Norsk velstand og lokalsamfunn er i stor grad bygget på bruk av våre naturresurser. Vi vil sikre at bruk av ressursene gir verdiskapning, arbeidsplasser og helhetlige næringskjeder fra råvare til produksjon i hele Norge. Vi vil gi norske bedrifter gode rammevilkår og redusere skatte- og avgiftsnivået.
Les meir:
Les heile den landsmøtevedtatte fråsegna Livskraftig næringsliv med verdiskaping i heile landet
Senterpartiet vil føra ein næringspolitikk som legg til rette for eit livskraftig næringsliv og verdiskaping i heile landet. Det er eit offentleg ansvar å føra ein aktiv næringspolitikk og sikra nasjonalt eigarskap til naturressursar og viktige selskap og kritisk infrastruktur. Det offentlege skal òg stå for utbygging, vedlikehald og drift av transport- og kommunikasjonssystema. God næringspolitikk og god klima- og miljøpolitikk heng saman.
Vi vil bruke dei unike naturressursane våre til å skapa norske arbeidsplassar og verdier. Staten må driva ein aktiv politikk for å sikra arbeidsplassar knytta til verdiane i jorda, skogen og havet vårt i heile Noreg. Slik kan vi skapa både arbeidsplassar, norsk verdiskaping og ei betre framtid for alle.
Små, mellomstore og store bedrifter utgjer grunnbjelken i verdiskapinga og sysselsettinga i Noreg. Privat eigarskap og privat initiativ er heilt sentralt. Næringspolitikken må bygge opp under og styrke grunnlaget for å bygge, drive og vidareutvikle eiga verksemd. Dei små og mellomstore bedriftene utgjer ein stor del av norsk næringsliv. Det er derfor spesielt nødvendig å gje desse bedriftene gode og rammevilkår.
Føreseielege rammevilkår, kapitaltilgang og tilgang på relevant kompetanse er viktig for utviklinga av verksemdene våre. Ein aktiv næringspolitikk handlar difor både om skatte- og avgiftsnivå, næringspolitiske verktøy med kapital og rettleiing, samt bygging av kunnskapsmiljø. Næringslivet skal oppleve kommunar og statlege etatar som medspelarar i næringsutvikling.