Gå til hovedinnhold

Eit lengre bord – ikkje eit høgare gjerde

Skrevet av: Vedtatt på Senterkvinnenes landsmøte 22.mars 2026
Eit lenger bodr - ikkje eit høgare gjerde
. Senterkvinnene meiner at ei ansvarleg styring av migrasjon er nødvendig, men vi kan ikkje la behovet for kontroll overskygge dei grunnleggjande verdiane samfunnet vårt er bygd på: medmenneskelegheit, ansvar og viljen til å stille opp for kvarandre.

Verda rundt oss er blitt meir utrygg. Krig, konflikt og klimakriser driv fleire menneske på flukt enn på mange tiår. I ei slik tid må Noreg halde fast ved kven vi er: eit land som tek ansvar, som bidreg internasjonalt, og som stiller opp når menneske treng vern. Difor må Noreg framleis vere ein tydeleg bistandsnasjon, og bidra til å førebyggje flukt gjennom solidarisk internasjonalt samarbeid.

Samtidig ser vi at fleire land strammar inn flyktningepolitikken. Også i Noreg går debatten i retning av strengare tiltak. Senterkvinnene meiner at ei ansvarleg styring av migrasjon er nødvendig, men vi kan ikkje la behovet for kontroll overskygge dei grunnleggjande verdiane samfunnet vårt er bygd på: medmenneskelegheit, ansvar og viljen til å stille opp for kvarandre.

Når fleire menneske treng vern, kan ikkje svaret berre vere høgare gjerde.
Svaret må også vere eit lengre bord.

Å setje fleire stolar rundt bordet handlar ikkje berre om å hjelpe. Det handlar om å byggje samfunn. Mange av dei som kjem til Noreg har kompetanse, arbeidsevne og erfaringar vi vil trenge i framtida. I ei tid der mange lokalsamfunn manglar arbeidskraft og står i demografiske utfordringar, kan flyktningar bli ein viktig del av løysinga. Samtidig kan dei tilføre samfunnet vårt nye perspektiv, kunnskap og liv.

Integrering skjer i kommunane. Over heile landet har lokalsamfunn vist vilje til å ta ansvar, stille opp og inkludere. Frivillige lag, arbeidsliv, skular og naboar gjer ein stor innsats kvar dag. Denne viljen må møtast med ein stat som stiller opp med ressursar, ikkje med fleire hinder.

Senterkvinnene vil peike på at kommunane har svært ulike føresetnader.
Nokre kommunar har arbeid og behov for folk, men manglar bustader.
Andre har bustader, men manglar ressursar til oppfølging og integrering.
Altfor ofte er det dei kommunane som både treng busetjing mest og som er best eigna for god integrering, som manglar verkemidla til å få det til.

Difor treng vi ein meir aktiv statleg politikk for busetjing og integrering.
Kommunane må få tilstrekkelege økonomiske rammer, betre verkemiddel i bustadpolitikken, og større tillit til å finne løysingar som passar lokalt. Skal vi lukkast med integrering, må vi sørgje for at kommunane faktisk er i stand til å ta imot.

Ei ansvarleg flyktningepolitikk må byggje på medmenneskelegheit, internasjonalt ansvar, sterke lokalsamfunn og tru på framtida. Når verda blir meir uroleg, må vi ikkje trekkje oss unna. Vi må halde fast ved dei verdiane som har gjort Noreg til eit sterkt og trygt samfunn.

Difor treng vi ikkje først og fremst høgare gjerde.
Vi treng eit lengre bord.

Senterkvinnene vil:

• at Noreg skal halde fram med ein sterk bistandspolitikk som bidreg til å førebyggje konflikt, fattigdom og flukt
• at Noreg tek sin del av det internasjonale ansvaret ved å ta imot menneske som treng vern
• at kommunane får tilstrekkelege økonomiske ressursar til busetjing, integrering og oppfølging
• at staten fører ein meir aktiv bustadpolitikk slik at mangel på bustader ikkje hindrar busetjing i kommunar som har arbeid og behov for folk
• at kommunane får større handlingsrom til å finne lokale løysingar for integrering
• at busetjing av flyktningar i større grad tek omsyn til kvar det er arbeid, behov for arbeidskraft og gode føresetnader for integrering
• at integreringspolitikken i større grad skal sjå flyktningar som ein ressurs for lokalsamfunn og arbeidsliv
• at staten i større grad støttar kommunar som ønskjer å ta eit større ansvar enn i dag