Fylka må få halde fram med å velja inntaksmodell
Uttale vedteke av landsstyret i Senterkvinnene 13.februar 2021. Det er ein del av lokaldemokratiet at fylka sjølv veljar modell for inntak til vidaregåande skuler.
Regjeringa har kome med framlegg om at fylker skal innføre «fritt skuleval». Dette inneber at det er elvane sine karakterar og berre dette som skal liggje til grunn for inntak i vidaregåande skule.
I dag står fylka fritt til sjølv å velje kva inntaksmodell. Det kan vere inntak på grunnlag av karakterar, og kalla «fritt skuleval», inntak på grunnlag av karakterar i inndela inntaksområde eller nærskuleprinsippet. Fylka har soleis høve til å vektleggje faktorar som elevars reiseveg, behov for arbeidskraft og økonomiske forhold der dei mellom anna kan ta omsyn til skysstilbodet.
Framlegg om å lovfeste elvars rett til fritt skuleval er no ute på høyring. Det er opna for at fylka kan lage eigne inntaksregionar dersom dette kan grunngjevast med store avstandar eller vanskelege trafikktilhøve, men fylket må syte for at det er minst to skular med same utdanningsprogram i regionen å velje mellom for å sikre elvanes rett til «fritt skuleval».
Fylka har fram til no hatt råderett over korleis dei har vald å organisa det vidaregåande tilbodet og kva som skal vektleggjast når dei vedtar skulestruktur. Dette er ein del av lokaldemokratiet.
Innføring av regionreforma skulle sikre auka lokaldemokrati. Dette er det motsette.
Senterkvinnene vil at fylka framleis skal ha høve til å velje kva inntaksmodellar dei vil velje og korleis dei vi organisere skulestrukturen for å ivareta alle elevars rett til ei god vidaregåande utdanning.