Våronn i Senterpartiet!
- Vår betyr mange ting i Senterpartiet. For store deler av medlemsmassen er det våronn med såing, gjødsling og lamming, men det er også høgsesong for møter. Fylkesårsmøter. Dette skriv Karl Kristian Langeland om i si ytring i serien av Senterpartistemmer.
- av Karl Kristian Langeland, som har tittelen Lagbyggjar i Senterpartiet
Gjennom jobben min som prosjektleiar i Senterpartiet har eg vore så heldig å få delta på halvparten i fylkesårsmøta no i vår. Det eg har sett og høyrt der gjev meg stor tru på partiet si framtid. For det fyrste har det vore store møter med rekordmange delegatar i fleire fylker, og for det andre har det vore både gode debattar og svært mange og varierte resolusjonar.
At det er store forventningar og utolmodigheit ute i organisasjonen er det ingen tvil om. Det skulle vel også berre mangle. Dei negative konsekvensane av åtte år med ei høgrestyrt og sentraliserande regjering har for alvor gjort seg gjeldande, og grasrota i Senterpartiet veit at det er senterpartipolitikk som må til for å rydde opp. Difor er det ikkje så rart at mange har teke opp utfordringane som dei ser og at det hastar å få på plass løysingane. Nokre har stor forståing for at i ei krevjande tid ikkje er så lett å få jobba fram og levert på dei sakene som vart lova i valet, andre har kanskje litt mindre forståing for det.
Uansett om ein har tolmod eller ikkje, så er det ikkje til å stikke under ein stol at det er utfordrande tider å vere eit regjeringsparti i. Statsrådane til Senterpartiet hadde knapt fått sett nøkkelen i døra på kontora sine før den eine krisa etter den andre velta inn over oss. Det byrja med ein ny koronavariant som gikk over i ei straumkrise, før krigen i Ukraina, med alle dei ringverknadane den får, slo inn over oss med full kraft.
I ei tid der det meste handlar om å handtere dei nye problemstillingane som dukkar opp som følgje av at det no på nytt er krig i Europa, seier seg sjølv at det ikkje lett å få vist fram alle dei andre sakene. Heldigvis er det mange gode saker det allereie er levert på og jubla over på fylkesårsmøta landet over. Kommunane får 2,5 milliardar meir enn det Solberg-regjeringa la opp til, det blir meir pengar til breiband i distrikta. Finnmark, Troms, Telemark, Vestfold, Østfold, Buskerud og Akershus får bli eigne fylker igjen. Tusenvis av pendlarar får meir å rutte med og ferjeprisane har blitt lågare. Alle med inntekt under 750 000 kr får lågare inntektsskatt med Sp sitt budsjett for 2022, barnehageprisen vert redusert med 2800 kroner i året, og frivillegheita sitt viktigaste krav om full momskompensasjon har blitt innfridd. Det blir fleire politistillingar i distrikta, og 4ar-kravet i matte, som stengde døra for mange potensielt gode framtidige lærarar, vert oppheva. Berre for å nemne noko.
Etter mange år med FrP-statsrådar er det store utfordringar for landbruket i Noreg. Difor er forventningane til regjeringa store, men talen frå fylkesårsmøta er klar: Takk og lov at det er Senterpartiet som sit med landbruksministeren. For med landbruksminister Sandra Borch fekk bøndene etter berre nokre få dagar 754 millionar kroner i kompensasjon. Seinare kom også 200 millionar ekstra i investeringsstøtte og eiga straumstøtte for landbruket. Så er det tydeleg at det er behov for meir hjelp og støtte, men senterpartistar flest tenkjer likevel med gru på korleis det hadde sett ut om det var dei blå-blå som framleis styrte. Det er også viktig å hugse på, ikkje berre innanfor landbruket, men på alle saksfelt.
Ute på markane brettar senterpartiveljarar opp ermane for å gjere jobben som skal til for å sikre ei god avling til hausten. Det er godt å vite at Senterpartiet sine politikarar over heile landet også brettar opp ermane og forsvarar politikken til partiet, og gjer sitt for å sikre trygg og god styring av landet i ei vanskeleg og krevjande tid. Det er ikkje så overraskande. Senterpartistar er vande med å ta i eit tak, både i våronna og elles.