Gå til hovedinnhold

- Vi skal ha norske straumprisar i Noreg

Ole-Andre-Myhrvold-33680614031_0591e13094_o

Det har vore ein intens haust og start på det nye året for politikarane i Senterpartiet, men den krevjande situasjonen mange står i no grunna høge straumprisar har vorte, og vert framleis, tatt på største alvor. Både i regjering og storting.

Det ringer jamt og trutt på telefonen til Ole André Myhrvold som sit i energi- og miljøkomiteen på Stortinget.

- Det er eit enormt trykk, ja. Likevel er det jo viktig å få fram at det jo ikkje oss politikarane det er verst for, og eg har full forståing for at mange har vore uroa, og det er nettopp difor vi har lagt fram fleire støtteordningar og jobben for å sikre at vi ikkje kjem i ein slik situasjon igjen er også i full gong, fortel Myhrvold.

Så korleis hamna vi eigentleg her? Fløymer ikkje Noreg meir eller mindre bokstaveleg tala over med kraft? Det er fleire grunnar forklarar Myhrvold:

  • Ein kald vinter og vår (2020-2021) førte til høgare forbruk av straum til oppvarming. 
  • Uvanleg lite nedbør i Sør-Noreg sommaren og hausten 2021 har gjeve mindre "drivstoff" til vasskraftproduksjon i dei tre sørlegaste prisområda.
  • Høge straumprisar på kontinentet, som blant anna skuldast auka brenselsprisar og ei dobling av CO2-prisen det siste året. Dette påverkar også straumprisane her heime på grunn av kraftutveksling.
  • Tomme gasslager og rekordhøge gassprisar driver opp straumprisen i heile Europa.
  • Ved vår utvekslingskapasitet til Europa, som har auka betrakteleg dei siste tjue åra, er vi tett kopla opp til betydelege energipolitiske avgjersler i andre land som er utanfor vår kontroll.

Tilkoplinga til den europeiske marknaden har bidrege til å skape dagens straumprisar, men  Senterpartiet er ikkje ein prinsipiell motstandar av kraftutveksling, sidan ein også ser at dette kan bidra til å sikre forsyningssikkerheita i Noreg. Det er dei frie marknadskreftene som er problemet, meiner Myhrvold.

- Begrepet «kraftutveksling» er ikkje ei god beskriving over situasjonen vi ser no. Dette ville vore eit rett begrep om den utvekslinga vi hadde med våre nordiske naboar i fleire tiår over vekselstraumskablane (AC). Det vi opplever no, er i langt større grad einsidig eksport av norsk straum gjennom likestraumskablane (DC) til kontinentet. I november 2021 fekk Tyskland meir enn åtte gonger så mykje straum frå Noreg enn det vi fekk tilbake igjen. Nederland fekk over 80 gonger så mykje straum frå Noreg som vi fekk i retur frå dei. Til Storbritannia sendte vi over 150 gonger så mykje straum som vi sjølv fekk. Dette er ikkje en situasjon som tener norske interesser, fortel Myhrvold.

strøm-kraftlinje-kraft-hyspentmast-strmledning_28359666919_o.jpg

Senterpartiet ynskjer nasjonal kontroll over norsk energipolitikk. I dag har vi inga regulering av kor mykje straum som kan sendast ut av landet. Difor har Senterpartiet heile vegen vore grunnleggande imot maktoverføring over norsk energipolitikk til EU.

- Vi er heilt usamde i målet med EU sin energiunion og oppdraget til ACER, som er å skape ein «fullt integrert» energimarknad i Europa. Vi ynskjer ikkje å importere europeiske straumprisar til Noreg. Vi skal ha norske straumprisar i Noreg, slår Myhrvold fast.

 - Apropos straumprisar. Kvifor er det ikkje like straumprisar i heile landet?

- Det skuldast at det er store geografiske skilnader i den norske kraftforsyninga, til dømes kor mykje forbruk og produksjon av kraft det er i dei ulike områda av landet. I Noreg der 90 prosent av straumen kjem frå vasskraft betyr det at kraftproduksjonen må byggjast der ressursane er. Nokre områder har stort overskot på kraft, andre områder har underskot. Kraftsystemet i Noreg er difor delt inn i ulike områder, der prisane kan variere. Mellom områda er det kraftutveksling, slik at krafta kan flyte frå eit område med kraftoverskot til ei sone med kraftunderskot. Dessutan er det begrensa kapasitet til å frakte produksjonen sørover. Den sørlege delen av Noreg er tettare tilknytt den europeiske kraftmarknaden, og påverkast i større grad av det høge prisnivået som Europa har no.

Det er ikkje berre på telefonen til Myhrvold det er hektisk aktivitet. Også i e-posten tikkar det stadig inn meldingar frå utolmodige veljarar og medlemmar. Det har Myhrvold stor forståing for.

No er det Senterpartiet og Arbeiderpartiet som sit med makta, og då er det så klart vårt ansvar å rydde opp, men eg håpar likevel at folk ser at situasjonen vi er komne i no også handlar om politikk som har vore ført i lang tid, og då er det også heilt rett at vi av og til plasserer noko av ansvaret på dei som har styrt før oss. Når det er sagt så er det ingen stor vits i å skulde på andre, men eg må innrømme at det er forbausande å sjå kor frimodige representantar frå den førre regjeringa er til å skulde på oss for alt som er gale når vi veit kva politikk dei faktisk førte gjennom åtte år, seier Myhrvold før han vender seg mot dataskjermen og svarar opp nok ein e-post.

El-øvn.jpg

For å sikre ein låg og føreseieleg straumpris i Noreg meiner Senterpartiet at fleire tiltak bør gjennomførast.

- Vi må mellom anna gå i dialog med Noreg sine krafthandelspartnarar, representert ved EU-kommisjonen, deretter Storbritannia, med mål om reforhandling av konsesjonsvilkåra for likestraumskablane. Ei endring av konsesjonsvilkår bør basere seg på at det ikkje skal vere netto straumeksport, f.eks. på vekebasis, når fyllingsgraden i norske vassmagasin nærmar seg eir minimumsnivå i Sør-Noreg. Ved betra magasinfylling går ein tilbake til normal utveksling av strøm. Ingen er tent med at Noreg tømer sine magasin.

Senterpartiet ynskjer også å ta initiativ til ei avgrensing i eksportkapasiteten ved at ein ikkje aukar effekten i utanlandskabelen til Storbritannia til full effekt før konsesjonsvilkåra er reforhandla. Dei vil også utreie ein makspris for straum til sluttbrukarane, etter erfaringar frå mellom anna Storbritannia og Frankrike.

- Ordninga kan vere basert på prinsippa i regjeringa  si straumstøtteordning, men ein må også finne ei løysning som gjev næringslivet forutsigbarheit for låge straumprisar, seier Myhrvold.

- Senterpartiet meiner det er sentralt at energikommisjonen som skal settast ned får i oppgåve å både sjå på ein auke i produksjon av fornybar energi, undersøke handlingsrommet i kraftutvekslinga og å på generell basis utreie kva handlingsrom vi har opp mot EØS-avtalen, seier Myhrvold.

- Noreg kjem til å ha eit aukande behov for straum i åra som kjem. Det må vel då også produksjonen av straum aukast? Korleis ser de føre dykk å gjere det i ei tid der alle ynskjer billeg straum, men ingen vil ha dei inngrepa i naturen som er naudsynte får å skape kraft?

- Å produsere energi har alltid konfliktar knytt til seg. Difor må vi slutte å sløse med straum. Her har vi mykje å gå på i Noreg, og regjeringa vil mellom anna satse på energieffektivisering i bygg. Her er det eit potensial på fleire titals TWH. Så må vi ta tak i det som er minst konfliktfylt, sol, bio og ikkje minst å ta ut potensialet i allereie eksisterande kraftverk og utbygde vassdrag. Dette potensialet er realistisk sett på kanskje sju TWH. Deretter kjem satsing på havvind som har stort potensiale både som energi og som eksportindustri, avsluttar Myhrvold.

Her kan du lese meir om Senterpartiet sin energipolitikk på kort og lang sikt, samt Senterpartiet sine energipolitiske fotavtrykk i Hurdalsplattforma.

Eidsfossen-Sandane-Gloppen-foss-kraft-kraftverk-IMG_7054 kopi.jpg
Ved Eidsfossen i Sandane

Senterpartiets energipolitikk

Kortsiktige tiltak:

  • Strømstøtte til husholdningene. For månedene januar 2022 til og med mars 2022 dekkes 80% av gjennomsnittlig månedlig strømpris over 70 øre/KWh opp til et forbruk på 5000 KWh/mnd. For desember 2021 ble det dekket 55%. Fellesmålt forbruk, f.eks. i borettslag og aksjeleiligheter, samt fjernvarmekunder, skal også inkluderes i ordningen.
  • Strømstøtte til landbruket. Denne ordningen har samme terskler, støttenivåer og tidsavgrensning som ordningen for husholdninger, men et tak på 20 000 KWh/mnd.
  • Strømstøtte til veksthus. Denne ordningen har samme vilkår som ordningene for husholdninger og landbruk, men ikke noe tak på antall KWh/mnd.
  • Strømstøtte til frivillighet og idrettslag. Rammene for ordningen vil beregnes etter om lag samme modell som for husholdninger, og skal gjelde for perioden desember 2021 til og med mars 2022. Kultur- og likestillingsdepartementet vil komme tilbake med ytterligere detaljer rundt innretningen på tilskuddsordningen.
  • Økt bostøtte. Flere kan få bostøtte, samtidig som mange får utbetalt mer bostøtte enn normalt i januar, februar og mars 2022. I tillegg får alle som mottar bostøtte i perioden en ekstrautbetaling i måneden på 1500 kr. pluss 150 kr. for hver ekstra person i husstanden. 
  • Økt sosialhjelp. Det bevilges 100 mill. kr. mer til kommunene for å kompensere for økt behov for sosialhjelp.
  • Strømstøtte til studenter. Det kommer et søknadsbasert tilleggslån på 3000 kroner for å dekke strømutgifter for studenter på universiteter, høyskoler, fagskoler og voksne elever i videregående opplæring. 1200 kroner av tilleggslånet blir omgjort til stipend.
  • Redusert elavgift. Det ble i statsbudsjettet 2022 vedtatt en egen, lavere avgiftssats i vintermånedene som er 8 øre per kWh lavere enn i 2021 (prisjustert). For april–desember reduseres avgiften med 1,5 øre per kWh. Dette er en avgiftsreduksjon på henholdsvis 47 prosent i vintermånedene, og 9 prosent resten av året, sammenlignet med 2021 (prisjustert). Dette koster 2,9 mrd. kr.
  • Utsettelse av effekttariffer i nettleien. Regjeringen og SV utsatte innføringen av effekttariffer (såkalt rushtidsavgift) fra 1. januar 2022 til 1. juli 2022, da partiene mente forbrukerne ikke var godt nok opplyst om modellen og systemer for energistyring i liten grad var på plass.

Langsiktige tiltak:

Vi skal ikke stå i denne situasjonen igjen. Regjeringen jobber derfor med følgende tiltak:

  • Økt produksjon av fornybar energi i Norge. Økt produksjon av fornybar energi er helt nødvendig for å både kunne nå ambisiøse klimamål og å møte forbruksveksten vi kommer til å få i årene som kommer (blant annet som følge av ny, grønn industrietablering). Denne produksjonsøkningen kan komme gjennom blant annet havvind, solenergi, opprusting og utvidelse av vannkraftverk, «nærvind» med lokal produksjon, bioenergi og blått/grønt hydrogen til tyngre transport og industrien.
  • Økt satsing på enøk. Enøk er en av de viktigste satsingene i energipolitikken i årene framover. Målet til regjeringen er 10 TWh energisparing i bygg i Norge innen 2030, og regjeringen kommer med en konkret plan for dette høsten 2022 i forbindelse med statsbudsjettet for 2023. Solberg-regjeringen ble bedt om å lage en slik plan allerede i 2016, men leverte dessverre ikke på det. Enova vil naturligvis bli et sentralt virkemiddel for å realisere dette målet.

Senterpartiets fotavtrykk i Hurdalsplattformen:

  • Tilgang på rikelig med ren og rimelig kraft har i årtier vært den norske industriens fremste konkurransefortrinn. Regjeringen vil at dette også i fremtiden skal vare fortrinnet for norsk industri og bidra til verdiskaping og sysselsetting i hele landet.
  • Regjeringen vil føre en politikk som sikrer oss at vi beholder suveren norsk kontroll over alle avgjørelser med betydning for energisikkerheten i Norge, for den videre utbyggingen av norsk kraft og energimiks, at det offentlige eierskapet ligger fast, og at beslutninger om eventuelle nye mellomlandsforbindelser til utlandet fortsatt suverent skal fattes av norske myndigheter.
  • Ikke godkjenne nye mellomlandsforbindelser til utlandet i denne stortingsperioden.
  • Lage en samlet plan for norsk vannkraft, vindkraft, solkraft og andre energi- og infrastrukturutbygginger som krever konsesjon.
  • Sette ned en energikommisjon for a kartlegge energibehovene og foreslå økt energiproduksjon, med mal om at Norge fortsatt skal ha overskuddsproduksjon av kraft.
  • Øke norsk vannkraftproduksjon, blant annet gjennom å legge til rette for bedret vedlikehold, oppgradering og fornyelse av eksisterende vannkraftanlegg.
  • Legge bedre til rette for mer småkraft, og foreta en gjennomgang av lovverket knyttet til småkraft med sikte på å sikre nasjonalt eierskap i sektoren.
  • Sørge for at staten tar et ansvar for å få på plass infrastruktur der den trengs, og når den trengs, herunder at kapasiteten i strømnettet forsterkes i hele landet, og at konsesjonsbehandlingstiden kortes ned.
  • Legge til rette for en storstilt satsing på havvind gjennom en ambisiøs nasjonal strategi for havvind som blant annet inkluderer satsing på norsk leverandørindustri, et godt regelverk og utvikling av nettinfrastruktur på norsk sokkel.
  • Utforme flere kraftfulle tiltak for å redusere høye strømkostnader som inkluderer lavere avgift på elektrisk kraft, økt bostøtte, geografisk prisutjevning av nettleie, styrkede forbrukerrettigheter og økt produksjon av norsk kraft.
  • Arbeide for at det nordiske og europeiske kraftsamarbeidet skal videreføres og styrkes på en måte som er i tråd med Norges interesser som energi- og industrinasjon.
  • Utrede hvordan norsk krafteksport påvirker norsk forsyningssikkerhet og norske strømpriser, og hvilke konkrete tiltak som kan bidra til å sikre at norsk fornybar kraft forblir et konkurransefortrinn for norsk industri.