Sentrumsalternativet i norsk politikk er daudt

definera seg sjølv, til det beste for fellesskap, forvaltning og folkestyre
Senterpartiet skal igjen vera den grøne krafta i norsk politikk, og kan ikkje kvila i sentrum og venta på å skulle ta stilling til andre parti sine utspel. I ein høgre-venstreakse risikerer Senterpartiet å bli irrelevante eller å slitast i bitar. Løysninga er eit Senterparti som står støtt i sitt eige politiske grunnsyn.
Det er lite som foreinar dei såkalla «sentrumspartia» i Noreg i dag, og slik stoda er no ser me heller ikkje sentrum som eit aktuelt alternativ. Venstre har bunde seg til EU og ein særs liberal ruspolitikk. MdG køyrer i tillegg ein klimapolitikk som vil utradere norske distrikt. KrF har ein verdikonservativ familiepolitikk som vil ta likestillinga 50 år tilbake. Senterpartiet må derfor, som me gjorde før 2021, visa at me er ei eiga kraft, og løfta oss opp frå høgre-venstre-aksen i norsk politikk. Det er viktigare enn nokon gong å løfta folkestyret, internasjonal solidaritet, matberedskap og små forskjellar mellom folk.
Senterpartiet er det grøne jamstillingsalternativet i norsk politikk. Me jobbar for meir mellomstatleg samarbeid, aktivt norsk landbruk, kvinnehelse, desentralisering, ein praktisk, grøn klimapolitikk, styring av marknadskreftene, norsk kontroll over kraftpolitikken, forvaltning av naturressursane, god kommuneøkonomi og geografisk, sosial og økonomisk utjamning. Noreg må samarbeida med Europa og med verda, men me må gjera det som ein eigen, folkestyrt nasjonalstat. Kontrastane til både høgresida og venstresida er store.
Senterkvinnene er ikkje i tvil: Noreg treng eit sterkt og samla Senterparti som klarar å definera seg sjølv, til det beste for fellesskap, forvaltning og folkestyre