Meny

Ein samferdslepolitikk for heile landet

To representantar, ein rådgjevar og ei geit. Det er Senterpartiet sitt mannskap i samferdslekomiteen på Stortinget.

Geita får vi kome attende til, for akkurat no er det djup konsentrasjon på kontoret til Bengt Fasteraune når han, Siv Mossleth og rådgjevar Nils Ramsøy set fordjupa i komitéarbeid. Det er nok å ta tak i.

- Ei av dei viktigaste og mest aktuelle sakene no er Posten. Får vi ei ytterlegare utarming av posttilbodet i distrikta? Mykje tyder på det og vi føl postlova med argusauge. Vi ser at Posten stadig ynskjer å kutte i talet på dagar med postlevering, fortel Siv som er representant frå Nordland.

Det er mange frå distrikta som kjem med tilbakemeldingar om at posttilbodet er for dårleg allereie. Spesielt i nord har reaksjonane på lang reiseveg for å hente posten sjølv vore mange.

- Samferdselsråd for Senterpartiet i Nordland, Svein Eggesvik, har no lagt til rette for at mange av dei framleis kan få posten levert. Eg har følgt opp med spørsmål til minister Dale. Han seier at vi skal ha likeverdige posttenester i landet, men flytter postkassene i distrikta. Når fylkeskommunen engasjerer seg og forsøker å rette opp i det dårlege tenestetilbodet så overlet han både ansvaret og kostnadar over igjen til fylkeskommunen. Det er ikkje rett at Posten skal få lov å legge kostnadar med å få fram posten til andre, seier den tydeleg engasjerte Sp-politikaren. 

Og dette er ikkje ei sak  som berre handlar om brev og rekningar.

- Det handlar om laboratorieprøver og pakkar som tek alt for lang tid å få fram ute i distrikta. Det er klart at det kostar både tid å pengar å gå å vente på reservedeler eller liknande som i dei sentrale strok kan leverast omtrent over natta. Det heng ikkje på greip. Vi har ikkje likeverdige posttenester i landet og verre vil det bli, seier Siv.

Dette er berre ei av mange viktige enkeltsaker som betyr mykje for folk. 

Andre viktige saker no er ekspressbusstilbod som forsvinn i distrikta. Flyruter som vert lagde ned og prisar blir høgare og høgare. Dette er saker vi har moglegheit til å påverke også i opposisjon. Regjeringa vil vel aldri seie ja til akkurat det vi i Senterpartiet ynskjer, men vi merkar jo at dei etter mykje press og påvirkning kan kome med politikk som er nærare oss enn det var i utgangspunktet, seier Bengt Fasteraune som representerer Oppland.

Senterpartiet er med på å setje søkelys på mange saker, og i så måte trur eg også vi er med på å presse regjeringa slik at dei ikkje tør å gå så langt som dei ynskjer i sentraliseringsprosjektet sitt som verkar til å vere det aller viktigaste for dei, seier Siv.

Samferdsel er eit stort saksområde og omfattar mykje meir enn ein kanskje tenkjer på i utgangspunktet.

- Vi har også ei viktig oppgåve innan beredskap, kanskje i større grad enn det folk trur. Det handlar om alt frå å frakte forsvarsmateriell til at samfunnet skal fungere når det som ikkje skal skje likevel skjer. Rassikring, kommunikasjon og alternative måtar å lede på når kommunikasjonen ikkje er der. Dette er noko vi må verte enda betre på å få fram, seier Bengt.

- Ja, og så må vi ikkje gløyme breiband til alle, seier Siv.

- Vi må ha meir ambisjonar enn det regjeringa har. I regjeringsplattforma brukar dei omgrepet «boområde», og då lurer vi på; kor mange bustadar må det vere i eit boområde til at du kvalifiserer til å få dekning? Gjeld det bonden i dalen og gründeren i fjellbygda? Er dei i eit boområde eller ikkje, spør Siv seg.

Kring møtebordet på kontoret set begge dei to representantane og rådgjevaren  seg meir inn i saka om avgiftsendringa i drosjenæringa.
- Taxiforbundet blir 100 år i år og er veldig bekymra for framtida til yrket, fortel Siv. Regjeringa har endra avgiftssystemet meir eller mindre over natta, slik at bilar som har plass til rullestolar blir kring 250 000 kroner dyrare. Det er klart det betyr noko framover når dei som er i taxinæringa må kjøpe nye bilar.
- Det opnast også for eit fullstendig frislepp i taximarknaden. Vi fryktar at taxitilbodet i distrikta kjem til å bli utradert. Konkurransen vert mykje sterkare i byane, men det viser seg at denne konkurransen berre har ført til fleire bilar som gjer at når ein taxi fyrst får ein tur må dei ha høgare betaling. I dei store byane har faktisk konkurransen ført til høgare prisar for forbrukaren, fortel Siv.

Men tilbake til geita som Siv lovde skulle vere med til Stortinget om ho vart representant i 2017-valet.

- Geita er ei påminning om at det verkelege livet er der ute, på grasrota. Om du blir heiltidspolitikar og aldri tenkjer på korleis det verkelege livet utanfor Stortinget sine veggar, ja då lever du i ei farleg lita boble og blir ein dårleg representant. Geita minner meg kvar dag på at landet er meir enn Oslo og at avgjersle som vert tatt her har stor innverknad på mange folk elles kring om i landet.

Bengt derimot har inga geit som prydar kontoret. Det er faktisk ikkje så veldig mykje på veggane heller.

- Nei, du ser at eg har ein stor og tom vegg. Eg har utfordra folk heime på Dovre om at dei må hjelpe meg med å få noko opp på den veggen som eg kan sjå på som minner meg om heime så eg både kjenner på heimlengt og stoltheit. Eg mistenkjer at det kjem eit bilete frå Dovrefjell der, seier Bengt og smiler lurt.

Likevel er det noko på kontoret til Bengt som stikk seg ut. Over døra heng det eit Lillestrøm-fotballskjerf. Det heng igjen etter tidlegare stortingsrepresentant for Senterpartiet, Ivar Oddnes, som gikk bort i fjor haust.

- Eg er ingen Lillestrøm-supporter, men Ivar var det. Det er Ivar sitt, og der, over døra skal det hengje. Akkurat slik som det hang då Ivar var her, fortel Bengt som brått gikk frå å vere vara til å verte fast møtande representant.

- Eg og Ivar kjende kvarandre godt og politisk er vi nok også litt like, men det å skulle overta etter Ivar var spesielt. Spesielt når han var sjuk og eg var inne som vara så kjende eg på ei kjensle av at det ikkje var eg som skulle vere på Stortinget, men Ivar. No som eg er her fast trur eg det er viktig at eg gjer ting på min måte, men Ivar er likevel med meg i arbeidet.
 - Det kom brått på, og plutseleg blei eg den med lengst erfaring frå samferdslekomiteen, men vi tre som no har ansvaret jobbar godt saman, fortel Siv.

No har Bengt vore på Stortinget i snart eit halvt år. Det er mykje nytt å setje seg inn i, men han har heldigvis elleve år som ordførar med seg i bagasjen inn på Stortinget.

- Det kjennest bra ut no, sjølv om det var ein litt brå overgang. Det er litt nytt, men også mykje eg kjenner til frå tidlegare som ordførar. Dei som har vore ordførarar har vore tett på mange saker, og vi er nok litt meir utolmodige enn dei som har vore representantar på Stortinget i ein mannsalder, også? Eg trur kanskje vi også ser at saka ikkje er slutt når du har hatt eit innlegg i salen. Saka er slutt når du har fått gjennomført det du ynskjer å gjennomføre, avsluttar Bengt.