Resolusjon vedtatt på Senterkvinnenes landsmøte 17.mars 2024:
1. mars 2024 vart regjeringa si helse-og samhandlingsplan presentert. Vi fekk bl.a. lovnader om at det nå skal bli slutt på fragmenterte tenester for gravide kvinner og at regjeringa anerkjenner at det ikkje har blitt tatt tilstrekkeleg omsyn til skilnader mellom kjønna i helse- og omsorgtenesta, forsking eller utdanning.
Senterkvinnene har i mange år venta på at kvinnehelse skal bli tatt på alvor. Nå skal vi få sjå ein eigen strategi for kvinnehelse! Vi treng meir kunnskap om kvinners helse, gjennom heile livsløpet. Det er på tide å fylle kunnskapshola som eksisterer rundt sjukdommar og helseutfordringar som rammar kvinner. Kunnskapsmangelen rundt kvinnehelse er ei likestillings- og folkehelseutfordring som rammar heile Noreg.
Senterkvinnene er opptatt av at satsinga skal vera framtidsretta. Med kunstig intelligens (KI) kan vi i dag gjera mykje kjappare vurderingar i helsevesenet enn tidlegare. Dette er ein teknologi det er viktig å utvikla. Derfor vil vi legga inn kvalitetskrav på mangfald i helseinformasjonen slik KI blir lært opp på. Det må bli slutt på at kvinner må venta lengre på svar på utgreiingar eller bli avvist i helsevesenet på grunn av manglande kunnskap hos behandlar.
Derfor vil Senterkvinnene at:
- Senterpartiet skal støtta kvinnehelseutvalet si anbefaling om å bruka minst ein milliard kroner på kvinnehelse og at denne satsinga må fortsetta over tid
- sjukdommar og livsfaser som spesielt rammar kvinner må bli tatt på alvor og HPVvaksinen må bli tilgjengeleg for alle
- bevilgningar til kvinnehelseforsking og teknologiutvikling (KI) som skal ivareta kvinner må aukast
- eit godt føde- og barseltibod må prioriterast med tilstrekkelege finanisieringar og nå bli samanhengande og heilskaplege gjennom svangerskap, fødsel og barseltid i heile landet