O’ juling med di glede
Visste du at den farlegaste staden for ei kvinne å vere, er i sitt eige heim?
For de fleste av oss er heldigvis julehøgtida forbundet med glede, forventning og gode samvær. Men ein av tre utsettast for vald i nære relasjonar. Vi veit at høgtidene, og særleg jula, er ein farleg periode for kvinner som lever med vald. Når skulane stengjer, arbeidsplassane går for halv maskin og samfunnet er i kvilemodus, sit mange kvinner att med færre fluktruter – og mindre hjelp.
Vi setter vår lit til at det er rom i herberget. Mange barn feirar jul på hemmeleg adresse. Dei som står på vakt i jula for å ta vare på utsette kvinner og barn, gjer ein uvurderleg innsats.
Men det er ikkje slik barndommens jul skal vere.
Kjønnsbasert vald fører ikkje berre til fysiske og psykiske skadar. Det tek frå kvinner fridomen, tryggleiken og sjølvråderetten – nett dei verdiane samfunnet vårt er tufta på.
Éi av tre jenter og kvinner vert utsette for vald eller seksuell vald i løpet av livet. Ifølgje FN er vald mot jenter og kvinner det mest systematiske og utbreidde brotet på menneskerettar i verda.
Den heilskaplege innsatsen er avgjerande. Politi, helsevesen, skule og barnevern må samarbeide for å fange opp vald langt tidlegare! Mykje liding kan ein unngå om ein lukkast med det. Ein må våge å stille krav til den som utøver vald! Vald er eit val, ikkje eit resultat av stress eller vanskeleg liv. Ansvaret ligg alltid hos den som utøver vald!
For Senterkvinnene er bodskapen klar:
Vald mot kvinner er ikkje eit kvinneproblem. Det er eit samfunnsproblem. Eit demokratiproblem. Eit menneskerettsproblem. Det er også eit samfunnsansvar!
Ein rettsstat står og fell på korleis ho vernar dei mest utsette.
For tryggleik er ein menneskerett.
Også for alle kvinner.
Heile året.