Gå til hovedinnhold

Kvinner som må ta rekninga

2026 Kine Mosheim-Lysfjord
Når kommuneøkonomien blir for dårleg, er det sjeldan store kontorbygg eller strategiplanar som blir råka først. Det er tenestene folk møter i kvardagen. Det er barnehagen. Skulen. Helsestasjonen. SFO. Heimetenesta. Psykisk helse. Tilbod til barn og unge, skriv leiar i Senterkvinnene, Kine Mosheim-Lysfjord i dette innlegget.

Arbeidarpartiet sitt forslag til statsbudsjett for 2027 gir kommunane ein økonomi som ikkje ein gong dekkjer pris- og lønnsveksten. Då må kommunane kutte. Det er ikkje eit politisk standpunkt, det er enkel matematikk.

Difor vil eg stille kommunalminister Bjørnar Skjæran eit enkelt spørsmål: Kva er det kommunane skal slutte å gjere?

For når inntektene ikkje held tritt med kostnadene, må noko bort. Kvar krone som manglar i kommuneøkonomien blir i praksis færre hender i omsorga, mindre tid til elevane eller færre tilbod til innbyggjarane.

Som leiar i Senterkvinnene er eg spesielt uroa for kva dette betyr for kvinner, familiar og dei som står for mykje av omsorgsarbeidet i samfunnet vårt.

Når kommuneøkonomien blir for dårleg, er det sjeldan store kontorbygg eller strategiplanar som blir råka først. Det er tenestene folk møter i kvardagen. Det er barnehagen. Skulen. Helsestasjonen. SFO. Heimetenesta. Psykisk helse. Tilbod til barn og unge.

Det er mora som går ned i stilling når avlastingstilbodet for eit barn med særlege behov ikkje strekk til. Det er dottera som tek fleire omsorgsoppgåver når heimetenesta blir pressa. Det er den einslege mora som får ein endå meir krevjande kvardag når terskelen for hjelp blir høgare.

For Senterkvinnene handlar kampen for gode kommuneøkonomiar ikkje berre om tal i eit budsjett. Det handlar om likestilling. Om tryggleik. Om kvardagen til heilt vanlege familiar.

Vi veit at sterke lokalsamfunn og gode velferdstenester gir folk fridom til å leve liva sine. Når kommunen fungerer, kan foreldre vere foreldre, ikkje saksbehandlarar. Då kan eldre få verdig omsorg, og barn kan få den hjelpa dei treng tidleg.

Men den fridomen blir mindre når staten sender rekninga vidare til kommunane.

Kommunane leverer tenester til alle innbyggjarar gjennom heile livet. Frå jordmora og helsestasjonen. Via barnehage og skule. Gjennom kulturtilbod, fritidsaktivitetar og helse- og omsorgstenester. Og heilt fram til eldreomsorg og gravferd.

Ingen kjenner innbyggjarane sine betre enn kommunane. Likevel ser vi år etter år at staten forventar meir, samstundes som handlingsrommet blir mindre.

Dersom regjeringa meiner kommunane skal kutte, må dei vere ærlege om kvar kutta skal takast.

Skal vi ha færre vaksne i barnehagen? Skal vi redusere hjelpa til barn som slit på skulen? Skal vi kutte i psykisk helse for ungdom? kal vi ha færre helsearbeidarar på sjukeheimane? Skal eldre og funksjonshemma få mindre hjelp heime? Eller skal kommunane berre be dei tilsette om å springe endå fortare?

Eg trur ikkje Bjørnar Skjæran ønskjer nokon av desse kutta. Nettopp derfor er det så viktig at kommunane får ein økonomi som gjer dei i stand til å levere dei tenestene innbyggjarane forventar og fortener.

For dersom kommunalministeren ikkje kan fortelje kva vi skal slutte å gjere, må han i staden sørgje for at kommunane får økonomi til å halde fram med det vi allereie gjer.

Gode kommunale tenester er ikkje ein kostnad som kan skyvast til side. Dei er sjølve fundamentet for velferdsstaten, for familiane våre og for lokalsamfunna våre.

Det burde òg vere fundamentet i eit ansvarleg statsbudsjett.