Meny
landbruk-korn-IMG_8491

Krev auka matberedskap

Landsstyret i Senterkvinnene vedtok følgande om matberedskap:

Vi lever i ei uroleg tid der pandemi, klimaendringar og krig i Europa skapar stor usikkerheit og utryggheit for mange menneskje. Vårt ansvar er å sikre tilgang på nok og næringsrik mat til alle.

Aktuelle tiltak: 

  • Beredskapslagring av korn må koma på plass, og årets gode kornhaust er ein god start.
  • Auka straumstøtte til grøntprodusentar gjer det mogleg for dei å lagre produkt, som allereie er produsert, men matvarekjedene og forsyningslinjene må også ta større ansvar for at produserte varer blir tatt vare på, lagra og omsett.
  • Tollvernet må styrkes og norske varer må ha fyrsteprioritet i sesong.
  • Bøndenes økonomi og rammevilkår må enda styrkast for å sikre nok fagpersonar til å produsere maten vi treng for å bli meir sjølvforsynte.
  • Matjorda, som utgjer kun 3% av Noregs landareal, må vernast for matproduksjon i framtida. Dette trengst for å sikre god beredskap.
  • Arbeide for auka forbrukarmedvit. For å kunne kjøpe kortreist, norskprodusert mat må vi har betre matmerking.