Det handlar om retninga for samfunnet vårt
Når vi les framlegget til statsbudsjett for 2027, handlar det ikkje berre om tal i eit dokument. Det handlar om retninga for samfunnet vårt.
Det handlar om kva verdiar som skal liggje til grunn når vi byggjer framtidas Noreg.
Og eg skal vere heilt ærleg:
Mange av signala i budsjettet opplevast som ein provokasjon.
Vi ser forslag som utfordrar mykje av det Senterpartiet og Senterkvinnene har kjempa fram gjennom mange år. Tiltak som styrkar kvardagen for familiar, som gjer det mogleg å bu i heile landet, og som anerkjenner verdien av fellesskap og nærleik.
Når slike prioriteringar vert svekte, er det ikkje berre pengar som flyttast.
Det er verdiar som vert flytta.
For politikk handlar aldri berre om kroner og øre.
Politikk handlar om kva samfunn vi ønskjer å vere.
Kjære senterkvinner.
Det er lett å peike på det som er gale. Men vår oppgåve er større enn det.
Vi skal ikkje berre vere kritikarar.
Vi skal vere pådrivarar.
Og akkurat no er det viktigare enn på lenge.
For medan andre diskuterer makt og blokkar, må vi halde fast ved sakene.
Vi skal minne vårt eige parti om at familiepolitikk er distriktspolitikk.
At kvinnehelse er helsepolitikk.
At pårørandepolitikk er arbeidslivspolitikk.
At kampen mot einsemd er like viktig som kampen mot sentralisering.
Og at dei mjuke verdiane ikkje er mjuke i det heile tatt. Dei er fundamentet resten av samfunnet står på.
Difor må vi halde fram med å utfordre.
Vi må utfordre til å tenkje nytt om pårørande sine rettar.
Vi må utfordre til å sjå på ordningar for lønna og pensjonsgivande omsorgsarbeid.
Vi må utfordre til å løfte kvinnehelse høgare.
Vi må utfordre til å sjå konsekvensane av sentralisering, ikkje berre på eit kart, men i liva til folk.
Kva kostar det når fødetilbodet flyttar?
Kva kostar det når psykiatrien blir lengre unna?
Kva kostar det når familiar må ta fri frå jobb for å få tilgang til tenester?
Kva kostar det når pårørande slit seg ut?
Desse kostnadane kjem ikkje alltid fram i statsbudsjettet.
Men dei finst.
Dei blir betalte kvar einaste dag, rundt kjøkkenbord i heile landet.
Det er vår oppgåve å synleggjere dei.
Og det er vår oppgåve å komme med løysingane.
For Senterkvinnene skal ikkje berre vere partiet sitt samvit.
Vi skal vere partiet si drivkraft.
Vi skal vere dei som løftar fram perspektiva som elles risikerer å hamne i skuggen.