Meny
Leiar i Senterkvinnene Beate Marie Dahl Eide

Senterkvinnene ynskjer ei moderne foreldrepermisjonsordning!

Vi må ha ordningar som er tilpassa livet - ikkje at livet må tilpassast ordningane

Eg er veldig glad for at programforslaget til Senterpartiet tek på alvor alle dei norske familiane som har sagt frå om at dagens permisjonsordning er for lite fleksibel! Vi lever ulike liv, vi bur på ulike plassar i landet, vi har ulike typar arbeid og familier er ulike. Då må vi ha ordningar som er tilpassa det livet som den enkelte familie lever og gje familiane valfridom!

Så er det likevel ein diskusjon om kor vidt ein skal redusere fedrekvota frå 11 til 15 veker. Det vert argumentert både med ernæring/amming og endå meir valfridom for familiane.

I Senterpartiet er vi enige om at vi vil:

- øyremerke barseltida på seks veker etter fødsel til mor og halde desse vekene utanfor beregning av mødrekvote.

-at permisjonsregelverket i større grad tek hensyn til sjølvstendig næringsdrivande, arbeidstakarar og studentar som ikkje har mogelegheit til å ta ut permisjon samanhengande.

- gje foreldre sjølvstendig uttaksrett til foreldrepengar.

- fjerne aktivitetskravet ved uttak av fellesperiode.

– auke eingongsstønaden til 100 000

- gje begge foreldre meir permisjon i familier med tvillingar og trillingar

Eg og Senterkvinnene har i programmet fått fleire viktige gjennomslag, mellom anna det å øyremerke barselsperioden på 6 veker til mor, utanom mødrekvota. Vi meiner samtidig det er svært viktig at vi beheld dagens fedrekvote på 15 veker, og at permisjonen som hovudregel er tredelt. Å sikre fedrene nok permisjonstid er ei investering i likestilling.

Med å øyremerke barselsperioden på 6 veker til mor og framleis ha 15 veker fedrekvote, så kan kvinner som ynskjer det ha permisjon i nesten 8 månadar. Det er òg foreslått at når det føreligg særlege grunner må det være betre mogelegheit for overføring av permisjonstid mellom foreldre enn det er i dag. Nettopp for å sikre at permisjonsordninga er tilpassa livet - at ikkje livet må tilpasse seg ordningane.

Summen av alle forslaga i partiprogrammet vil gje ei fleksibel og moderne foreldrepermisjonsordning, som både i varetek valfridom for familiane, barnets beste, nasjonale tilrådingar for amming/ernæring OG likestilling! Eg håpar at programkomitèen og sentralstyret si tilråding til Landsmøtet får fleirtal i helga!