Meny

Gode løysingar og mange gjennomslag

Med to gonger Marit frå Senterpartiet i utdannings- og forskningskomiteen på Stortinget ligg det meste til rette for gode gjennomslag for god Senterpartipolitikk.

 - Kom inn, kom inn, seier Marit som har fleire partifeller inne på kontoret i den travle desembertida på Stortinget.

Ein skulle nesten tru det var Senterungdommen som hadde møte inne på kontoret til Marit der ho har besøk av både Sandra Borch og Willfred Nordlund som er innom for å diskutere dagsorden i Stortinget i dag. Alle tre av dei kom inn etter brakvalet til Senterpartiet i fjor.

 

Marit A og Marit S

Det gode valresultatet førte også til at Senterpartiet fekk fleire komitear med to medlemmer. Ein av dei forsking- og utdanningskomiteen. Der har Marit Strand fått plass saman med Marit Arnstad.

- Det er veldig fint å ha Marit Arnstad i same komité. Eg lærer mykje av ho kvar einaste dag. Det er ei fin brytning mellom oss to. Ho har erfaringa, ser dei lange linjene og har vore styreleiar ved NTNU, medan eg er nyutdanna lærar og har mykje erfaring frå studentmiljøet. Vi representerer kvar vår generasjon og har litt ulikt syn på sakene, og det er i den brytninga eg trur vi finn dei gode løysingane, seier Marit Strand.

Gode løysingar har dei funne og gjennomslag har dei fått. Sjølv om dei sit i opposisjon.

- I fjor fekk vi mellom anna gjennomslag for ein time fysisk aktivitet, kvar dag, i grunnskulen. Det vedtaket er noko vi gler oss veldig over, men arbeidet er ikkje over. No står det att å få gjennomført dette vedtaket og vi har diverre ei regjering som er lite villig til å gjere nettopp det, fortel den relativt ferske stortingsrepresentanten frå Oppland, og seier det har oppstått det ein må kunne kalle ein spesiell parlamentarisk situasjon.

- Vi har hatt fleirtal i opposisjonen på dette området, som har gjort at vi har kunne fått gjennomslag for saker som ikkje er i tråd med det regjeringa sjølv ynskjer. Difor har vi no ei regjering som verkar til å ha lite lyst til å setje i gong med det som er bestemt, men med KrF på vår side i denne saka så har vi fleirtal og regjeringa må gjere det som Stortinget gir dei beskjed om.

Ei anna viktig sak for Senterpartiet har vore å få gjennomslag for ei evaluering av seksårs-reforma og å få til ei lovfesting av retten til å få vere med på leirskule for alle elevar. Gleda er også stor over at det no blir sett av meir pengar til folkehøgskulane.

 

Ei altomfattande negativ sentralisering

Men sjølv om det er mange gjennomslag for senterpartipolitikk, er det diverre framleis mykje som er mindre positivt også.

- Regjeringa snakkar høgt og varmt om mykje, men gløymer alt for ofte at det er kommunar og fylker som skal sikre at det ein ynskjer, blir realisert. Det ser ein tydeleg når ein ser budsjetta denne regjeringa har, og sentraliseringa dei står for, både i fylke og kommune. Den blåblå-regjeringa sin sentraliserande politikk er så altomfattande i negativ forstand. Det påverkar absolutt alt. Enten det gjeld helsesyster på skulane, helsestasjonar, nærskulen, talet på lærarar eller fritidstilbod.

- Dei pratar også veldig mykje om satsing på yrkesfag, men dei er ikkje villige til å prioritere det. I budsjettet no har dei lagt inn 30 millionar til konkrete tiltak. Senterpartiet har i sitt alternative statsbudsjett lagt inn 300 millionar. Det er i tillegg til det vi allereie har sett av til kommunar og fylker.
 

Må hugse samfunnsoppdraget

Det å sitje i opposisjon er ingen dans på roser, og er til tider svært frustrerande, men Marit Strand har bretta opp ermene og har planen klar for 2019.

- Senterpartiet skal fortsette å markere seg, og vi skal stå på og vere ei motvekt til testhysteriet i skulen, normer og sentrale krav. Regjeringa er opptatt av at alt skal vere så likt i skulepolitikken, og gløymer difor det lokale handlingsrommet.

- Vi er nøydt til å passe på i tida som kjem. For som vanleg, opplever vi at regjeringa durar i veg med sentraliseringsprosjektet sitt. Dei krev samanslåingar, større einingar, større barnehagar, småskulane vert borte og høgskulane forsvinner også ein etter ein, seier ei oppgitt Strand.

- Universiteta har ikkje pengar til å drive dei ulike undervisningsstadane og dei blir veldig pressa på kvalitet, men kvalitet kan vere så mangt. Det spørs korleis ein måler og kva ein fokuserer på. Regjeringa er veldig opptatt av det ein kallar publiseringar og siteringar som gjev ein internasjonal ranking, men vi opplever at dei gløymer samfunnsoppdraget som faktisk handlar om å utdanne og kvalifisere folk til å supplere sin region og sitt nærområde med arbeidskraft.
 

Trudde ikkje ho skulle bli valt inn

No har det gått over eitt år sidan Marit Strand kom inn på Stortinget. Noko ho eigentleg ikkje hadde tru på at skulle skje.

- Nei, eg hadde ikkje trudd eg skulle komme inn. Så sånn sett har det siste året vore over all forventning,. Det er ei stor ære å få vere representant, men det har vore mykje å setje seg inn i. No har eg eitt år bak meg på Stortinget, og det gjer det litt enklare. No er det ikkje fyrste gong lenger eg skal jobbe med budsjett, det er ikkje så mange fristar som kjem uventa på, og det å skulle gå i debatt er også noko som er enklare no som eg føler meg meir trygg i Stortingssalen. Det er framleis ein veg igjen å gå. Det å sjå dei lange linjene er av og til ei utfordring, og då er det veldig fint å ha med seg nokre røynde representantar på laget.
 

Øystre Slidre i mitt hjarte

Tida flyg og Marit skal snart i debatt i Stortingssalen. Då er det godt å ha med seg litt både erfaringar og synspunkt frå lokalpolitikken, og med kommunekartet av Øystre Slidre god plassert på veggen på kontoret er det ingen fare for at ho skal gløyme kvar ho kjem frå.

- Øystre Slidre er kommunen i mitt hjarte. Eg sit i kommunestyret der no, men har valt å ikkje stå på lista til neste års kommuneval for å kunne ha fullt fokus på stortingsarbeidet. Men ein dag håpar eg jo på å kunne flytte heim, drive gard og på nytt engasjere meg i lokalpolitikken.

- Det å ha vore, og å vere, i lokalpolitikken trur eg er sunt for politikarar på Stortinget. Det er viktig å bli minna på dei utfordringane kommunane våre står over for, og ikkje minst den utruleg viktige jobben kommunane våre gjer med å gje innbyggjarane eit godt tenestetilbod.