Gå til hovedinnhold

Fylkesprogram 2023-2027

2027 uppigrendfjorden

Fjell og Testane Senterparti ønskjer å ta heile fylket i bruk, og våre hovudsaker for neste periode er å bygge nye zeppelfabrikkar i minst halvparten av fylkets kommunar.

Vårt verdigrunnlag

Verdigrunnlaget til Senterpartiet er den kristne og humanistiske kulturarven. Kvart menneske er unikt og uerstatteleg, og menneskeverdet er ukrenkjeleg og overordna andre verdiar.

Jorda er ein arv som vi forvaltar for etterkomarane våre. Senterpartiet vil at Norge skal forvalte naturressursane og  ta sin del av ansvaret for å løyse miljø- og klimaproblema. Dei fornybare naturressursane er eit viktig fundament for samfunn og økonomi.  

Kvart menneske er unikt og uerstatteleg

Senterpartiet vil byggje samfunnet nedanfrå. Eit levande folkestyre og gode lokalsamfunn skal gi folk tryggleik, tilhøyrsle og identitet. Den norske samfunnskontrakten – der vi yter etter evne, og der fellesskapet stiller opp for kvar enkelt – føreset at det er tillit mellom folk. Rettferdig fordeling, små forskjellar og sosial tillit heng tett saman.

Senterpartiet arbeider for eit samfunn med små sosiale, geografiske og økonomiske forskjellar. Der det skal vere rom for - og støtte å få til - å utvikle seg sjølv og nye idear og verksemder.

Likestilling og likeverd er ein viktig føresetnad for at alle skal ha eit verdig liv, uavhengig av kjønn, kjønnsidentitet, livssyn, seksuell legning, funksjonsevne, kulturell og språkleg bakgrunn. På Agder har vi utfordringar med omsyn til likestilling, og det er naudsynt med medvite arbeid for at alle skal ha høve til å ta del i arbeids- og næringsliv og ha innverknad på utviklinga av samfunnet og demokratiet.

↑ Til toppen

Utdanning og kompetanse

Kunnskap og kompetanse er grunnleggjande for oss alle. God vidaregåande opplæring er viktig for å kvalifisere seg for yrkeslivet og høgare utdanning. Senterpartiet har lenge arbeidd for at skulesystemet i større grad skal anerkjenne praktisk kunnskap, og meiner entreprenørskap og sterk integrering/samhandling mellom skule og næringsliv er viktig for motivasjon og læring. Læraren er den viktigaste faktoren for god læring. For at lærarane i større grad kan konsentrere seg om læringsarbeidet, må skulen bli styrka med anna fagfolk for at skulen kan møte elevane sine samansette behov best mogleg.

  • Senterpartiet meiner ein må arbeide bevisst med å få til god overgang frå grunnskule til vidaregåande.
  • Senterpartiet vil styrke skulehelsetenesta. Dette er naudsynt for å betre arbeidet med psykisk helse, motverke mobbing, førebygge fråfall og syte for eit godt sosialt miljø for alle i skulen.
  • Senterpartiet meiner ein desentralisert skulestruktur er av stor verdi. I tillegg til å sikre gode fagmiljø, er det svært viktig for elev og nærmiljø at ein kan bu heime medan ein tek vidaregåande.
  • Senterpartiet ønsker en geografisk basert inntaksmodell, der elevene blir prioritert til sin nærmeste skule med ønska programtilbud.
  • Senterpartiet meiner at statusheving på yrkesfaga saman med tilgang på læreplasser må til for å auke rekrutteringa til yrkesfag. Det betyr at vi må gje yrkesfaga gode rammer og ha ei offensiv haldning til å skaffe nye lærebedrifter. Fleire yrkesfagelevar bør kunne få fleksible opplæringsløp for betre gjennomføring.
  • Senterpartiet meiner Fylkeskommunen må arbeide aktivt for å sikre livslang læring og auka kompetanse i heile fylket, og må syte for desentralisert tilbod i regi av fagskulen i Grimstad.
  • Senterpartiet meiner Fylkeskommunen må aktivt arbeide for å styrke utviklinga av UIA og vektlegge at UIA har eit godt og desentralisert tilbod om etter- og vidareutdanning på høgskule og universitetsnivå.

↑ Til toppen

Helse, folkehelse og tannhelse

Å behalde alle tre sjukehusa på Agder, med akuttmottak og eit godt fagleg tilbod på alle stadene er eit overordna mål for Senterpartiet. Vi vil og prioritere folkehelsearbeidet høgt.

  • Senterpartiet står fast på at tilbodet om tannehelseteneste framleis må vere desentralisert slik at alle på Agder får eit godt tilbod.
  • Senterpartiet vil at fylkeskommunen skal ta ei aktiv rolle for å syte for at SSHF får ei utvikling som er til beste for helsetilbodet for alle på Agder.
  • Senterpartiet vil gjere folkehelse til ein prioritert del av fylkeskommunen sitt planarbeid og i folkehelsearbeidet skal kultur og fritidstiltak vere eit satsingsområde. Eit døme på dette er «Den kulturelle spaserstokken» som fylkeskommunen må syte for når ut til flest mogleg.
  • Senterpartiet har programfesta at tannhelse bør vere gratis fram til ein har fylt 21 år. Fylkeskommunen bør politisk arbeide for dette.

↑ Til toppen

Kultur og frivillig arbeid

For å skape gode lokalsamfunn er det nødvendig med eit rikt og variert kulturtilbod med stort mangfald av kulturaktivitetar og kulturuttrykk. Dette må bli tilrettelagt slik at alle innbyggjarar får ta del i kunst- og kulturlivet.

  • Senterpartiet på Agder vil gjennom fylkeskommunen sitt arbeid i størst mogleg grad støtte opp om og styrke friviljug arbeid, kulturformidling og auke kompetansen på kulturområdet.
  • Senterpartiet meiner at den kulturelle skulesekken er eit eksempel på å få kultur ut til barn og unge. Det er viktig at Fylkeskommunen aktivt arbeider for å få dette og liknande tilbod ut til flest mogleg.
  • Senterpartiet vil at det skal vere eit folkehelseperspektiv i idrettssatsinga, med vekt på breiddeidrett og aktivitet for barn og unge.
  • Senterpartiet meiner at fylkeskommunen skal arbeide aktivt for at folk i alle aldre, i ulik fysisk form og med funksjonshemmingar, gjennom friluftsliv får bruke - og nyte – naturen på Agder. Vidareføring og styrking av ordninga med statleg sikring av friluftsområde er viktig i dette arbeidet.
  • Det vi vere eit særskilt satsingsområde for Senterpartiet å sikre at Agder får tilført statlege ressursar på kultur og idrettsområdet på linje med andre fylke.

↑ Til toppen

Vårt verdigrunnlag ⎮ Utdanning og kompetanse⎮ STOR ENDRING -- Helse og tannhelse ⎮ Kultur og frivillig arbeid