringa hevdar at forbod verkar ikkje. Men ifølgje rapporten ESPAD 2019  er Norge blant dei landa kor færrast av dei unge prøver eller bruker narkotika. I Norge gjeld dette i alt 12 prosent av gutane og 6,5 prosent av jentene. I Italia er tilsvarande tal 31 prosent og 24 prosent. I Danmark 23 prosent og 13 prosent. Den norske modellen med ein kombinasjon av førebygging, lovforbod og alternative reaksjonar med behandling, har fungert bra når det gjeld narkotikabruk blant unge.

Regjeringa hevdar at ungdom ikkje blir meir utsett med  rusreforma. Men ifølgje politiet vil avkriminalisering gjere den førebyggande innsatsen blant ungdom vanskelegare. Helsesjukepleiarane åtvarar mot å tru at ungdom med narkotikaproblem vil bli hjelpt med eitt oppmøte på eit kommunalt kontor, slik regjeringa føreslår.

Dagens verkemiddel for oppfølging av ungdom, som ruskontrakt, vil ikkje bli vidareført. Unge vil kunne oppfatte avkriminalisering  som at narkotika no blir «lovleg». Det skal være straffefritt å bære for eksempel 2 gram kokain, 10 gram cannabis eller 0,5 desiliter GHB. Det tilsvara 80 doser med kokain og 50 doser cannabis ifølge det offentlige informasjonstilbodet «rustelefonen.no». Samtidig skriver regjeringa vidare at som hovudregel skal gis påtaleunnlating til personer som bærer opp til 200 doser kokain eller opptil 75 doser cannabis. Det får ingen konsekvensar om ein blir tatt.

Det er behov for ein rusreform. Men ikkje den regjeringa har lagt fram.  Regjeringa sin reform har ingen tiltak for betre førebygging blant barn og unge, eller betre behandling og ettervern for rusavhengige. Senterpartiet har i Stortinget nyleg fremma forslag om ein førebyggings- og behandlingsreform for rusfeltet, der vi går imot generell avkriminalisering. Rusavhengige skal møtast med helsehjelp, ikkje straff. Men vi har ikkje råd til ein politikk der vi gamblar med auka narkotikabruk blant ungdom. 

---------

Her finn du heile 10-punktsforslaget med bakgrunn, som er omtala i innlegget til Kjersti Toppe, og som er fremma frå Senterpartiets stortingsrepresentantar Kjersti Toppe, Aud Hove, Geir Adelsten Iversen, Per Olaf Lundteigen, Jan Bøhler og Emilie Enger Mehl:

"Representantforslag om en forebyggings- og behandlingsreform innen rusfeltet"