Meny
Bli medlem

Tenka globalt, handla lokalt - miljødagen 5. juni

Publisert: 03.03.2021

Rogaland Senterkvinner har i år teke initiativ til strandrydding i Stavanger på miljødagen. Dei har fått med seg nesten alle kvinnepartia i Rogaland på aksjonen. Under fana «Kvinnene rydder opp» skal strandryddarar i alle partifargar gjera felles innsats for eit enda litt reinare lokalmiljø.

Tysdag 5. juni er det verdas miljødag. Senterrørsla har lang tradisjon for å bruka dagen til å kombinera arbeidet for eit betre miljø på kloden med lokalt engasjement.

 

Like viktig som dei store, globale tiltaka er dei små og lokale. Difor bruker lokallag i heile senterrørsla gjerne miljødagen, eller ein laurdag i nærleiken av miljødagen, til å driva opplysningsarbeid om berekraftsmåla, arrangera turar til utfartsmål i kommunen, samla inn pengar til solidaritetsprosjekt, dela ut kortreist mat, oppmoda til matauk eller samla lokale krefter til debatt om korleis lokalsamfunnet kan bli enda betre.

 

Rogaland Senterkvinner har i år teke initiativ til strandrydding i Stavanger på miljødagen. Dei har fått med seg nesten alle kvinnepartia i Rogaland på aksjonen. Under fana «Kvinnene rydder opp» skal strandryddarar i alle partifargar gjera felles innsats for eit enda litt reinare lokalmiljø.

 

«I staden for store ord, finn me fram hanskar og søppelsekker», seier nyvald leiar i Rogaland Senterkvinner, Arnhild Skretting.  Utgangspunktet for aksjonen er både eit ynskje om å gjera noko praktisk som kan koma innbyggarane til gode og tanken om at innsats lokalt er ein innsats for kloden. «Berekraftsmåla til FN seier mellom anna at verdssamfunnet skal arbeida for å sikra både livet på land og livet under vatnet. Så kva er vel meir naturleg enn strandrydding?». Skretting understreker at sjølv om det er kvinnene som står bak initiativet, får sjølvsagt både barn og menn lov til å vera med!

Denne artikkelen ble først publisert 31.05.2018

Relaterte saker

Bli med og bekjemp plastforurensing på Verdens Miljødag 5. juni

Årets tema for FN sin internasjonale miljødag er «Bekjemp plastforurensning».