Meny

Eit eventyr utan like

Når nokon av Costa Rica sine fremste musikarar skal feire sitt 25 års jubileum blir det med ein nestleiar frå Senterpartiet på scena.

ABKT3-IMG_15981

Anne Beathe Kristiansen Tvinnereim har mange gode minner frå tida som student i Costa Rica på slutten av 90-talet. Nokon av dei beste minna har ho frå tida der ho var med i bandet Gandhi, men korleis skulle det altså bli slik at ei ung, norsk jente enda opp der?

– Eg studerte i Costa Rica frå 1996-1998 som del av graden min på universitetet. Det vil sei, eg skulle eigentleg berre studere eit semester, men så tok musikken meg og eg ble verande. Ein kveld var eg på ein jamsession på ein jazzbar, og sidan eg likar å synge og latinamerikanarar er uformelle og gjestfrie folk, tok eg mikrofonen. Slik enda eg opp med å bli vokalist i to jazzband i San Jose, hovudstaden i Costa Rica, fortel Tvinnereim.

ABKT2-IMG_15911

Då rockebandet Gandhi, som nettopp hadde gitt ut si fyrste plate, trengte en korist, var vegen kort.

– Gandhi var skikkeleg på veg opp! Dei blei spelt på MTV Latino og låg på toppen av hitlistene i Costa Rica. Det fyrste speleoppdraget eg fekk bli med på var då vi skulle varme opp for latinomegastjernen Soraya, og kort tid etterpå for italienske Zuccero (han som mellom anna er kjend for superhiten «Senza una donna»). Jazzbanda mine spelte på bittesmå barar medan Gandhi spelte på store stadium, fortel nestleiaren i Senterpartiet og mimrar tilbake.


Det er ikkje så lett å skulle samanlikne Gandhi med noko i Noreg, men dei spelar rock med latinsk tilsnitt. Det er mykje «trøkk» i musikken deira, men vi spelte også intime, akustiske konsertar ved spesielle anledningar.

Dei musikalske minna frå tida på Costa Rica er mange, men det er nokre som har brent seg litt meir fast enn andre.

– Det å dele scene med megastjernene nemnt tidlegare var jo artig. Konserten med Soraya blei ei spesiell oppleving, for managementet hennar insisterte på at ingen andre kvinner fekk vere på scena under konserten. Berre ho, og eit band med menn. I Latinamerika har dei ei litt anna tilnærming til kvinnekamp, for å seie det forsiktig. I alle fall,  skulle Gandhi spele kunne ikkje publikum sjå meg. Løysinga vart at eg måtte stå og synge bak ein kjempestor monitor, slik at publikum høyrte, men ikkje såg meg. Det blei jo heilt absurd. Folk høyrte jo at Gandhi hadde fått ei kvinneleg røyst med på laget, fortel Tvinnereim og ler.

Enden på visa var at Gandhi fekk spørsmål frå media etterpå om korleis dette kunne ha seg. – Vi fekk mykje gratis publisitet og Soraya inviterte oss på nachspiel der hun ba så mykje om orsaking.

Artige og kuriøse opplevingar til tross, det er samhaldet i bandet Tvinnereim har mest gleda av å tenkje på i ettertid.

– Det eg hugsar best er kameratskapet i den bobla som utviklar seg rundt eit band som opplevde ein enorm popularitet på kort tid. Utroleg mykje moro, og kreative påfunn. Kvar konsert var en fest, og ein følte at alt rulla av seg sjølv, fortare og fortare.

Etter halvanna år var det på tide å reise heim til Noreg, der både studier og politikken venta. 

– Det var litt motvillig at eg reiste heim, men det høyrer med til historia at Frode Lindtvedt og Erik Lahnstein frå Senterungdommen kom på besøk rett frå Landsmøtet i Sandefjord og overtalte meg til å kome tilbake til Norge og bli aktiv i partiet igjen, fortel Tvinnereim.

No, over 20 år seinare, vender altså Tvinnereim nasa mot Costa Rica på nytt for å opptre saman med Gandhi, som altså feirar 25 år som artistar.

– Gandhi har klart det kunsttykket å halde saman i 25 år, dei har gitt ut mange plater, både saman og individuelt, dei har turnert internasjonalt, samarbeida med store namn og delt scene med Sting, Aerosmith og Deep Purple. Dei har eksperimentert med hardrock og turnert med et symfoniorkester. Dei er rett og slett blant Costa Rica sine fremste musikarar og har holdt populariteten oppe hele vegen, seier Tvinnereim.

Kva tenkte du når du vart spurt om å kome tilbake og opptre med dei igjen?

– Det var heilt umogleg å la den sjansen gå frå seg.  «Once in a lifetime», rett og slett. Vi er gode venner og eg gler meg like mykje til å treffe «gutta» igjen som å stå på scena. Det må seiast at eg er litt bekymra for antrekket, kanskje. Dei korte skjørta frå 1997 passer ikkje lenger, for å si det sånn, seier Tvinnereim og ler.

No ventar det altså fulle hus i Teatro Melico Salazar to kveldar på rad neste helg, og det er ikkje noko småtteri. Teateret rommar 2700 menneskjer.

– Å synge er det beste eg veit, det koplar inn sjela i ein travel kvardag, men det blir altfor lite av det. Tida med Gandhi var berre eit eventyr. Eit eventyr. Eg hugsar då eg reiste heim til Noreg at ingen kom til å tru kva eg hadde opplevd, men no skriv jo de om det.