Gå til hovedinnhold

Valdtekt av barn må straffast

Gul rose

Senterkvinnene ber innstendig om at justisdepartementet startar arbeidet med å rette opp lovverket, så norske barn får det rettsvernet dei skal ha.

Senterkvinnene blei særs opprørte då vi blei kjende med at ei berusa jente under 18 år var blitt valdteken og filma utan at gjerningsmennene ble dømt for det, fordi straffelova bygger på en feil oversetting av «Europarådets konvensjon om beskyttelse av barn mot seksuell utnytting og seksuelt misbruk».

Det engelske omgrepet «situation» kan omsetjast på to måtar på norsk: situasjon (enkelthending) eller livssituasjon (heilskapleg situasjon). I oversettinga til norsk har ein vald å bruka den sistnemnde termen. Konsekvensen er grusom og paradoksal: norske barn får ikkje det vernet dei etter internasjonal lov skulle hatt. At jenta var under 18 år skulle etter lovverket vera skjerpande omstende. Korkje ting- eller lagmannsrettene var i tvil om at ho ikkje var i stand til å samtykke til sex. Likevel blei dei to mennene frikjende for valdtektsanklagene - fordi jenta sin livssituasjon ikkje var dårleg i forkant av valdtektene.

Senterkvinnene ber innstendig om at justisdepartementet startar arbeidet med å rette opp lovverket, så norske barn får det rettsvernet dei skal ha. Vi treng ein grundig og god gjennomgang av denne paragrafen raskt, slik at alle barn kan ha nødvendig rettstryggleik.

Hurdalserklæringa seier regjeringa vil greie ut korleis det kan innførast ei endring i straffelova slik at ordlyden speglar at seksuell omgang utan samtykke er forbydd og definert som valdtekt for alle aldersgrupper. Senterkvinnene er glade for dette.