Gå til hovedinnhold

Hets og sjikane er eit angrep på demokratiet

52833030740_b57098f6f9_o_pe
Sjikane, trakassering og hatefulle ytringar skal ikkje vere prisen nokon må betale for å engasjere seg i politikk og samfunnsliv.

Eit levande demokrati krev at folk kan ytre meiningane sine og delta i det offentlege ordskiftet utan frykt for hets, truslar og personangrep. Ein skal tole politisk usemje, kritiske spørsmål og skarpe debattar – men ingen skal måtte tole sjikane, truslar eller nedverdigande behandling.

Hets skjer ikkje berre på sosiale medium, men òg i politiske møte, på arbeidsplassar, i organisasjonslivet og i kvardagen. Altfor ofte blir menneske angripne for kven dei er, kor dei kjem frå, kva dei trur på, korleis dei ser ut eller kven dei elskar – i staden for det dei meiner og arbeider for.

Når det kostar for mykje personleg å ytre seg, blir samfunnsdebatten fattigare. Engasjerte menneske med viktige røyster kan velje å teie, og det svekkjer deltakinga i politikk og organisasjonsliv.

Senterkvinnene krev at:

  • politiske parti, offentlege verksemder og organisasjonar tek eit tydeleg oppgjer med hets, trakassering, rasisme, diskriminering og hatefulle ytringar
  • politiske parti har gode rutinar for å førebyggje og følgje opp personar som blir råka
  • medium og digitale plattformer tek større ansvar for moderering og rask handtering av hatefulle og truande innhald
  • folkevalde, leiarar og tillitsvalde slår ned på personangrep og nedlatande haldningar – også mot politiske motstandarar
  • arbeidet mot hatkriminalitet og minoritetsretta hets blir styrkt, og at fleire med ulik bakgrunn blir rekrutterte til politikk og organisasjonsliv gjennom trygge møteplassar og aktiv støtte

Hets og sjikane er ikkje berre eit problem for den som blir råka, men eit åtak på eit ope og inkluderande demokrati. Demokratiet treng fleire som tek ordet – ikkje fleire som blir tause.