Senterkvinnene er ein viktig faktor
Vi opplever no at stadig fleire organisasjonar tek kontakt med oss fordi dei ønskjer dialog, samarbeid og å spele inn saker. Både Fagforbundet, Jordmorforbundet og fleire andre ser no på Senterkvinnene som ein interessant og relevant innspelspartnar.
Det synest eg vi skal vere både stolte av og glade for!
For dette kjem ikkje av seg sjølv. Det er eit resultat av den innsatsen Senterkvinnene har lagt ned over tid, både sentralt og ute i fylka. Vi har vore tydelege, løfta viktige saker og vist at vi ikkje berre snakkar om utfordringane, men også arbeider for å finne løysingar.
Når organisasjonane sjølve kjem til oss, er det ei anerkjenning av arbeidet vårt. Det viser at Senterkvinnene har fått ein tydelegare posisjon som politisk aktør, og at vi blir rekna med.
Vi snakkar her om faglegpolitiske samarbeidspartnarar og viktige innspelspartnarar. Organisasjonar som representerer mange menneske, og som sit med verdifull kunnskap om korleis politiske vedtak verkar i kvardagen.
Vi treng ikkje vere einige om alt. Men vi har mange samanfallande interesser og verdiar. Eit trygt og anstendig arbeidsliv, gode offentlege tenester, likestilling, kvinnehelse, små sosiale forskjellar og levande lokalsamfunn i heile landet.
Dette er verdiar som står sterkt i Senterkvinnene, og som vi ser blir delte av langt fleire. Det er ofte dei mjuke sakene vi i SK snakkar om,dei sakene som ikkje får dei store overskriftene.
Og her meiner eg det ligg ein viktig bodskap til heile Senterpartiet:
Senterkvinnene byggjer ikkje berre sin eigen posisjon, men tilfører også Senterpartiet politisk tyngd, nettverk og truverd.
Gjennom Senterkvinnene får partiet nye kontaktflater, meir kunnskap og tilgang til viktige miljø og organisasjonar. Det styrkjer både politikkutviklinga vår og moglegheita til å få gjennomslag.
Og kanskje aller viktigast: Det viser at det arbeidet vi legg ned, faktisk blir lagt merke til utanfor våre eigne rekkjer.
Senterkvinnene er ikkje berre ein viktig del av Senterpartiet. Vi er også i ferd med å bli ein stadig tydelegare samarbeidspartnar for organisasjonar som ønskjer å påverke samfunnsutviklinga.
Det skal vi vere stolte av, men først og fremst skal vi bruke denne tilliten til å skape endå betre politikk.
For når organisasjonane kjem til oss, er det fordi dei ser at Senterkvinnene både vil noko – og kan få til noko!