Meny
Velkommen med på laget

Praktisk informasjon til vervekampanjen 2020

Senterpartiet har som mål å også i år ha medlemsvekst og med det vere det einaste partiet som kan skryte av sju samanhengande år med medlemsvekst. Det ville vore noko for partiet å ta med seg inn i valkampen neste haust!

Vi veit frå tidlegare at ein vervekampanje med litt vennleg konkurranse mellom lokallag, samt nokre fine premiar er noko som engasjerer både lokallag og enkeltmedlemmar. Difor set vi no i gong med ein kampanje som skal vare frå 1. november til 31. desember. For å gjera det enda enklare å verve nye senterpartistar får alle som melde seg inn og betaler kontigenten for 2020 innen 31. desember med eit heilt års medlemsskap i 2021 på kjøpet.

 

På nyåret vil vi kåre dei beste lokallaga. Premien vil vere eit heilt nytt, fullverdigt standssett med materiell til ein verdi av 7000 kroner for dei tre beste lokallaga. 

Alle som vervar er også med i trekninga om hovudpremien som er ei splitter ny hengekøye. Hengekøyer har blitt eit fenomen i tur-Norge så hva er vel bedre enn å kunne kombinere sommarferie og valkamp i 2021. 

Det vankar også mange andre fine premiar for kvar og ein som verver, sjå full oversikt over premiane her

Hugs at det er viktig at den som blir verva av deg skriv kven som har verva i meldingsfeltet i Vippsbutikken. Hugs også at for at vervinga skal vere gjeldande må den som er verva betale kontingenten. Vervar ein i Vipps blir medlemsskapet registrert og betalt med det same. Vinnarane av konkurransen vil verte offentleggjort på nyåret. Heilt nedst i e-posten alle medlemar mottek ligg ein brukarmanual til korleis ein kan verve med Vipps.