Meny
Jenta med den lilla skulesekken. Foto: Gunn Mongstad.

Jenta med den lilla skulesekken

Det er tidleg morgon ein vanleg onsdag i oktober.

Jenta med den lilla skulesekken har gått ut av bussen og ventar på at skulebåten skal legge til kai. Det er enno mørkt, og det har blæse på natta. Skulebåten har allereie vore ein tur over Sognesjøen med  elevar til den vidaregåande skulen, og skal no ta med barneskuleelevar inn til kommunesenteret.

- Tekst og foto: Gunn Åmdal Mongstad, ordførar i Solund kommune og medlem av fylkestinget i Vestland

Jenta er van med dette, ho hoppar lett om bord og finn plassen sin. Skipper Egil helsar og har så vidt ført båten  frå land før jenta vil vise det nye penalet med glittertusjar i.  David set seg også ved skipperen og føl ekstra godt med på navigasjonen. For han skal bli skippar på eigen båt!

Denne morgonen blir også besta i Vågane med. Ho har time hjå dokteren. Hofta har vore vond i det siste, så det har vore litt kviafullt å kome seg av garde, men no er ho endeleg på veg. Skipperen hjelper henne  om bord, og ho finn seg ein plass i lag med naboborna. Spøtet  kjem fram.

Det er trygt å ta båten. Besta kjenner mannskapet, og dei kjenner henne. Sidan ho først er i kommunesenteret, vil ho også besøke sonen og svigerdottera. Ho har termin om ei veke og tel på knappane om ho skal reise til byn  eller bli verande litt til. Besta vil også nytte høvet  til å handle litt. «Om det er råd å setje varene på båten medan ho er hjå dokteren?»

«Han bles godt i natt» seier ho.  «Blir det mykje sjø i dag?»  «Å, det er ikkje so gale», seier Egil roleg. Han har køyrd ruta i mange år og veit akkurat kva han har i vente.

I går hadde han vakt på ambulansebåten. Nordvesten var frisk då dei fekk utrykning  til ei av øyene. Mannen dei henta var dårleg,  og på grunn av veret var det ikkje aktuelt med helikopter. Men det gjekk bra. Mannskapet fekk båra ned den bratte stien til kaia og trygt om bord i båten. Etter ein frisk tur over Bufjorden, kunne dei legge til kai i Askvoll der bilambulansen stod klar til å frakte pasienten den siste timen til sjukehuset.

Egil kan ikkje hugse at ambulansen nokon gong har snudd grunna veret. Han og dei andre kjenner kvart sund og kvar kai i øyriket og dei veit at båtane dei har er laga for dette farvatnet.

Dei veit også at øyfolket lit på dei.

Skuleruta har lagt til kai i kommunesenteret.  Frå kontoret sitt kan ordføraren sjå jenta med skulesekken og besta i Vågane tusle oppover vegen.

Kommunen har nett fått melding om at det er varsla storm til kvelden. Fylkesberedskapssjefen har bede kommunane førebu seg og syte føre at ein har oversikt på innbyggjarane på øyene. Politiet er på fastlandet, så dei vil ikkje kunne kome sjølv om det dreg seg til. Ordføraren tek ei lita telefonrunde til båtførarane. Dei kan opplyse om at det er fire personar på Nautøy,  ingen i Indreværet, dei i Kråkesundet reiste i går kveld, og i Gåsværet er dei fem. Men der ligg og Barstein til kai, så dei klarer seg fint.

På nabokontoret sit brannsjefen. Han er også teknisk sjef i kommunen og har fått same melding. Korleis er det med beredskapen? Er mannskapet på plass? Kva om straumen går? Om det blir brann?  Kva båtar er disponible?  Han har snakka med folka på basen til kraftselskapet BKK. Desse karane veit at når det er meldt slikt ver, må dei vere førebudde på å rykke ut. Mest truleg i båt.

Ordføraren ser utover hamna. Nett no er det roleg. Ingen båtar i gjestebrygga, berre skyssbåtane ligg fortøyde der. I sommar var det eit yrande liv. Aldri har det vore så mange besøkande i kommunen, så mange som vil på øyhopping og oppleve det eksotiske øylivet.  Desse sommarmånadene er dei lokale rutene både lokal skyss, turistruter og rein folkeopplysning.

Mannskapet har måtta svare på spørsmål som «Hva driver man med her ute?» og «Hvor mange bor det på den øyen?» , og dei svarer tålmodig at det er «her ute» verdiskapinga  i havbruksnæringa føregår, og på den øya «der ute» held eit fiskeriselskap med 20 arbeidsplassar til. Og nei, det er ikkje ulv på desse øyene.  At skipperen også er postmann og fraktar skuleborn er mest ikkje til å tru.

Dei ferierande på øyene er avhengige av båtruta. Med denne kjem og posten og varene, og barnebarn på besøk.  

Det vart storm denne oktoberdagen.

Straumen var borte nokre timar, eit par basestasjonar var ute av drift og ferjene vart innstilte. Floa gjekk over golvet i nokre naust. Men det gjekk bra denne gongen også.

For kystfolket veit kva det går i og er førebudde.

Desse skildringane er henta frå Solund. Ei øykommune med om lag tretti små og litt større kaier for passasjerbåtar. Nokre stader bur det to, nokre sju , nokre stader ingen fastbuande, men det kan vere fullt om sommaren.

Skildringa kunne vore kor som helst langs kysten.

Folket her er som anna folk, dei arbeider, dei går på skule, ser fotball, spelar i korps. Dei  besøker kvarandre, handlar, les aviser og dei må som alle andre ein tur til tannlegen eller dokteren ein gong i blant.

Det er berre ein skilnad. Der andre kan velje tidspunkt for reisa, blir øyfolket rasande dyktige på rutetabellar og vermeldingar. For båten er det som held øyriket saman.  Den er livsnerva, kontaktpunkt, transportør, tryggleikskontakt, post- og varerute, skulerute og fraktar alle som har eit ærend hjå øybuen, anten det er prest eller lensmann.

Og innbyggjarane kjenner ruta.

Dei veit at når det bles som verst «frå sø», må båten gå nordom.

Dei veit at om feriefolket på Nautøy har gløymt noko på butikken, kan dei ringe Camilla og få sendt varene med neste rute. Dei veit at det er Egil, Øyvind eller Sigve som tek hand om skuleborna som skal med båten.

Øyfolket gir klare meldingar til ordføraren om rutene. Dei krev ikkje høgare fart, nyare båtar, meir komfortable sete eller billegare billettar. Dei krev ikkje kaffimaskin eller kiosk. Dei ber om båtar som kan legg til ved kaia på Indreværet  eller Husøy i dårleg ver. Dei ber om ei rute som gjer at dei slepp å overnatte på veg heim etter ein bytur.

Dei vil kjenne seg trygge.

Men øyfolket vil også ta del i det grøne skiftet. Dei ynskjer ny teknologi velkomen. Og dei trur på ei grøn og spennande framtid også for båtrutene på kysten. For  det ansvaret må vi ta alle.

Men berekraft  handlar også om kraft til å bere.

Hjå kystfolket ligg denne krafta i samhald, lokal tilpassing, fleksibilitet og tillit mellom innbyggjarar og aktørar. Denne kompetansen må også vere med inn i framtida. Så snakk med øyfolket om nye løysingar.

For  jenta med den lilla sekken har enno mange reisedagar til skulen. Besta i Vågane skal til dokteren, Lina har termin om ein månad, og det vert fleire straumbrot og stormar.

Då må det kjennast trygt å gå om bord.