Meny
barn-barnehage-24025632277_3ab60fbaba_o

Støtte til Ukraina 

Resolusjon vedtatt på Senterkvinnenes landsmøte 2022

Senterkvinnene fordømmer Russland sitt angrep på og invasjon av Ukraina. Russlands folkerettsstridige krig er ei forbrytelse mot det ukrainske folket sin suverenitet, sjølvstende og fridom. Landsmøtet i Senterkvinnene står solidarisk med det ukrainske folket i si fordømming av det russiske angrepet på Ukraina.

Millionar er på flukt, dei fleste av desse er kvinner og barn. Dei er i ein prekær, sårbar situasjon. FN rapporterer om at både kvinner og barn som har flykta frå krigen, har blitt ofre for menneskehandel. Folk med vonde hensikter har utnytta kaoset, og sårbare barn og vaksne har blitt utsett for overgrep og fryktes utsett for prostitusjon og organhandel, ifølge FN. Barn har forsvunne i kaoset på grense- og togstasjonane. Det er naudsynt med eit storstilt internasjonalt arbeid for å sikra at flyktningane vert registrerte og ført i tryggheit, slik at ein kan motverka menneskehandling.  

Noreg har ei sjølvsagt plikt til å gje hjelp og støtte til Ukraina, med humanitær hjelp og bistand, og ved å ta imot flyktningar. Landsmøtet i Senterkvinnene er glade for regjeringa sitt vedtak om kollektivt vern for ukrainske krigsflyktningar, og har tru på at lokale og nasjonale styresmakter saman skal klara å sikra at dei ukrainske flyktningane vert godt teke imot og ivareteke. Senterkvinnene støtter at det skal etablerast «luftbru» frå Moldova til Noreg for flyktningane – det er eit heilt naudsynt tiltak for å sikra at flyktningane kjem ut, men og for å sikra at Moldova ikkje kollapsar. Kommunane er ansvarlege for integrering av alle flyktningar som kjem til Noreg. Kommunane må sikrast tilstrekkeleg finansiering av ekstrakostnader knytt til busetting av dei ukrainske flyktningane. 

Noreg er ein del av dei harde økonomiske sanksjonane som det internasjonale samfunnet har sett i verk. Senterkvinnene stør desse sanksjonane og meiner det også er viktig at det norske oljefondet trekkjer seg ut av Russland.  

Landsmøtet i Senterkvinnene understrekar at norsk fred, tryggjing og framhald av folkestyre  best vert ivareteke gjennom eit føreseieleg internasjonalt samarbeid tufta på folkeretten. Samarbeidet med våre allierte i NATO er, saman med eit sterkt forankra nordisk utanriks- og tryggjingspolitisk samarbeid, fundamentet for vår militære sikkerheit. Senterkvinnene meiner det hastar med å styrka vårt nasjonale forsvar og forbetra vår eigen forsvarsevne. Vår sivile beredskap treng også eit vesentleg løft. Det gjeld både beredskap gjennom auka matproduksjon, god energisikkerheit og forsvar mot digitale trugsmål og cyberangrep.