Meny
2020 Aktivitetsdag på ungdomsskole

Barn i låginntektsfamiliar, gir vi dei ein sjanse?

Resolusjon vedtatt av Senterkvinnenes landsmøte 17.mars 2024:

Den generelle prisauken påverkar alle, men aller mest dei som hadde svak økonomi frå før. Senterkvinnene meiner vi som politikarar må legge til rette for å bøta på nokre av dei negative konsekvensane ved å veksa opp i ein låginntekstfamilie.

Regjeringa er i gang med ei stor kartlegging av problemområdet. Rapporten ”En barndom for livet – Økt tilhørighet, mestring og læring for barn i fattige familier” er inne i siste fase før publisering. Barn som får bistand frå barnevernet er blant dei aller mest sårbare i samfunnet, Dei har betydeleg større risiko for dårlegare psykisk helse og manglande fullføring av utdanning.

Forsking har vist at berre eitt enkelt år i fattigdom set langvarige spor i vaksenlivet. Barn og unge som opplever fattigdom i oppveksten, lågare inntekt og større problem med å få arbeid som vaksne.

Foreldre- og elevinitierte aktivitetstilbod har ei viktig rolle på fleire skolar og må vera gratis. For mange familiar er det ikkje mogleg å delta på sosiale aktivitetar som ar finanisert ved hjelp av kronerulling eller dugnad ( f.eks. besøk på bowling, kino eller klatrepark) av både helsemessige og/eller økonomiske årsaker. Konsekvensen kan vera at barn og unge ikkje får delta på arenaer som er direkte berekna på dei.

Barn og unge som får tilbod om å begynna på fritidsaktivitetar som f.eks. fotball og skolekorps kan stilla spørsmålet: Kor mykje kostar det å vera med? Deretter vel dei sjølv å ikkje fortelja foreldra om aktivitetar som dei sjølv meiner er for dyre, for å spara foreldra for bekymringar.
 

Senterkvinnene vil at:

• Barne- og familiedepartementet sin ekspertrapport ”En barndom for livet – Økt tilhørighet, mestring og læring for barn i fattige familier” vert brukt aktivt av departementet og regjeringa

• kommunane prioriterer bistand til drift av utlånssentralar for fritidsutstyr og -klede

• skolane vert sett i stand til å tilby aktivitetar som utflukter og enkel overnatting utan bidrag i form av kronerulling eller dugnad.

• elevar får tilbod om eit gratis, sunt skolemåltid

• Alle kommunar set av øyremerka midler til støtte for deltaking på fritidsaktivitetar. Denne støtta må og inkludera at det er mogleg å delta på meir enn berre fritidsaktivitetar lokalt

• Ordningane må organiserast og innrettast slik at dei når borna som verkeleg treng det