Meny
Fylkesleder i Senterkvinnene i Sogn og Fjordane, Britt Mulelid

Fleksibilitet i Privatskulelova

Nonprofit-skular må ha fleksibilitet i elevtalet, so ein kan tilby plass til alle elevar i ein skulekrins. Eksempelet frå Fresvik skule synar kvifor

Senterkvinnene i Sogn og Fjordane meiner det må vere fleksibilitet i Privatskulelova slik at for eksempel små nonprofit-skular kan utvide tal plassar so ein kan tilby alle elevar i ein skulekrins plass.  Vi kan ikkje ha eit lovverk som gjer at ein må gjennomføre loddtrekning for å finne ut kven som skal få gå på den næraste skulen og kven som må ta skuleskyss for å kome til naboskulen.

Etter at Vik kommune la ned den offentlege skulen i Fresvik starta bygdefolket og lokalt næringsliv Fresvik EnSpireskule.  Skulen, med plass til 15 elevar, er ein privat 1-7 skule med entreprenørskap som grunnleggande profil.  Selskapet som driv skulen har eit ideelt formål.  Gjennom støtte frå næringsliv og private er elevplassane gratis for familiane.  Skulen har gitt nytt liv til bygda som opplever auka tilflytting, og det er i dag signal om at dette vil halda fram dersom skulen får utvida kapasiteten.  Optimismen skapar positive moglegheiter for hjørnesteinsbedrifta Fresvik Produkt, for landbruket og anna næringsliv i bygda.

Fresvik EnSpireskule har søkt om å få auke tal elevplassar til 30.  Dette for å kunne gje tilbod til alle elevane i Fresvik.  Til tross for eit samrøystes vedtak i Vik kommunestyre som tilrår søknaden har Utdanningsdirektoratet gitt avslag på søknaden.  Som ein konsekvens av dette, dersom avslaget vert ståande, vil ein basert på dagens elevtal ha ein skuleplass for lite hausten 2024 og fire plassar for lite i 2027.  Dei elevane som ikkje får plass i Fresvik må ta skuleskyss på ein rasfarleg veg til naboskulen 17 km unna.

I Hurdalsplattforma står at Regjeringa vil «stramme inn privatskuleloven ved å fjerne profilskular og yrkesfagopplæring som godkjenningsgrunnlag for statstilskot, og styrkje lokale folkevalde si moglegheit til å seie nei til nye privatskular og utvidingar».  Det må ikkje bli slik at prinsipp øydelegg for gode og praktiske løysingar i lokalsamfunna.  På stadar med berre ein skule må det vere fleksibilitet i lovverket slik at ein enkelt kan tilpasse tal plassar i skulen i tråd med endra elevgrunnlag. 

Senterkvinnene i Sogn og Fjordane ber Utdanningsdirektoratet imøtekome søknaden frå Fresvik EnSpireskule om å auke tal plassar på skulen.