Barnetrygd for barn over seks år aukar med over 3000 kroner i året frå og med 1. september 2024. - Det har vore ei viktig prioritering for regjeringa som har kosta mykje pengar. Men vi vet at dei som har minst rammast hardast av auka kostnader. Alle barn skal ha like mogelegheiter, uavhengig av bakgrunn, seier barne- og familieminister Kjersti Toppe (Sp).
Derfor har regjeringa bl. a. innført:
- Auka barnetrygd
- Rimelegare barnehage Rimelegare SFO
- Betra tilskotsordning for inkludering av barn og unge
- Auka foreldrepengar og sjølvstendig uttaksrett
Oversikt over kva regjeringa har gjort for å trygge barnefamiliers økonomi:
- Vi har kuttet maksprisen i barnehage frå 3000 til 2000 kroner frå 1. august 2024. For dei mest rurale områda blir prisen endra til 1500 kroner. Vi har allereie gjort det gratis frå barn nummer tre, og gratis for alle barn i deler av Nord-Troms og Finnmark. For ein familie med to eller fleire barn i barnehagen samtidig, betyr det minst 23 000 kroner i året i innsparingar samanlikna med førre regjering.
- Frå hausten 2024 vil alle 1., 2., og 3. klassingar ha 12 timar gratis SFO.
- Under denne regjeringa er den ordinære barnetrygda auka betydeleg med ein heilårseffekt på til saman 7,8 milliardar kroner. Da er auking som regjeringa og SV ble einige om å auke i revidert nasjonalbudsjett for 2024 inkludert. Det inneberer en auking på 3 072 kroner i året av ordinær barnetrygd for barn over 6 år, gjeldande frå 1 september i år. I tillegg til dette har regjeringa gjennomført fleire aukingar for barn over seks år, samt at barnetrygda for einslege forsørgjarar vart styrkt med 5 000 kroner i året i 2023.
- I denne regjeringsperioden er ordninga Tilskot til inkludering barn og unge auka med til saman 231 millionar kroner. Heile ordninga er på 758 millionar kroner. 50 millionar kroner av aukinga i 2024 skal gå til fritidskasser. Tilskotsordninga går mellom anna til tiltak for å inkludere barn og unge i familiar med låg inntekt i fritidsaktivitetar, som til gratis utlån av utstyr, betaling av deltakaravgifter og gratis fritids- og ferieaktivitetar.
- Auka foreldrepengane for dei som vel 80% og sikra sjølvstendig uttaksrett for fedra (570 millionar kroner)
Frå og med 1. juli 2024 blei reglane for foreldrepermisjon endra. Med det nye regelverket vil foreldre som vel 80 prosent foreldrepengar, få elleve fleire permisjonsdagar, slik at utbetaling med 80 og 100 prosent foreldrepengar blir den same.
Aktivitetskravet til mor i åtte veker er også oppheva. Dette betyr at fedre i tilfelle der mor ikkje er i aktivitet, no har krav på 8 veker med foreldrepengar likevel. Frå 2.august 2024 blei dette utvida ytterlegare til 10 veker.
- Støtta for einslege forsørgjarar er lagt om frå eit skattefrådrag til auka utvida barnetrygd. For einslege forsørgjarar med låg inntekt har dette gitt eit ytterlegare løft på inntil 9 600 kroner i året.
- I revidert nasjonalbudsjett 2023 vart regjeringa einig med SV om å auke dei statlege rettleiande satsane for økonomisk stønad med 10 prosent, gjeldande frå 1. juli i 2023. Ei endring i sosialtenestelova frå 1. september 2022 fastslår at barnetrygda skal bli halde utanfor ved berekning av økonomisk sosialhjelp
- Satsane for barnetillegg for arbeidsavklåringspengar, kvalifiseringsstønad og dagpengar blei 1. februar 2023 auka til 35 kroner per barn per dag. Framover vil regjeringa leggje opp til at hovudregelen er ei årleg prisomrekning av barnetilleggene i tråd med anslått KPI.
- Regjeringa gjennomfører eit løft i satsinga på unge som står utanfor arbeid og utdanning og har innført ein ny ungdomsgaranti frå 1. juli 2023. Ungdomsgarantien skal sikre at unge som treng hjelp til å komme i arbeid, får tidleg innsats og tett oppfølging så lenge det er naudsynt.
- Låneramma til Husbanken vart i revidert nasjonalbudsjett for 2023 auka med 3 mrd. kroner.. I 2024 auka vi låneramma med ytterlegere 5 milliardar kroner. Størstedelen av låneramma går til startlån, som bidrar til at fleire familiar med låge inntekter kan eie sin eigen bustad.
- Regjeringa har auka løyvinga til områdesatsingane med 40 mill. kroner til 7 nye avtalar i 2024, fordelt med 10 mill. kroner til Stavanger og 5 mill. kroner kvar til Trondheim, Tromsø, Halden, Larvik, Gjøvik og Indre Østfold.
- I revidert nasjonalbudsjett 2024 vart regjeringa einig med SV om å auke støtta til foreldrestøttende tiltak med 4. mill. kroner i 2024. Dette finnes et godt kunnskapsgrunnlag som viser at familiestøttende tiltak kan ha en god effekt på barn i familiar i lavinntekt