Gå til hovedinnhold

Gravdal må byggjast opp – ikkje byggjast ned

Skrevet av: Kine Mosheim-Lysfjord, leiar i Senterkvinnene
Kine Mosheim-Lysfjord
I Senterkvinnene er vi opptekne av at kvinnehelse skal takast på alvor. Då kan vi ikkje akseptere at gravide kvinner i distrikta må bere stadig større belastningar fordi systemet er rigga for sentralisering framfor nærleik.

Kvinnehelse, beredskap og sterke lokalsjukehus heng tett saman. Likevel ser vi no ei utvikling i Lofoten som går i motsett retning av det vi treng: Fleire gravide blir sende bort frå sitt lokale fødetilbod, samstundes som fagmiljøet ved Gravdal sjølv ber om å få utvikle og styrkje tenesta.

Det er ei utvikling vi bør stoppe før det er for seint.

Fødestova på Gravdal er unik i norsk samanheng. Ho er den einaste jordmorstyrte fødestova i landet som er lokalisert ved eit sjukehus med akuttberedskap, gynekologisk døgnvakt og moglegheit for akutte keisarsnitt. Dette er ikkje eit marginalt tilbod i utkanten av helsetenesta. Det er eit sjukehus med kompetanse, beredskap og dedikerte fagfolk.

Likevel blir nær tre av fire gravide kvinner selekterte bort frå det lokale fødetilbodet.

Konsekvensane er store. Kvinner må reise frå familien sin i dagane før termin. Småbarnsmødrer må forlate barn og partnar. Familiar må betale for reiser, opphald og måltid. Andre opplever å bli flytta til Bodø eller Stokmarknes medan fødselen er i gang.

For dei det gjeld, handlar dette ikkje om organisering eller sjukehusstruktur. Det handlar om tryggleik.

Det handlar om å få vere nær familien sin når livet skal starte.

I Senterkvinnene er vi opptekne av at kvinnehelse skal takast på alvor. Då kan vi ikkje akseptere at gravide kvinner i distrikta må bere stadig større belastningar fordi systemet er rigga for sentralisering framfor nærleik.

Det mest oppsiktsvekkjande i denne saka er at ønsket om å styrkje tilbodet ikkje kjem frå politikarar, men frå fagmiljøet sjølv. Jordmødrene ved Gravdal har lagt fram eit gjennomarbeidd forslag om å utvikle fødetilbodet, utvide seleksjonskriteria og ta i bruk meir av den kompetansen som allereie finst lokalt. Dei ønskjer betre moglegheiter for smertelindring, fleire fødande og eit sterkare fagmiljø.

Det burde vere ei sak helseføretaket møtte med interesse.

I staden har svaret så langt vore nei.

Eg meiner dette er å snu problemstillinga på hovudet.

I staden for å spørje kvifor Gravdal skal utviklast, bør vi spørje kva som skjer dersom vi ikkje gjer det.

For når fleire kvinner blir sende bort, går talet på fødslar ned. Når talet på fødslar går ned, blir det vanskelegare å halde oppe aktivitet og kompetanse. Og når aktiviteten fell, kjem neste diskusjon raskt: Har vi eigentleg bruk for tilbodet?

Det er ein klassisk sjølvoppfyllande profeti.

Vi kan ikkje først redusere grunnlaget for aktiviteten, for så å bruke lågare aktivitet som argument for ytterlegare nedbygging.

Dette handlar om meir enn fødetal. Det handlar om beredskap. Noreg er eit langstrakt land med store avstandar, krevjande vêrforhold og sårbar infrastruktur. Då må vi ta vare på helseberedskapen der folk faktisk bur. Lokalsjukehusa er ikkje berre behandlingsinstitusjonar. Dei er fundamentet i den medisinske beredskapen i distrikta.

Svekka lokalsjukehus betyr svekka beredskap.

Like viktig er det å halde på kompetansen. Vi brukar store ressursar på å utdanne jordmødrer, gynekologar og anna helsepersonell. Då må vi òg sørgje for at dei får bruke kompetansen sin. Når fagmiljø sjølv seier at dei har ressursar, erfaring og ønske om å ta meir ansvar, bør målet vere å vidareutvikle tenesta, ikkje avgrense henne.

For Senterkvinnene er dette ein grunnleggjande verdi: Kompetansen må vere der folk treng henne. Heile landet skal ha tilgang til trygge helsetenester, og kvinner skal ikkje få eit dårlegare fødetilbod fordi dei vel å bu utanfor dei største byane.

Difor meiner eg tida er inne for å tenkje nytt om Gravdal. I staden for å la stadig strengare seleksjonskriterium redusere aktiviteten, bør vi undersøkje korleis fødetilbodet kan styrkjast og utviklast vidare. Målet må vere fleire fødslar lokalt, sterkare fagmiljø, betre beredskap og større tryggleik for familiane i Lofoten.

Det er slik vi byggjer framtidas kvinnehelse.

Og det er slik vi tek heile landet i bruk.