Fantastisk oppmøte på Senterkvinnenes årsmøte! Dette lover godt for valåret 2019.

Vår kjære Magnhild Meltveit Kleppa haldt innlegg om det å være kvinne på topp i Senterpartiet og i politikken, og kva me som damer kan gjere for å gjere kvarandre gode.

Rogaland Senterkvinner vil i desse Stordalen-tider oppmode til å ete sunn og god kortreist mat som alle kan ete, ikkje berre dei som har tid og ressurser til spesialdietter med produkt som må flygast inn frå utlandet.