Resolusjon vedtatt på Senterkvinnenes landsmøte 17.mars 2024:
Lærarmangelen i skule og barnehage er stor. På same tid ser vi at søkjartala til lærarutdanningane stuper. Dette er kritisk.
Nesten kvar femte person som jobbar i den norske skulen manglar godkjent lærarutdanning og det trengst fleire tusen årsverk for å nå regjeringa sitt mål om 60% barnehagelærarar i barnehagen.
I heile landet ser vi at utfordringane i skulen har også auka og blitt meir komplekse. Skulen og lærarar vert negativt omtala og dette er svært uheldig for rekrutteringa til lærarutdanningane.
I barnehagane er det ei utfordring å oppfylle bemanningsnorma. Fleire barnehagelærarar i barnehagen medfører større del av personalgruppa som skal ha planleggingstid, og dette tek tid frå arbeidet med borna. Regjeringa har gjort mykje positivt for å betre småbarnsforeldre sin økonomi, blant anna ved å kutte foreldrebetaling i barnehage og skulefritidsordning. Småbarnsforeldre sin økonomi og tiltak mot familiefattigdom er viktig, men neste skritt må vere eit krafttak for å betre innhaldet og tilbodet i barnehagane.
Gode barnehagar og skular er ein viktig føresetnad i det førebyggande arbeidet som skal sikre god helse og utvikling for den oppveksande generasjonen.
Senterkvinnene vil:
- fjerne karakterkrav om 4 i matematikk for å kome inn på lærarstudiet
- gjeninnføre adjunktprogrammet og målretta det mot grunnskulen, slik at studentar som ser føre seg arbeid i barneskulen har undervisningskompetanse i fleire fag. Studentar som skal undervise i ungdomsskule eller vidaregåande opplæring skal kunne ha høve til å ta femårig master slik som i dag
- gi fleire moglegheit for desentraliserte og nettbaserte studie
- auka tid for kontaktlærarar
- avsett tid til å arbeide systematisk med skulemiljøsaker
- anerkjenne at vald og truslar i skule/barnehage i dag er eit arbeidsmiljøproblem
- at arbeidsgjevar skal ha gode rutinar på oppfølging av negative handlingar mot tilsette på skulen
- gi nyutdanna meir rettleiing og oppfølging dei første arbeidsåra
- at pedagognormen i barnehagen må følgast opp med kraftfulle tiltak for å sikre tilstrekkeleg personale gjennom heile dagen. Det må verte samanheng mellom pedagognorm og bemanningsnorm.
- auke planleggingstida for pedagogar i barnehagen
- sikre lønnsauke for barnehagelærarar som tek masterutdanning
- gi barnehagelærarar kursing og vidareutdanning på lik linje med lærarar i skulen