Senterkvinnenes leders innlegg i generaldebatten på Sps landsstyremøte 26/10
Gode landsstyre, dirigentar,
Det er vel ingen tvil om at statsbudsjettet kjem til å bli eit stort tema desse dagane. Men eg vil starte med noko som kanskje er vel så viktig som budsjett, enkeltvedtak og meiningsmålingar: Nemleg stemninga i partiet.
Takk, Trygve, for ei energisk innleiing!
Eg kjem rett frå landsstyremøtet i Senterkvinnene, og eg kjenner mykje av den same gode energien her som me hadde der. Optimismen. Fylkesleiarar som er motiverte, engasjerte og superklare for valkamp. Ei tru på politikken, på partiet og på at me har løysingane. For det har me!
Denne stemninga kjem ikkje av seg sjølv. Takk til leiartrioen vår og alle dei som kvar einaste dag arbeider for partiet. De er synlege, tydelege og tilgjengelege, og med det har de løfta laget etter det nokså magre valet for eitt år sidan.
Bak kvar leiar står det ikkje berre ei god kvinne. I dette tilfellet står det eit godt lag. Og bak dette laget står det igjen hundrevis av tillitsvalde som brukar kveldar, helger, feriar og fritid på lokallag, kommunar og fylke over heile landet.
Me står ikkje på sidelinja og ventar. Me er i gang med valkampen. Me arbeider kvar einaste dag for sakene våre og for gode lokalsamfunn i heile Noreg. Og det blir lagt merke til. Kanskje er det nettopp derfor enkelte andre bruker så mykje tid på å utfordre oss og politikken vår.
Denne valkampen handlar om meir enn å vinne mandat. Han handlar om det som står på spel. Arbeidarpartiet sitt forslag til statsbudsjett er mykje meir enn tal. Det er ei tydeleg retning som utfordrar mykje av det Senterpartiet står for.
Me ser kommunar som må gjere meir for mindre. Me ser meir ansvar lagt på familiar og pårørande. Me ser sentralisering forklart som nødvendig effektivisering. Og me ser verdiar som må vike for rekneark og system.
Men samfunnet blir ikkje bygd på rekneark. Det blir bygd av menneske. Av jordmora som møter oss ved starten av livet. Av læraren som ser eleven som strevar. Av frivilligheita. Av alle dei verdiane som held landet vårt saman.
Senterkvinnene er tydelege på prioriteringane våre: Kommunar med økonomi til å skape gode tenester, tryggleik og beredskap nær folk. Familiepolitikk. Kvinnehelse. Førebygging. Grunnlaget for gode liv i heile landet.
Dette handlar ikkje berre om budsjettpostar. Det handlar om kva slags samfunn me ønskjer å vere.
Difor må me løfte blikket i denne valkampen. Me må snakke om fellesskapen, om «landsbyen», om tryggleik og om verdigheit for dei som treng fellesskapet mest.
Kjære landsstyre,
Stemninga i partiet er god fordi me veit kva me kjempar for.
Me kjempar for lokalsamfunna. Me kjempar for dei mjuke verdiane alt anna er tufta på. Me kjempar for nærleik mellom folk og tenester. Og me kjempar for eit samfunn der ingen må stå åleine.
Og folkens: Me har politikken. Me har folka. Og ikkje minst, me har laget.
Eg gler meg til valkamp.