Meny

Eit løft for kvinnelege gründerar

Då det er omlag 3 gangar meir menn enn kvinner som blir gründerar, er det særs viktig å legge til rette for at enda fleire kvinner kan satse og etablere nye, vekstkraftige verksemder.

Mange gründerar er slitne etter å ha stått på ekstra for å finne løysingar og kome seg gjennom pandemien.

Dette gjer det viktigare enn nokon gong å anerkjenne den viktige jobben dei gjer. Me treng dei som tør å tenkje nytt og som står på for ideen og draumen sin. Me ønskjer å satse vidare på gründerar, og legge best mogleg grunnlag for at folk vil satse.

Då det er omlag 3 gangar meir menn enn kvinner som blir gründerar, er det særs viktig å legge til rette for at enda fleire kvinner kan satse og etablere nye, vekstkraftige verksemder. Dette er med å skape spanande arbeidsplassar, levande bygder og eit rikare samfunn for oss alle.

Senterkvinnene meiar at:

• Det skal leggast til rette for at fleire kvinner har gode føresetnadar for å bli gründerar

• Gjennom informasjonsarbeid bidra til at fleire kvinner vil satse på etablering av nye bedrifter

• Utarbeide ordningar som gjer det attraktivt å vere kvinneleg gründer