Gå til hovedinnhold

Senterkvinne skal delta på FN si generalforsamling

Linn ELisabeth på tur

Linn Elisabeth Dregelid har fått stipend for å delta på generalforsamlinga i FN som representant for sivilsamfunnsorganisasjonar som jobbar med kvinner og utvilingsspørsmål. Det er mykje og setja seg inn i, og her kan du lesa hennar fyrste reisebrev.

Den første veka i oktober skal eg delta på generalforsamlinga i FN i New York.

Det heile starta våren 2022, då FOKUS lyste ut eit reisestipend for å delta i Noregs delegasjon til FN. Som medlem i Senterkvinnene, ein medlemsorganisasjon i FOKUS, kunne eg søke på stipendet. FOKUS (Forum for Kvinner og Utviklingsspørsmål) jobbar for å styrke kvinner sine rettar og fremje likestilling internasjonalt. Senterkvinnene er Senterpartiet sin kvinneorganisasjon, som jobbar for kvinneleg deltaking i politikken og løfter fram sakar som opptek medlemmane.

Søknaden må verkeleg ha treft spikaren på hovudet, for stipendet gjekk faktisk til meg og Senterkvinnene. Eg og dei andre som hadde fått stipend frå Utanriksdepartementet (UD) via sivilsamfunnsorganisasjonar vart invitert til informasjonsmøte hos UD før sommaren. Dette fekk eg dessverre ikkje med meg på grunn av  kort varsel og lang reiseveg. Eg fekk tilsendt eit skriv i etterkant med informasjon om kva som skulle skje vidare. Vi fekk liste over anbefalte hotell og informasjon om korleis vi skulle søke om visum via UD. Vi måtte organisere reisa sjølv, inkludert å bestille hotell og fly, søke visum og velje reisetidspunkt.

Som utsending frå FOKUS og Senterkvinnene var det eit ønske om at eg skulle delta i FNs generalforsamling når likestilling og kvinnesaker var på agendaen. Det var difor mest aktuelt å delta i programmet til FNs tredje komité , som tek for seg sosial, kulturelle og menneskerettslege spørsmål. Etter å ha fått tilsendt programmet for tredje komité valde eg å reise den andre veka i programmet. Denne veka skal det vere generaldebatt, og det vil handle om kriminalitet, IKT og narkotika, kvinners rettar og likestilling og barns rettar. Desse tematiske områda passa godt inn i arbeidet som FOKUS gjer, og er alle tema eg finn svært interessante.

Kvinners rettar og likestilling er noko som er gjennomgripande i alle delar av samfunnet. Det vil ofte vere kvinner som får kjenne på negative konsekvensar av for eksempel statleg vanstyre, høg arbeidsløyse, manglande skuletilbod, diskriminering, sosiale problem, kriminalitet og krig. På den andre sida har kvinner eit viktig bidrag for å skape positiv samfunnsutvikling, dersom dei får moglegheita. Kan vi betre situasjonen for kvinner kan vi med stort sannsyn betre andre sider av samfunnet også, og vice versa.

Nyleg var eg på eit informasjonsmøte i UD i Oslo, der politisk leiing orienterte om Noreg sine prioriteringar under generalforsamlinga i år. Eg fekk også til eit møte med generalsekretæren i Senterkvinnene, Elisabeth Irgens Hokstad, som hjelper til med organisering, og hadde gode innspel til ei noko spent dame frå Sogn. I tillegg var eg så heldig å få eit møte med statssekretær Bjørg Sandkjær, som delte av eigen erfaring, ga råd for å få mest mogleg ut av opphaldet i New York, og lytta til mine tankar kring ulike politiske tema.

No nærmar det seg avreise, og eg ser verkeleg fram til eit nyttig og lærerikt opphald i New York, der eg skal vere ein del av Noreg sin delegasjon til FN!