Trygge fødetilbod i HEILE landet
Senterkvinnene er djupt uroa over den gradvise nedbygginga av føde- og barseltilbodet i Noreg. I store delar av landet har kvinner i dag eit dårlegare og meir utrygt tilbod enn tidlegare. Fødeavdelingar blir lagde ned, fødestover blir stengde, barseltilbod blir reduserte, og følgjetenesta er mange stader mangelfull eller fråverande. Dette skjer samstundes som styresmaktene etterlyser fleire fødslar og diskuterer kva som skal til for at kvinner skal få fleire barn.
Senterkvinnene meiner at svaret på kvifor det blir fødd færre barn i Noreg ikkje berre ligg i økonomiske ordningar og familiepolitikk. Tryggleik i svangerskap, fødsel og barseltid er ein grunnleggjande føresetnad for at kvinner skal våge å få barn. Når avstandane til fødetilbod aukar, når kvinner må reise langt før termin, eller risikerer å føde under transport, svekkjer det tilliten til helsetenesta og tryggleiken for familien.
I dag ser vi at kvinner i distrikta må leve med ei utryggheit som ikkje er akseptabel i eit land som Noreg. Lange avstandar, vêrutsette vegar, ferjesamband og sårbar beredskap gjer at reisa til fødeavdeling kan bli både uforutsigbar og farleg. Samstundes blir ressursar bundne opp i unødig seleksjon og sentralisering. Kvinner kan bli sende til sjukehus langt unna heimstaden, sjølv når dei bur nær eit lokalt sjukehus, fordi tilbod blir lagde ned eller funksjonar blir flytta. Dette tek kapasitet frå lokalsjukehusa og skaper unødig belastning for den gravide.
Senterkvinnene meiner det er eit paradoks at regelverket for dyrevelferd på fleire område stiller strengare krav til tilsyn og beredskap rundt fødsel hos dyr enn det som i praksis blir tilbydd fødekvinner i Noreg i dag. Kvinner i ein av livets mest sårbare fasar må kunne forvente minst like god tryggleik.
Jordmødrer og fagmiljø melder om aukande utfordringar knytt til lange reiseavstandar, fleire transportfødslar, komplikasjonar etter fødsel, ammeproblem og psykiske belastningar i barseltida. Samstundes ser vi framvekst av private tilbod og uformell oppfølging, fordi det offentlege tilbodet ikkje opplevast som tilstrekkeleg. Dette er ei utvikling som ikkje kan halde fram.
Eit trygt og desentralisert fødetilbod er òg avgjerande for busetjing, rekruttering og framtidstru i distrikta. Når fødetilbod forsvinn, svekkjer det grunnlaget for å bu og arbeide i heile landet. Dette rammar kvinner særleg hardt.
Senterkvinnene sitt landsmøte slår fast at Noreg skal ha eit trygt, desentralisert og fagleg forsvarleg føde- og barseltilbod i heile landet. Følgjetenesta må styrkjast og vere tilgjengeleg der avstandar og beredskap krev det. Rekrutteringsutfordringar kan ikkje brukast som grunngjeving for varig nedbygging av grunnleggjande helsetenester. Styresmaktene må ta ansvar for å sikre bemanning, kompetanse og stabile fagmiljø.
Senterkvinnene krev at:
- Føde- og barseltilbodet skal styrkjast og oppretthaldast i heile landet, slik at kvinner har tilgang til eit trygt tilbod nær der dei bur.
- Følgjetenesta må vere landsdekkjande, fagleg forsvarleg og tilpassa geografien, slik at ingen kvinner må føde utan kvalifisert hjelp under transport.
- Nedlegging av fødestover og svekking av lokalsjukehus ikkje skal gjennomførast utan at eit like trygt og reelt tilbod er på plass.
- Helseføretaka må få tydeleg ansvar for aktiv og langsiktig rekruttering av jordmødrer og fødepersonell, inkludert bruk av alternative turnusar, desentraliserte ordningar og særskilde rekrutteringstiltak i distrikta.
- Seleksjon og sentralisering må avgrensast til det som er medisinsk nødvendig, slik at ressursane i lokalsjukehusa blir brukte og kvinner slepp unødvendig lange reiser.
- Barseltilbodet må styrkjast, slik at kvinner og familiar får forsvarleg oppfølging etter fødsel.
- Nasjonale styresmakter må erkjenne at trygge svangerskaps-, føde- og barseltenester er ein viktig del av politikken for å auke fødselstala i Noreg.
Senterkvinnene sitt landsmøte slår fast:
Skal vi få fleire barn i Noreg, må kvinner vere trygge på at dei får føde trygt – uansett kvar i landet dei bur.