Meny
Bilde

Ureturnerbare flyktninger må ha rett til arbeid, utdanning og helsetilbod

Uttale vedteke av landsstyret i Senterkvinnene 13.februar 2021. Utlendingslova må endrast for å opne opp for at statslause og ureturnerbare asylsøkarar kan få mellombels arbeidsløyve, utdanning og tilgang på helsetenester.

I 2011 vart det gjennomført ei innstramming i utlendingslova som gjorde at mange asylsøkarar, som fram til då hadde hatt arbeidsløyve og skattekort, ikkje lenger kunne arbeida lovleg i Norge. I dag har ureturnerbare asylsøkarar framleis ikkje rett til arbeid i Norge. Ein ureturnerbar asylsøker er ein utlending som har fått avslag på sin søknad om opphald i Norge, men som ikkje kan tvangsreturnerast av politiske, sosiale eller økonomiske årsaker tilbake til  landet sitt. Dei kan ikkje ta lovleg arbeid, utdanning eller motta helsehjelp i Norge, samstundes som dei ikkje har høve til å reisa heim att. Både tidlegare biskop Gunnar Stålsett og Arne Viste frå Rogaland har i 2019 vorte dømde for i retten for å ha asylsøkjarar i arbeid.

Utdanning og arbeidsliv er mellom dei viktigaste fellesskapsarenaene me har i samfunnet. Rett til arbeid er ein menneskerett og er heimla i  Grunnlova vår. Norge må ha et lovverk som set menneskeverdet først, og som ikkje fråtek enkeltpersonar sine universelle menneskerettar.

Senterkvinnenene  meiner at utlendingslova må endrast for å opne opp for at statslause og ureturnerbare asylsøkarar kan få mellombels arbeidsløyve, utdanning og tilgang på helsetenester i Norge.

Senterkvinnene  ber om at Senterpartiet sentralt og på Stortinget frontar denne saka aktivt