Meny
52833030740_b57098f6f9_o_pe

Auka kapasitet innan psykisk helse og rusbehandling

Resolusjon vedtatt på Senterkvinnenes landsmøte 17.mars 2024:

I debatten om rusreforma, som aldri vart vedteken, men likevel delvis implementert i politiets praksis, var det brei einigheit om at behandling skulle vere prioritert framfor straff. No sit vi att med ein praksis som har fjerna strafferettsleg handlingsrom utan å erstatte det med behandling. Målet må jo likevel vere å få på plass auka bruk av behandling. Det fordrar at vi tek godt vare på dei plassane med høg kompetanse innan rusbehandling som vi har i dag, samstundes som vi bygger vidare på dei og aukar kapasiteten. 

Regjeringa har eit uttalt mål om å styrke psykisk helsevern og tverrfagleg spesialisert rusbehandling. Trass i brei einigheit og uttalte mål om prioritering og auka satsing, ser vi altså at fagmiljø og institusjonar for rusbehandling vert nedprioritert og nedlagd. Eit døme på dette er rusinstitusjonen Tronvik i Helse Førde som vart vedteken nedlagt av eit styre som ikkje såg andre alternativ gitt dei økonomiske rammene og prioriteringane som er gjort no og tidlegare. Også andre stader i landet ser ein at institusjonar mister behandlingsplassar. Dette til tross for at helseministeren i januar 2024 ga sjukehusa i oppdrag i auke tal døgnplassar innan psykisk helsevern og rusbehandling. Ein skulle ha høgare kapasitet i 2024 enn i 2023. Vedtaket er altså gjort stikk i strid med konkret oppdrag frå helseministeren. 

 

Senterkvinnene krev at:

  • regjeringa føl opp sine eigne instruksar og tek aktivt grep for å hindre nedlegging av fleire institusjonar
  • det legges godt til rette for ideelle og offentlege tilbod
  • regjeringa syrgjer for nok midlar til å drifte sjukehus og behandlingsinstitusjonar etter lovverk og eigne instruksar
  • helseføretaksmodellen må revurderast og helst erstattast med eit konsept som set helse og fagkunnskap framfor kortsiktige økonomiske omsyn