Meny

Beredskapen var ikkje god nok

Noreg var ikkje godt nok førebudd då koronakrisa råka. Det ynskjer Senterpartiet og helsepolitisk talskvinne, Kjersti Toppe, å gjere noko med.

Grunna koronakrisa og færre stortingsrepresentantar i salen har Toppe hatt kontor på Stortinget annakvar veke. Denne veka er ho på Stortinget og i full sving.

- No er det ganske full fart med saker til behandling både i komité, i stortingssalen og i gruppa, seier Toppe og peikar på bunken med dokument på kontoret.

- Er det godt å vere tilbake på Stortinget?   

- Ja, eg synes at digitale møteplattformar som Teams og Skype aldri kan erstatte fysiske møter med folk, så det er det eg saknar mest. Og så er det fint at eg faktisk har ein eigen arbeidsplass. Heime flyktar eg frå rom til rom for å få litt fred. Det har vore ein kamp om opphaldsromma. Eg havnar ofte i ein krok på vaskerommet, seier Toppe og ler godt.

 

Det meste som skal diskuterast på Stortinget denne veka omhandlar naturleg nok koronasituasjonen. Då blir beredskap ein av dei viktigaste diskusjonane.

- Beredskapen var ikkje god nok. Norge har framleis eit sterkt offentleg helsevesen, men vi har bygd ned for mange sjukehussenger og har færre intensivplassar per innbyggjar enn mange andre land vi kan samanlikne oss med. Den nasjonale beredskapen for både legemiddel og smittevernutstyr er svært dårleg. Det sjølv om vi visste at ein pandemi var den mest sannsynlege krisa som kunne ramme oss. Vi hadde ein pandemi så i 2009, svineinfluensaen, likevel sto sjukehusa i midten av mars så og sei utan beredskap for vanleg smittevernutstyr, og det var og prekært i kommunane, fortel Toppe.

 

Toppe er ein av dei som fleire gonger har kjempa for eit beredskapslager for medisinar.

- Legemiddelforsyninga vår er sårbar, også i fredstid. Det er mangelsituasjonar svært ofte, sjølv utan at vi har ein pandemi eller annan helsekrise. Produksjonslinjene er kompliserte, og ein brann i ein fabrikk i India som lagar ein komponent eller tilvirkningsstoff, kan få store fylgjer. Norge er eit rikt land og kan betale meir enn andre, samtidig er vi ein liten marknad. Vi veit at legemiddelmangel er ei av dei mest sannsynlege krisene som kan ramme oss. Då må vi ha større nasjonal beredskap og lagring av viktige legemiddel, slik som antibiotika, fortel Toppe.

 

Hardt arbeid gjev ofte resultat, og den røynde helsepolitikaren kan klappe seg på skuldra for å ha fått kjempa på plass eit viktig fleirtal i stortingssalen no nyleg.

- I går fekk eg fleirtal i salen for Sp sitt forslag om å be regjeringa få på plass ein beredskapsmodell for norsk produksjon av viktige legemidlar, herunder antibiotika, seier Toppe.

- Vi har fleire gonger før koronasituasjonen for alvor råka oss sett diskusjonane om matsikkerheit og beredskap, men ikkje så mykje når ein tenkjer på medisinar. Kvifor har ikkje folk vore like opptekne av?

- Eg trur mange har tatt det for gitt at legemiddel er det trygg forsyning av, og at det er noko vi alltid kan kjøpe oss. Det er noko vi heller ikkje tenker på, før vi ikkje har det!. Ein annen ting er antibiotikaresistens som gjer at antibiotika ikkje vil virke. Også kalla helsevesenet si klimakrise. Står vi utan antibiotika som virkar, vil det fort føre landet ut i ein alvorleg situasjon. Allereie no veit vi at antibiotikaresistens tar livet at fleire folk enn terror.  Så ja, legemiddelmangel er ei sannsynleg helsekrise, og mangel på verksame legemiddel.

 

Toppe har også merka seg at koronakrisa har gjort at dei andre partia har endra seg litt når det kjem til Senterpartiet sin politikk både på beredskap og medisinlager, og små einingar og lokalsjukehus.

- Absolutt. Det er ein viktig del av helseberedskapen i landet at vi har mange og desentraliserte sjukehus. Då helsedirektoratet midt under den verste smitteperioden kom med sine prioriteringar for helsetenesta, fekk alle klar beskjed om at det var lokalsjukehusa som måtte behandle sjuke pasientar. Berre dei som verkeleg trengte det, kunne bli overført til eit større regionsjukehus. Det handlar om total sjukehuskapasitet, og at lokalsjukehus må kunne ta hand om dei fleste «vanlege» sjuke, også i pandemitid. Mange andre parti støttar no Senterpartiet sin helsepolitikk, som heile tida har vore lokalsjukehusa sin største forsvarar.

 

- Så du har håp om at dette kan vere med på å påverke helsepolitikken i Stortinget meir i Sp si retning i tida framover? 

- Ja, det håpar eg på. Eller nei, eg forventar det! Vi må endre styring og finansiering av helsetenesta. Vi kan ikkje ha eit helsevesen som er styrt etter marknadsbaserte prinsipp, med innsatsstyrt finansiering og med store effektivitetskrav som fører til både sentralisering og privatisering. Helseforetaksmodellen må avviklast. Tenk at både Ahus og Kalnes i Østfold er bygd utan lagringsplass til smittevernutstyr! Det er jo heilt utruleg. Vi må tenke nytt når det gjeld sjukehusbygging. Som i Oslo, der det ikkje er riktig klokt å legge ned Ullevål, fortel ei engasjert Toppe.

 

Sjølv om Toppe har mykje å utsetje på når det gjeld styring av helsetenesta er det ein ting ho er fornøgd med. Dei tilsette i helsetenesta.

- Dei tilsette har mange plassar stått i ein svært krevjande situasjon, og eg er berre imponert over korleis ein har takla pandemien og korleis ein har mobilisert. 

 

- Så at dette ikkje er den siste pandemien som kjem til å råke Noreg er dei fleste samde om. Så kva blir så det viktigaste å ta med seg og lære av til neste gong ei slik krise råkar oss?

- Eg meiner vi må lære av alt, både beredskap og handtering. Ikkje berre på sjukehus, men også i kommunane. Dei fleste dødsfalla har ikkje skjedd på sjukehus, men i kommunane.  Det har skjedd veldig mykje bra i kommunane, men det har også vore store utfordringar. Eg meiner at dei sjuke, skrøpelege eldre har betalt ein stor pris under pandemien, som vi har snakka for lite om. Besøksforbodet ramma eldre hardt. Alt for hardt etter mitt syn. Eldre har også gjerne blitt isolert i eigen heim, og aktivitetstilbod er avvikla. Regjeringa har fremma ei tiltakspakke for sårbare born. Kanskje vi burde ha det same for dei sårbar eldre? Det må ein sjå på i evalueringa. Den viktigaste lærdomen er også å sjå på korleis det kunne gå til at vi sto nærmast utan smittevernutstyr, sjølv om det ikkje har mangla på nasjonale beredskapsplanar. Så håpar eg at ein lærdom blir at ein må byggje ut sjukehuskapasiteten i Norge, ikkje kutte i den, avsluttar Toppe.