Gå til hovedinnhold

Kvinner er halve befolkinga – no må helsepolitikken reflektere det

2022 Høygravid dame viser magen
Kvinnehelse handlar om heile livet, ikkje berre om menstruasjon, forplanting, svangerskap og fødsel. Det handlar om kvardagen, om fysisk og psykisk helse gjennom alle livsfasar. Det handlar om sjukdommar og helsetilstandar som berre rammar kvinner, som rammar kvinner oftare, eller som kan gi andre symptom og krevje anna behandling hos kvinner enn hos menn.

 Kvinner er halvparten av befolkinga, men kvinnehelse har altfor ofte blitt behandla som eit «særtema» – noko som kjem i tillegg når alt anna er på plass. Slik kan vi ikkje ha det. Kvinnehelse må vere ein sjølvsagd og integrert del av forsking, utdanning, førebygging, diagnostikk, behandling og utforming av helsetenestene.

For i altfor lang tid har kunnskap, forsking, diagnostikk og behandling i for stor grad vore utvikla med mannen som standard og kvinners helse har fått lite plass i medisinsk forsking, i helseutdanningane og i utviklinga av helsetenestene. Det fører til at kvinner alt for ofte kan få svar for seint, feil diagnose, feil behandling, unødvendige smerter eller redusert livskvalitet.

Mange fine ord har blitt sagt om kvinnehelse siste åra men kvinnehelse må inn i prioriteringane og inn i budsjetta, ikkje berre i festtalar. Vi treng eit varig løft for forsking, kompetanse og tenester, slik at kvinner får likeverdig hjelp når dei treng det. Kvinner er halve befolkinga. Det er på tide at helsepolitikken reflekterer det.

Senterkvinnene krev:

  • at kvinnehelse blir integrert i all relevant medisinsk forsking, helseutdanning og utvikling av helsetenester

  • at kjønnsperspektiv blir lagt til grunn i nasjonale faglege retningslinjer, diagnostikk, behandling og prioriteringar i helsevesenet

  • betre kunnskap om kvinnehelse i grunnutdanningane og vidareutdanningane for helsepersonell

  • at ein følger opp kvinnehelsestrategien med en varig og forpliktende kvinnehelsesatsing herunder styrket forskning på sykdommer og helsetilstander som rammer kvinner, og som tek omsyn til at kvinnekroppen endrar seg gjennom heile livet.