Gå til hovedinnhold

Kvinneperspektivet i kommune- og fylkesøkonomien

Skrevet av: Uttale frå Senterkvinnenes landsstyre 28.september 2025
mann med rulator
Det er avgjerande at neste statsbudsjett gjev kommunar og fylkeskommunar eit betydeleg økonomisk løft! - seier Senterkvinnene i ein uttale frå landsstyret.

Bakgrunn

Kommunar og fylkeskommunar er grunnmuren i velferdsstaten. Her møter folk barnehage, skule, helsetenester, kollektivtilbod, eldreomsorg og oppveksttenester.

Kvinner er ei avgjerande ressurs for kommunane – gjennom sitt arbeid i velferdsyrke, oppvekstsektoren og kulturliv, og som berebjelkar i det lokale fellesskapet.

Ei svekking av fylkesøkonomien påverkar òg kommuneøkonomien direkte, gjennom samanhengar i tenestetilbod, samferdsel, utdanning og næringsutvikling. Fylkeskommunane har ansvar for viktige tenester som vidaregåande opplæring, tannhelse, kultur og kollektivtransport – område som har stor tyding for kvardagen og levekåra til folk, og som i stor grad påverkar vilkåra for både kvinner og familiar i kommunane.

I ei tid med dyrtid, auka renter og press på velferdstenestene, er det avgjerande at neste statsbudsjett gjev kommunar og fylkeskommunar eit betydeleg økonomisk løft. Dette er naudsynt for å sikre gode tenester, heile og faste stillingar, og for å byggje eit samfunn med små skilnader og livskraftige lokalsamfunn i heile landet.

Senterkvinnene krev:

  • Betydeleg styrking av frie inntekter i statsbudsjettet
     Slik at kommunar og fylkeskommunar kan prioritere lokalt, og sikre gode tenester nær folk – som barnehage, skule, eldreomsorg, helsetenester og kulturtilbod.
  • Fullfinansiering av nye oppgåver
     Staten må ikkje velte byrder over på kommunar og fylkeskommunar utan å gje tilstrekkelege midlar. Når ansvaret vert flytta utan finansiering, vert det ofte kvinners arbeidsvilkår og tenestetilbod som vert råka.
  • Satsing på kvinnehelse i kommunar og fylke
     Styrkt jordmorteneste, helsestasjonar, psykisk helse og førebyggjande tiltak må prioriterast. Desse tenestene er avgjerande for kvinner si helse og tryggleik, spesielt i små og mellomstore kommunar.
  • Heile og faste stillingar i offentleg sektor for å sikre rekruttering, likestilling, likeverd og kvalitet i tenestene. Deltidsproblematikk råkar særleg kvinner, og stabile arbeidsforhold er nødvendig for både kvalitet og økonomisk tryggleik.
  • Eit inntektssystem som fremjar busetjing i heile landet, slik at kvinner og menn kan leve gode liv i både by og bygd. God offentleg infrastruktur, inkludert kollektivtransport, skular og helse- og kulturtilbod, er avgjerande for at familiar vel å bli buande.
  • Likestillingsperspektiv i budsjetta
     Kommune- og fylkesbudsjett må vurderast ut frå korleis dei påverkar kvinner og menn ulikt.

Forsking viser at kvinner i større grad enn menn nyttar offentlege velferdstenester, og har deltidsstillingar og arbeid innan helse og omsorg. Menn tener i snitt meir og har høgare yrkesdeltaking i privat sektor. Difor kan kutt i velferd og offentleg sektor slå hardare ut for kvinner – både som tilsette og brukarar.

  • Styrkt satsing på desentralisert og nettbasert utdanning
     Slik at fleire kan ta utdanning og vidareutdanning der dei bur. Dette er avgjerande for kvinner i kommunane, og for å sikre rekruttering til helse, omsorg og oppvekstsektorar.
  • Førebygging i sentrum
     Folkehelsearbeid, frisklivssentralar, lågterskel psykisk helsehjelp og kvinnehelsetiltak må prioriterast. Førebygging er både sosialt rett og økonomisk smart – og gjev betre livskvalitet, særleg for kvinner.