Gå til hovedinnhold

Skuleoppgåve om Senterpartiet?

plussbygda–skule
Skal du skrive skuleoppgåve om Senterpartiet? Eller er du nysgjerrig på kva politiske saker vi i Senterpartiet brenn for? På denne sida kan du lese meir om Senterpartiet og vår politikk.

Om oss

Senterpartiet vil byggje samfunnet nedanfrå gjennom eit inkluderande folkestyre. Geografisk fordeling av makt, kapital og busetjing er kjernen i Senterpartiets ideologi. Senterpartiet ønskjer å flytte makta til å løyse problema nærast mogleg dei som opplever utfordringane på kroppen. Vi vil avbyråkratisere og desentralisere Noreg. Det statlege byråkratiet har over tid vakse seg for stort. Folk over heile Noreg skal ha moglegheit for å leve gode liv og å utvikle lokalsamfunna sine. Slik skal vi utvikle eit levande Noreg.

Eit land med høg grad av tillit mellom folk, til styresmakter, til rettsstaten og ei jamn fordeling av ressursar gir eit meir effektivt, rettferdig og demokratisk samfunn. Eit samfunn med små forskjellar mellom folk, uavhengig av kvar ein bur eller kva ein eig, aukar tilliten i samfunnet.

Trygve Slagsvold Vedum er leiar i Senterpartiet

Senterpartiets fire hovudsaker:

Nasjonal kontroll: Våre felles naturressursar

Norske naturressursar eig vi alle i fellesskap. Dei har blitt, og skal også i framtida, forvaltast på ein slik måte at dei kjem heile folket til gode. Dette er berre mogleg dersom Noreg sikrar nasjonal kontroll over og nasjonalt eigarskap til vår felles eigedom.

Heile Noreg

Senterpartiet vil utvikle heile Noreg. Eit Noreg med små skilnader mellom rik og fattig, mellom bygd og by, sør og nord. Som land skal vi satsa både på dei store og små stadene. Vi vil byggje heile landet for å få utvikling og gode lokalsamfunn frå Finnmark i nord til Agder i sør. Uansett om ein bur i Tana eller Kristiansand skal ein vite at barna får ein god skulegang, at eldre mottar god og trygg omsorg der dei bur, og at ein mottar den hjelpa ein treng, når ein treng det.

Nei til EU – ja til folkestyre!

Haustens stortingsval blir eit EU-val. Høgre vil jobbe aktivt for å melde Noreg inn i EU i neste stortingsperiode. Fleire parti har same standpunkt. Senterpartiet er klare for kamp og er garantisten i Stortinget mot norsk EU-medlemskap.

Trygge nærmiljø

Alle treng å føle på tilhøyring, å vere del av eit lokalsamfunn og ha eit trygt nærmiljø rundt seg. Senterpartiet ynskjer å leggje til rette for gode og sterke fellesskap.

Her finn du meir om Senterpartiets politikk, m. a. prinsipp- og handlingsprogram 2025-2029

Her er ti gode grunnar til å røysta Senterpartiet

Senterungdomen

Senterungdomen er ungdomsorganisasjonen til Senterpartiet. Dette er ein ung gjeng som jobbar for å engasjere unge i politikk, spesielt saker som handlar om å ta heile Noreg i bruk, levande bygder, distriktspolitikk, miljø, landbruk, nei til EU-medlemskap og nei til narkotika. For å vere medlem treng du å vere mellom 13 og 30 år. Senterungdomen arrangerer både politiske møter, kurs og sosiale samlingar. Alt frå sommarleir, landsmøte og Vårslepp. Blant anna arrangerast sommarleir i forskjellige fylke kvart år - snakk om å ta heile Noreg i bruk!

Senterungdomen ønskjer å gi unge ei stemme i politiske spørsmål og vere med å påverke moderpartiet gjennom eigne vedtak og innspel.

Leiaren i Senterungdomen er Nils Forren.

Viss du har lyst til å lese meir om Senterungdomen, kan du klikke her.

Dette er Senterungdomens viktigaste saker:

1. FLEIRE MOGLEGHEITER I HEILE NOREG

Senterungdomen er imot samanslåing av kommunar og nedleggingar av skular. Det er viktig at alle har gode moglegheiter uansett kvar i landet ein bur. Vi vil også at det skal vere fleire moglegheiter for unge, blant anna ønskjer Senterungdomen at 16-åringar skal kunne køyre plomberte bilar, at ein skal kunne ta lappen som valfag, og at ein skal kunne kome seg heim for den billege prisen av ein 50-lapp!

2. NEI TIL NARKO

Narkotika øydelegg liv. Difor seier Senterungdomen tydeleg NEI til narkotika. Difor har Senterungdomen laga slagordet “Det er RUSSETID, ikkje RUSETID”. Senterungdomen ønskjer også å gi politiet fleire verkemiddel i kampen mot narkotika.

Visste du at Senterungdomen har sin heilt eigen låt på Spotify? I 2025 slapp ungdomsorganisasjonen ut valkamp-låta “Vaselina Anti-Kokaina" som gir uttrykk for deira motstand til normaliseringa av narkotika i samfunnet og oppfordrar andre unge til å gjere opprør mot normaliseringa av narkotika på fest.

3. NEI TIL EU – JA TIL NOREG

Senterungdomen vil at norske folkevalde skal bestemme i Noreg, ikkje byråkratar i Brussel. Eit EU-medlemskap ville ført til mindre kontroll av norske ressursar og område, som kysten, fiskeri og straum. Det er eit klart og tydeleg nei til EU!

4. JA TIL KJØT

For framtida til norsk landbruk er det heilt avgjerande at vi sikrar matproduksjon i heile Noreg. Kjøt er ein sentral del av norsk kosthald og kultur, der tradisjonelle rettar ofte inkluderer kjøt som hovudingrediens. I tillegg spelar kjøtproduksjon ei viktig rolle i norsk landbruk. Difor ønskjer Senterungdomen å tette inntektsgapet i landbruket innan 2027, og sikre beredskap gjennom å auke norsk sjølvforsyning. Senterungdomen seier nei til importert mat og ja til norsk kjøt og mjølk.

5. EIN BETRE SKULE

For Senterungdomen er det viktig at alle har ein skule nær der dei bur. Vi ynskjer også å auke delen praktisk arbeid på ungdomsskulen i form av fleire valfag og meir praktisk arbeid i teoretiske fag. Skulekvardagen skal bestå av praktiske fag som gir elevane ulike utfordringar som er tilpassa dei.

Historia til Senterpartiet

I 1920 blei «Bondepartiet» stifta, og i 1959 skifta vi namn til Senterpartiet. Sidan 2. verdskrigen har Senterpartiet vore i regjering i nesten 21 år, nest mest av alle stortingspartia. Partiet har hatt tre statsministrar sidan 1931. Mest kjend er Per Borten som var statsminister frå 1965 til 1971. Den største politiske bragda under hans regjeringsperiode, var innføringa av Folketrygda. Folketrygda skulle sikre alle i Noreg medisinsk behandling, rehabilitering og økonomisk støtte ved blant anna sjukdom, skadar, fødsel, alderdom, dødsfall og meir.

Senterpartiet er kjend som den fremste forkjemparen for nasjonal sjølvstende og mot norsk medlemskap i den Europeiske Union (EU). Partiet sto ekstra sterkt i periodane med debatt før folkerøystingane om norsk EU-medlemskap i 1972 og 1994. Stortingsvalet i 1993 blei for mange eit politisk jordskjelv då Senterpartiet blei landets nest største parti med 16,7% oppslutning.

Senterpartiet hadde vekst i alle val frå Trygve Slagsvold Vedum overtok som leiar i partiet i 2014 til og med stortingsvalet i 2021, då Sp fekk 13,5% og 28 stortingsrepresentantar.

Meir fakta om Senterpartiets historie med oversikt over alle valresultat, tidlege leiarar og statsministrar finn du her.